JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Barna som blir borte

I mange år har det vore kjent at norske barn og unge mot sin vilje blir tekne med til heimlandet til foreldra. Barnevernet ber om kraftigare lut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norske styresmakter veit ikkje kor mange skulebarn som blir tekne ut av skulen og plasserte i utlandet av foreldre og føresette.

Norske styresmakter veit ikkje kor mange skulebarn som blir tekne ut av skulen og plasserte i utlandet av foreldre og føresette.

Foto: Ole Jan Larsen

Norske styresmakter veit ikkje kor mange skulebarn som blir tekne ut av skulen og plasserte i utlandet av foreldre og føresette.

Norske styresmakter veit ikkje kor mange skulebarn som blir tekne ut av skulen og plasserte i utlandet av foreldre og føresette.

Foto: Ole Jan Larsen

11591
20240405
11591
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Innvandring

redaksjonen@dagogtid.no

For skuleåra 2022–23 og 2023–24 registrerte elevregisteret for Osloskulen, som administrerer grunnskulane i hovudstaden, at det var om lag 120 elevar med somalisk bakgrunn som ikkje møtte til skulestart, eller som slutta i løpet av skuleåret utan at skulane fekk beskjed. Desse om lag 120 elevane er utelukkande norsksomaliarar som treng ekstra opplæring i norsk som ein del av undervisninga. Det reelle talet er ikkje mogleg å oppdrive, men kan vere høgare. Tilsvarande skjer ved skular i andre delar av landet.

– Når ein elev er borte frå skulen utan at det er gjort greie for, gjer skulen ei rekkje tiltak for å skaffe informasjon om kvar eleven er, seier fagkonsulent Olav Befring i Utdanningsetaten i Oslo kommune.

Dette omfattar digitale søk, kontakt med skulehelsetenesta og politiet og til sist heimebesøk dersom eleven ikkje er gjord greie for undervegs i prosessen. Dersom skulen finn ut at eleven skal vere i utlandet i meir enn tre månader, stoppar pliktene skulen har, frå utreisedatoen, sidan eleven ikkje lenger går på skulen. Skulen har då plikt til å varsle Nav. Dersom det er grunn til å vere uroleg for opplærings- og omsorgssituasjonen til eleven, blir barnevernstenesta varsla.

Mange frå Somalia

Elevar frå fleire minoritetar blir tekne ut av skulen. Men norsksomaliarane peikar seg ut med høge tal. Foreldra tek elevane ut av skulen utan at skulen får beskjed. I mange tilfelle har eleven flytta til eller i nærleiken av heimlandet til foreldra. Årsakene kan vere problem med kriminalitet, frykt for barnevernet eller eit ønske om at barna skal lære om eigen kultur og religion og lære å ta vare på verdiane og levesettet som kulturen står for.

Dette er sjølvsagt dramatisk for elevane som blir sende ut av landet, men også for medelevar er dette sjokkerande og trist. Ein god venn eller ei venninne er borte. Kameratar og venninner spør læraren kva som har skjedd med Ahmed, Hamsa eller Anisa. Men læraren har ikkje noko svar.

Norske barn

På den norske ambassaden i Nairobi, hovudstaden i Kenya, er Sahfana Ali Mubarak spesialutsending for integrering. Før ho kom til Nairobi, jobba ho i same stilling ved ambassaden i Amman, Jordans hovudstad.

Sahfana lever konstant med lagnaden til norske barn tett på seg. Ho har kontakt med norske barn og unge for å hjelpe dei heim til Noreg. Konsekvensane kan vere dramatiske dersom kontakten blir oppdaga. Barna er frå 14–15 år og oppover.

– Eg kan bli svært fortvila, og eg kan sitje og tenkje på dei verste ting som kan ha skjedd. Det er ikkje ein god følelse, seier Sahfana Ali Mubarak.

I 2022 var ambassaden i kontakt med i underkant av 100 personar, ifølgje årsrapporten frå spesialutsendingen for integreringssaker ved den norske ambassaden i Nairobi. Dei fleste sakene dreier seg om ufrivillig opphald i utlandet. Men bakgrunnen kan også vere negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

I fjor blei det registrert at om lag 400 barn, dei aller fleste frå Somalia, bad om norsk pass ved den norske ambassaden i Nairobi. Dette stadfestar at mange norske barn oppheld seg på Afrikas horn, dei aller fleste i Somalia eller Kenya.

Sahfana Ali Mubarak er spesialutsending for integrering ved den norske ambassaden i Nairobi.

Sahfana Ali Mubarak er spesialutsending for integrering ved den norske ambassaden i Nairobi.

Foto: Frode J. Haavardsholm

– Eg kan bli veldig fortvila, og eg kan sitje og tenkje på dei verste ting som kan ha skjedd.

Sahfana Ali Mubarak, spesialutsending for integrering

«Ikkje greitt»

Abdullai Mohammed Alason er sjølv norsksomaliar, og han meiner det er uakseptabelt at norske barn og ungdommar blir etterlatne i eit anna land enn Noreg. Han er politikar for Arbeidarpartiet og tilsett i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

– Norske styresmakter gjer ikkje nok for barna som blir borte. Det er lov å flytte. Og det er lov å komme tilbake. Men i mange tilfelle er ikkje dette til barnas beste. Det beste for mange av barna hadde vore å bli henta heim til Noreg.

Alason peikar på at dette er norske borgarar som er fødde her i landet. Derfor burde norske styresmakter bry seg meir om korleis det går med barna når dei reiser frå Noreg.

– Dersom heile familien flyttar tilbake for å etablere seg i Somalia eller eit av nabolanda, er det sjølvsagt opp til kvar enkelt familie. Men i mange høve blir barna plasserte hos slektningar som dei ikkje kjenner, og mange har aldri vore i Afrika tidlegare. Det er ikkje greitt.

Abdullai Mohammed Alason meiner at norske styresmakter ikkje gjer nok for barn som blir plasserte i utlandet mot sin vilje.

Abdullai Mohammed Alason meiner at norske styresmakter ikkje gjer nok for barn som blir plasserte i utlandet mot sin vilje.

Foto: Ole Jan Larsen

Abdullai Mohammed Alason vil styrkje samarbeidet mellom norsksomaliarar og styresmaktene for å få slutt på at barn og unge blir tekne ut av Noreg mot sin vilje.

Norske styresmakter har avgrensa høve til å hjelpe og gi bistand når barna er tekne ut av Noreg og plasserte i Somalia eller i eit av nabolanda. I årsrapporten frå spesialutsendingen for integreringssaker ved ambassaden i Nairobi blir det konstatert: «Det er reiseråd til Somalia og det er svært utrygt å oppholde seg der på grunn av krigslignende tilstander. Da er det oppsiktsvekkende at foreldrene etterlater sine barn i et land de selv har flyktet fra og fått opphold i Norge på grunn av krig.»

Forstår mødrene

På eit arrangement i slutten av februar på OsloMet på Holmlia om korleis vi skal lukkast betre med integrering, fekk sokneprest i Holmlia kyrkje, Silje Kivle Andreassen, spørsmålet: Korleis ville du handtert å vere ei mor med fleirkulturell bakgrunn? Ho svara ærleg.

– Eg skjønar at ei mor utan nettverk og utan løysingar, men kanskje med redsle for at barnevernet skal komme på besøk, tek valet å sende barnet eller ungdommen tilbake til slektningar der ho kjem frå.

Sokneprest i Holmlia kyrkje Silje Kivle Andreassen (i midten) skjønar at mødrer sender barna til heimlandet, sjølv om ho ikkje synest det er eit godt val.

Sokneprest i Holmlia kyrkje Silje Kivle Andreassen (i midten) skjønar at mødrer sender barna til heimlandet, sjølv om ho ikkje synest det er eit godt val.

Foto: Ole Jan Larsen

Når eg ber henne utdjupe kva ho meiner, svarar ho at ho blei merksam på dette temaet for nokre år sidan, då ho høyrde om ei åleinemor med mange barn som oppdaga at ein av ungane hadde store problem med kriminalitet.

– Då eg freista å setje meg inn i situasjonen, skjøna eg at det også kunne blitt mitt val å sende barnet eller ungdommen til nokre slektningar i heimlandet. Dersom ein kjem ut for noko ein ikkje klarer å løyse sjølv, ein er redd for å miste ansikt eller er i ein desperat situasjon, då er det ikkje unaturleg å sjå mot familien og landet ein kjem frå. Eg meiner ikkje det er eit godt val. Men eg forstår det, fordi det er der ein har ressursar og kjennskap til korleis ting fungerer, seier sokneprest Silje Kivle Andreassen.

Når klan møter stat

Ingen står over klanen i det somaliske samfunnet. Dermed kan det opplevast som heilt uverkeleg for norsksomaliarar når staten blandar seg inn i korleis ein familie skal leve. Det er ei bratt læringskurve å gå frå nedarva klanstruktur til den moderne velferdsstaten.

Somalia er eit av verdas fattigaste og mest kaotiske land. Det er klanen som gjev tryggleik. Statens funksjonar, som vi har her i landet, eksisterer ikkje. Dermed er klanen og slekta livsviktige i ordets rette tyding. Somalisk kultur og klanstrukturane er på mange måtar to sider av same sak.

Klanane går ut frå ulike greiner frå islams store profet, Muhammed. Dei seks store klanfamiliane i Somalia er Darod, Dir, Hawiye, Issaq, Digil og Rahanweyn. Under desse eksisterer ei rekkje mindre klanar. Det er ikkje slik at det er ein fin ting å støtte familie, slekt og klan. Det er ei plikt. Som individ må ein tilpasse seg reglane om korleis ein skal leve, og kva ein skal gjere. Ein er ikkje ein fri kunstnar som kan gjere som ein vil. Klanens reglar er lova.

Mellom to kulturar

Sjølv om unge somaliarar i Noreg har ulike oppfatningar om klan og tradisjonell somalisk kultur, er klanen likevel ein del av identiteten. Pliktene og samhaldet innanfor klanen går ikkje i oppløysing, snarare er det avgjerande at dei som bur utanfor heimlandet, held på kulturen og religionen og hjelper til med pengar til slektningar.

Det somaliske samfunnet er globalt. Etter at borgarkrigen braut ut tidleg på 1990-talet, har godt over to millionar migrantar og flyktningar busett seg rundt om i verda. Dei overfører årleg rundt 13 milliardar kroner til Somalia.

Somaliarane er nomadefolk. Slik samane flyttar seg med reinflokken, har somaliarane i uminnelege tider flytta saman med kamelane og buskapen. Mobilitet er ein del av levemønsteret. Familiestrukturen er dynamisk, slik at dersom ein familie treng hjelp til å forsørgje nokre av barna, kan dei bli plasserte hos fjerne slektningar innanfor klanen, som dermed kjem nærare og kan få status som onkel og tante fordi dei hjelper til i ei krevjande tid.

Medianalderen for første ekteskap i Somalia er 20 år for kvinner og 23 år for menn. Kvinnene får i gjennomsnitt om lag seks ungar. Mannen kan ha opptil fire koner, men det er uvanleg i dag. Kvar kone og barna blir sett på som éin husstand. Mannen flyttar mellom konene sine.

I arbeidet med denne artikkelen har Dag og Tid vore i kontakt med personar som har blitt sende til heimlandet mot sin vilje, og som har eit traumatisk forhold til dette. Det er vanskeleg å få folk til å fortelje ope om røynslene, fordi det er eit kjenslevart tema. Dag og Tid kjenner også til fleire konkrete historier om barn som er tekne ut av grunnskulen, og som har vore borte i fleire år.

Barneombodet uroa

Fagsjef Ivar Stokkerreit hos Barneombodet uttaler til Dag og Tid at politiet må prioritere desse sakene høgare. Og han understrekar at det er ei rekkje straffeføresegner som kan nyttast overfor foreldre som tek med og etterlèt barn i utlandet mot deira vilje. Men politiet har sjølv peika på at det er vanskeleg å bevise lovbrot.

– Det har tidlegare vorte teke til orde for å gjere ein grundigare gjennomgang av dei strafferettslege reglane der barn vil bli, eller alt er sende ut. Dagens reglar førebyggjer ikkje dette i tilstrekkeleg grad, og vi ser at det også i liten grad kjem ein strafferettsleg reaksjon, uttaler Stokkerreit.

I løpet av dei siste åra har det komme ei rekkje rapportar og utgreiingar som skal betre kåra for barn og hindre bruk av tvang og vald. Barneombodet meiner det viser vilje frå styresmaktene, men ikkje god nok evne til å komme i posisjon til å snakke med foreldra for å informere om den alvorlege situasjonen dei set barna i, og kva alvorlege konsekvensar dette kan ha for barn på lang sikt.

– Alvorlege rettsbrot

– Det er ingen tvil om at dei barna som blir tekne ut av Noreg og etterlatne i utlandet mot sin vilje, står i fare for til dels alvorlege rettsbrot. Det kan inkludere vald, overgrep og manglande skulegang, helsehjelp og utvikling. Dette er alvorleg.

Stokkerreit ønskjer at dei som har ansvar for barna, får betre informasjon, og at styresmaktene lukkast med det førebyggjande arbeidet.

– Det er viktig at barnevern, skule, politi, helsesektor og religiøse leiarar samarbeider og hjelper barna, men også tryggjer foreldre slik at dei tek betre val for barna sine, seier fagsjef Ivar Stokkerreit i Barneombodet.

I samband med arbeidet med denne artikkelen har Dag og Tid bede om kommentarar frå den somaliske moskeen Tawfiiq islamsk senter i Oslo, som er den største moskeen i Noreg. Dei har ikkje svara.

Sahfana Ali Mubarak ved den norske ambassaden i Nairobi arbeider med eit skandinavisk samarbeid i regionen for å betre arbeidet med konsulære saker som dreier seg om barn og unge som blir ramma av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. For dette er eit problem som ikkje er særnorsk, men som rammar somaliske barn og unge i diaspora i heile den vestlege verda.

Kjelder:

Per Brinkemo: Mellan klan och stat: Somalier i Sverige, 2020

Landinfo, Somalia: Klan, familie, migrasjon og bistand ved (re)etablering, 2020

Landinfo, Somalia: Hawala og pengeoverføringer fra diasporaen til Somalia, 2021

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis