Autoritære statar er ute etter å påverke det offentlege ordskiftet i Noreg. Samstundes har vi ikkje noko sentralt organ med ansvar for å hindre det.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka er Sverige­demokraterna, som er støtteparti for den sittande svenske regjeringa, og det nest største partiet i Riksdagen, i søkelyset på grunn av det partiets eiga informasjonsavdeling omtalte som ein trollfabrikk. TV4-programmet Kalla fakta avslørte at presseavdelinga til Sverigedemokraterna har drive omfattande og systematisk bruk av falske profilar i sosiale medium.

Partiet skal ha drive 23 kontoar på TikTok, Facebook, Instagram og YouTube under falskt namn. Desse kontoane hadde til saman 260.000 følgjarar, og innlegga som er blitt lagde ut derifrå, har til no hatt 27 millionar visningar. Då saka vart kjend, var svaret frå partileiar Jimmie Åkesson at pressa haussa opp saka, og at det på ingen måte hadde hendt noko han såg grunn til å ta avstand frå.

Så langt har ingen hevda at partiet har brote svensk lov. Det har heller ikkje blitt fremma påstandar om at det har vore utanlandsk medverknad i Sverigedemokraternas trollfabrikk. Men måten partiet har operert på, er eigna til å gjere stor skade på det offentlege ordskiftet, og til å gjere grøfta mellom dei som lar seg opprøre av avsløringane og dei som ikkje gjer det, djupare enn før.

Oligarkpengar

Det er godt kjent at både russisk og kinesisk etterretning har sterk interesse av å påverke det offentlege ordskiftet i Europa, og at begge er aktive med å gjere nettopp dette et i forkant av europaparlamentsvalet 6.–9. juni.

I april avslørte tsjekkisk etterretning det dei hevdar er ein storskala russisk påverknadskampanje. I sentrum stod nettavisa Voice of Europe, som skreiv om europeisk politikk og hadde base i Praha. Voice of Europe følgde den vanlege redaksjonelle profilen for russisk-kontrollerte nettmedium: Regulære nyhendesaker, som gir eit skin av normalitet, vart publiserte side om side med desinformasjon og propaganda. Nettstaden var knytt til den ukrainske oligarken Viktor Medvedtsjuk, som er ein sterk støttespelar for Putin, og som sidan 2022 har levd i eksil i Moskva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement