Arbeidarlekkasjen
Klarer Noreg seg utan arbeidsinnvandringa? No er det nemleg like mange polakkar som reiser attende, som dei som kjem til Noreg.
Kva gjer norske byggjeplassar når polakkane reiser?
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Ein regnblaut morgon i 2012 vaknar eg av eit plask og nokon som ropar i stova over meg. Eg spring opp for å sjå, og vert møtt av ei stor raud bøtte midt på stovebordet. Mor mi spring og tørkar opp vatn så fort ho kan. Delar av generasjonsbustaden vi bur i, er over hundre år gammal og må ha nytt tak. No tek det inn vatn.
– Flytt deg, ropar mor mi og spring forbi meg for å tømme bøtta.
Vi har heldigvis byggjearbeidarar på plass. Huset er nesten heilt ramma inn av stillas, arbeidarane står i fleire høgder og skiftar ut bordkledningen. Det vert kommunisert på ei febrilsk blanding av norsk, engelsk og handrørsler medan vatnet dryp.
Men, tenkjer eg, medan eg står i Oslo i 2019 og ser på ei gravemaskin rett over vegen for husværet mitt. Hadde vi oppdaga vasskaden i år i staden, ville det kanskje gått endå verre. For no reiser færre polske arbeidarar til Noreg. Faktisk er det like mange som reiser til Polen att, melde Fafo i ei undersøking førre veke. Og LO uttrykte uro for at arbeidsinnvandringa har gjort nordmenn for late, på årets Fafo-konferanse. Bygg- og anleggsnæringa i Noreg manglar 14.300 arbeidarar, melder Nav.
Då eg voks opp, i ei lita bygd med under 500 innbyggjarar, tulla ein med at det snart budde fleire arbeidsinnvandrarar enn innfødde i bygda.
Men i Polen har lønene auka etter at landet vart med i EU, melder Forskning.no. Landet har fått det same problemet som Noreg, dei treng arbeidskraft til byggjeverksemdene sine. Og ifølgje ei polsk spørjeundersøking i 2018 melde 90 prosent av dei spurde at dei ikkje var interesserte i å søkje jobb i utlandet. Så korleis skal ein då få rekruttert meir arbeidskraft til norske byggjeplassar? Skal ein leite ein annan stad etter å leige inn arbeidskraft, eller skal ein utdanne fleire norske ungdommar til bygningsarbeidarar?
Men så enkelt er det ikkje. I februar melde NRK at Noreg òg manglar lærlingar. Sjølv om fleire søkte seg til yrkesfag i 2018, er det ikkje nok ungdom som vil ha eit slikt yrke. Og det er kanskje ikkje så rart, når Fafo-forskarar meiner at arbeidsinnvandringa har endra styrkeforholdet mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i byggjenæringa. Attåt har yrkesfag òg lenge hatt lågare status enn studiespesialisering. Eg tenkjer på då eg sjølv skulle velje utdanningslaup på vidaregåande.
– Du skal vel velje allmennfag, spurde far min.
Men Noreg kan ikkje dekkje behovet for arbeidskraft dei neste åra dersom alle skal ta studiespesialisering. Tidlegare i år vart òg reglane for innleigd arbeidskraft stramma inn. Når ein i tillegg kan få studiekompetanse sjølv om ein har fagbrev, kvifor er det då så vanskeleg å motivere ungdommen til å verte handverkarar?
Medan eg står og kikar på byggjeplassen over vegen, er det godt å vite at taket på generasjonsbustaden no er tett. Men den som arvar det over hundre år gamle småbrukshuset, bør håpe på at Noreg har fått bukt med arbeidarmangelen før neste lekkasje.
Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Polen har fått det same problemet som Noreg, dei treng arbeidskraft til byggjeverksemdene sine.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.