Snus var no vel det siste eg tenkte på då eg kvikna til på Ullevål sjukehus.
Noko som er litt av eit paradoks, for nett snus var faktisk det siste eg hadde tenkt på før eg sovna (kona ringde 113 då venstrehanda mi bomma gong på gong på boksen med laus General, men det er ei anna soge).
– Har du prøvd slik nikotinfri snus, spurde ei velmeinande kvinne som var på visitt.
– Slikt har dei sikkert til og med her i Narvesen-kiosken på sjukehuset, meinte ho.
Nikotinfri snus, kva er vitsen med slik helsekost? Det fekk eg vel finna ut, no då eg atter var på beina.
Jaggu fanst slikt noko, servert i organiske bleier av plantefiber tilsett ørlite vatn, salt, E422, E504, E500 og aroma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.