Økonomi
Året då alt vart dyrare
Det er ikkje enkelt å treffa med rentereduksjonar og -hevingar. Sentralbankane har det med å gå for langt.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og direktør for pengepolitikk Ole Christian Bech-Moen på ein pressekonferanse i juni der dei gjorde greie for komiteens renteavgjerd. Likevel sette ikkje Noregs Bank opp renta før 22. september 2021, og då med 0,25 prosent. No har Noregs Bank fått hastverk.
Foto: Heiko Junge / NTB
Lat oss vera hypotetiske. Og nei, dette er ikkje eit argument for at Noregs Bank skal mista det frie mandatet til å setja renta, det er berre ei øving: Vi tenkjer oss ein situasjon der det er statsministeren i samarbeid med Finansdepartementet og Noregs Bank som koordinerer både finanspolitikken – løyvingar og innstramingar over statsbudsjettet – og renta.
Vi går inn i mars 2020, når dei økonomiske tiltaka mot covid-19-pandemien vert diskutert: Det overordna tiltaket er få flest mogleg menneske til å halda seg heime. Det vert gjort gjennom de facto å stengja ei rekkje verksemder, særleg dei som tilbyr tenester andlet til andlet, frisørar, treningssenter, hotell og kafear. Regjeringa vedtek samstundes særs rause stønadsordningar, både for tilsette og eigarar. Vi snakkar om fleire hundre milliardar nye kroner som vert pumpa inn i økonomien.
Meir på konto
Resultatet er alle som er til stades på møtet, samde om: Dette vil føra til massivt med nye innskot på bankkontoar. Når grensene, kafeane, barane og treningssentera er stengde, har ikkje folk høve til å nytta på langt nær så mykje pengar som før. Men sidan folk veit at privatøkonomien er trygg, får vi ikkje økonomisk uro på toppen av otta for viruset.
Ingen vil vel etter eit vedtak om å gje nordmenn så mykje meir pengar, samstundes ha sagt at ei alt rekordlåg rente skulle setjast endå meir ned? Men det var det som hende i den verkelege verda, og Noregs Bank gjorde nett det same som dei andre sentralbankane i OECD, dei sette renta, som var på låge 1,5 prosent, ned til null.
Hadde pengar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.