Helse

Antibiotikajakta

Innan 2050 kan antibiotikaresistente bakteriar drepa like mange menneske som kreft. No jaktar forskarane nye antibiotikum.

Stadig fleire bakteriar er i ferd med å utvikla motstandskraft mot antibiotikum. Kva er det som skjer?
Stadig fleire bakteriar er i ferd med å utvikla motstandskraft mot antibiotikum. Kva er det som skjer?
Publisert Sist oppdatert

Då amerikanske soldatar gjekk i land på Ohama Beach på D-dagen, 6. juni 1944, tok dei ikkje berre med seg freden og fridommen til Europa. Dei tok også med seg ein mirakelkur mot bakterieinfeksjonar. Dei hadde med seg penicillin.

Penicillin var det første såkalla antibiotikumet i verda, eit legemiddel som drap bakteriar og slik redda menneske frå bakterieinfeksjonar. Før krigen tok slike infeksjonar fleire menneskeliv enn nokon annan sjukdom. Med penicillin kunne ein stansa infeksjonane og gjera menneske friske igjen: Der tyske soldatar låg i månadsvis på lasarettet etter sjølv lette infeksjonar, trong amerikanske soldatar berre ei sprøyte i armen for å kunna slåst vidare. Penicillinet var ein stor propagandasiger.

Penicillin og antibiotikum forandra verda. Barnedødstala stupte, sjukdommar som før hadde vore døyelege, var brått lette å lækja. Helsevesenet forandra seg for alltid. Med antibiotikum på resepten kunne legane gjennomføra stadig dristigare operasjonar: Lunge- og hjartetransplantasjonar vart mogleg, implantat kunne erstatta øydelagde bein, skuldrer og armar. Faren for postoperative infeksjonar stupte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement