Auge for auge

Hamas kallar det ei ære å døy martyrdøden. No kjem mange i Gaza til å få den æra.

Israelske hjelpearbeidarar fjernar lik frå den øydelagde politistasjonen i Sderot 11. oktober. Hamas-åtaket på Israel skal ha kosta kring 1200 israelarar livet.
Israelske hjelpearbeidarar fjernar lik frå den øydelagde politistasjonen i Sderot 11. oktober. Hamas-åtaket på Israel skal ha kosta kring 1200 israelarar livet.
Publisert

Åtaket frå Gaza sist laurdag kosta truleg kring 1200 liv i Israel, og i massakrane på sivile viste Hamas eit nytt nivå av bestialitet. Dei tok òg meir enn 100 gislar med seg til Gaza. Den israelske hemnen er i gang, og allereie er øydeleggingane i Gaza store. Dette er berre byrjinga på ein krig som kjem til å koste både Hamas og den palestinske sivilbefolkninga svært dyrt. Men kan denne rørsla eigentleg overvinnast militært?

Gjennom 50 år med organisasjonsbygging har Hamas blitt tett samanvoven med Gaza-samfunnet. For denne rørsla er det å halde ut i kamp mot overveldande overmakt ein siger i seg sjølv. I retorikken til Hamas – og i verdsbiletet til mange av tilhengarane – er det ei ære å døy for islam og Palestina. For å skjøne tragedien som spelar seg ut i Midtausten no, kjem vi ikkje utanom historia.

Idear frå Egypt

Hamas har mange røter, men den viktigaste er ein åndeleg inspirasjon frå Kairo. Gaza var under egyptisk okkupasjon frå 1948 til 1967. Palestinarane der kunne reise til Egypt for å studere eller arbeide, og under det sekulære Nasser-styret utvikla Gaza by seg i liberal retning. Kvinnene kunne gå i korte skjørt, og egyptarar reiste til Gaza for å handle taxfreevarer og nyte utelivet.

Frå Egypt kom òg intellektuelle impulsar. Somme palestinarar tok til seg nasjonalisme og sosialistiske idear. Andre lét seg inspirere av Den muslimske brorskapen, rørsla som egyptiske Hassan al-Banna grunnla i 1928. Brorskapen var i opposisjon til dei sekulære regima i den arabiske verda og arbeidde for eit styresett bygd på islam og tradisjonelle verdiar. Brorskapen har vore ei potent opposisjonsrørsle i fleire arabiske land.

Sjeik Yassin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement