Energi

Batteriproduksjon er for dei andre

Om den planlagde bilbatterifabrikken til Morrow Batteries i Arendal skal få like mykje subsidiar som ein tilsvarande amerikansk, vert det 16 milliardar kroner i året. Batteriproduksjon i Noreg ser ikkje ut til å verta særleg lønsamt.

Batteribyteløysinga Evogo, laga av Contemporary Amperex Technology Co. Limited (Catl), som har tent nokolunde godt dei siste åra, vist på ei bilmesse i Shanghai i april i år.
Batteribyteløysinga Evogo, laga av Contemporary Amperex Technology Co. Limited (Catl), som har tent nokolunde godt dei siste åra, vist på ei bilmesse i Shanghai i april i år.
Publisert Sist oppdatert

Då olje- og energiminister Terje Aasland la fram planane for vindkraftutbygging til havs i byrjinga av april, sa han at han trudde «de fleste har hatt en tåre i øyekroken» medan dei las dokumenta. Det vart truleg fleire tårer då dei økonomiske rammene for Sørleg Nordsjø I vart lagde fram fredag før påske. Regjeringa sa seg viljug til å garantera ein pris på 66 øre per kilowattime og sette grensa for subsidiane på 15 milliardar for 1500 MW i ny effekt.

Etter dette har det vore ei lemenvandring til Stortinget av ulike lobbyistar. Dei påstår at dei ikkje kan byggja vinden så billig som regjeringa vil at dei skal byggja. Dei viser til at grunnen i Sørleg Nordsjø er mykje djupare enn på stader for tilsvarande anlegg i utlandet, at euroen er vorten mykje sterkare, og at krafta vert seld i euro og ikkje i norske kroner. I tillegg kjem det at kostnadene ved å kjøpa slikt som turbinar og råvarer er vortne mykje høgre både i euro og i dollar og ikkje minst i norske kroner.

Bunde seg til masta

Men same kva: Aasland har garantert at havvind kjem, og då er det berre eit spørsmål om kor mykje vi skattebetalarar og straumkundar må ut med. Så godt som heile Stortinget, med unnatak av Raudt, har bunde seg fast til havvindmasta.

Det hindra rett nok ikkje at Equinor, om lag samstundes som lobbymøta gjekk føre seg i Stortinget, kunngjorde at dei utsette den planlagde Trollvind-utbygginga ved Troll-feltet. Trollvind vart for dyrt slik dei internasjonale prisane på turbinar og råvarer har utvikla seg.

Denne gongen skal det handla om batteriproduksjon, som regjeringa også seier skal koma i stor skala i Noreg. For å seia det slik: Det er langt mindre sikkert at vi får storskala batteriproduksjon enn at vi får havvind i Noreg. For skal ein byggja batteri i ein skala som monar, må regjeringa verkeleg stilla opp med storkapital.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement