Abrahamsapokalypsen
Martyrane – som i Gaza og Israel no –?er vitne om dei siste tider. Jødisk, kristen og islamsk endetidslære har dei same mørke kjeldene og difor særs mykje sams.
Predikanten Ustadh Wahaj Tarin om «Mahdi, Antikrist og Jesus» på kanalen iLovUAllah som har 2,5 millionar fylgjarar (skjermdump).
Så heftig og global endetidsforkynning som i haust har det kan henda ikkje vore sidan 1967 og den tredje krigen mellom Israel og arabarstatar, kjend som seksdagarskrigen. Evangeliske kristne høyrer me frå no òg, i lag med høgortodokse israelarar, men dei som denne gongen når flest med apokalyptiske undergangsprofetiar, no via verdsveven, er muslimske predikantar.
Stikkprøver frå stader eg har vitja og kan setja i samanheng – Doha i Qatar og Sandnes i Rogaland, Gamlebyen i Jerusalem og Kuala Lumpur i Malaysia –?syner at Hamas–Israel-krigen vert lesen inn i eit religiøst harmageddon der dødstala på Gaza vert dropar i blodhavet.
Endetidslære
Endetidslære, kva er det? For ein kultur er ho like viktig som opphavssoga. Sekulære held seg med slikt, dei òg. Då er opphavssoga darwinisme og endetidssoga ei global oppvarming der kloden til slutt står i brann –?nett som siste fase i jødisk, kristen og islamsk endetidslære. Dei tre har så mykje sams at me kan kalla dei Abrahamsapokalypsen, som lesaren ikkje skal forveksla med den USA-initierte Abrahamsavtalen, sjølv om radikale religiøse ser avtalen som eit endetidsteikn.
Likskapen mellom jødisk, kristen og islamsk endetidslære er ikkje tilfeldig, men går djupt. Dei litterære kjeldene er apokalyptiske profetbøker i Den hebraiske bibelen (Tanakh, GT), Johannes’ openberring i Den kristne bibelen (NT) og syrisk-arabiske versjonar og tillegg i Koranen og hadithane.
Hovudhendingane er dei same: Messias, krig, oppstode, dom og dobbel utgang (paradis eller jahannam, himmel eller helvete). Dei kulturreligiøse tolkar undergangsprofetiane allegorisk, dei bokstavtru les dei bokstavleg. Dei sistnemnde er flest. Det er dei som vert martyrar og krigarar. Her skal det ikkje handla om kva dei lærde drøftar, men om kva folk trur. Ein teolog som forstår harmageddon metaforisk, skriv i fagtidsskrift. Religiøst lærde som vert kjende for forsoningsarbeid, finn gjerne ei bokstavleg endetidstru smaklaus. Men ein predikant som forstår harmageddon bokstaveleg, kan ha fleire millionar YouTube-sjåarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.