Kommentar
Auka hemmeleghald
Per Borten tok kampen i eiga regjering for å innføre offentlegprinsippet i norsk forvaltning i 1967. Nå gjer justisministeren sitt beste for å undergrave det same prinsippet.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Kommentar
Fredag før palmesøndag sende justisminister Emilie Enger Mehl ut eit høyringsdokument som tek sikte på å skalke luker for å hindre innsyn i kva forvaltninga steller med. Hindre journalføring av såkalla «organinterne dokument». Framlegget snur ideen bak offentlegprinsippet på hovudet ved å argumentere for at forvaltninga treng vern mot innsyn.
Det er det motsette av det statsminister Per Borten kjempa for då han i 1967 varsla at han måtte ta dissens i eiga regjering, der han hadde alle mot seg då han ville innføre offentlegprinsippet i norsk forvaltning. Alle statsrådane, også dei frå same partiet, var imot.
«Hemnaksjon»?
Eg har god grunn til å tru at innstrammingsframlegga nå kjem som eit direkte resultat av innsynssaker Dag og Tid har hatt gåande mot Finansdepartementet og mot Justisdepartementet i løpet av det siste dryge året.
Begge sakene har vore til behandling hjå Sivilombodet, og saka mot Finansdepartementet som starta i februar 2022, har vore til behandling i to omgangar og er ennå ikkje avslutta. Den gjeld krav om innsyn i fullstendige dokumentlister i ei bestemt sak. Departementet nekta å gje innsyn, utarbeidde lister då Sivilombodet bad om det, men sette seg bestemt imot å gje Dag og Tid innsyn i listene. (Begge departementa er leia av Sp-politikarar.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.