Dyrefelferd
Berre ei høne
Millionar av kyllingar, høner og hanar lever eit kort liv i støvete industrihallar for at du skal få kjøpt billeg kjøt og egg. Andreas Tjernshaugen har skrive bok om livet til sine eigne – og andre sine – høner.
Hønene til Andreas Tjernshaugen har det betre enn høner flest, for eit normalt høneliv er kort, hektisk og smertefullt. Foto: Hallgeir Opedal
Foto: Hallgeir Opedal
Og der i vinterbrunt
gras i ein snøflekka hage på Nesodden trippar seks høner klukkande rundt og er
aldeles uvitande om kor heldige dei er. Det er desse hønene som er rammeforteljinga
i den nye boka til Andreas Tjernshaugen, og som blir sett opp som ein kontrast
til dei profesjonelle artsfrendane som produserer egg og kjøt.
Det var
under pandemien i 2020 at Tjernshaugen fekk sine fyrste høner.
– Eg
hadde tenkt på det lenge, og då pandemien kom, skjøna eg fort at det no låg an
til å vere mykje heime, seier han.
Han har
sett seg med ryggen mot stoveglasa, der to høner, nokre gonger tre, står på eit
terrassebord og tittar inn med klandrande og undrande høneblikk. I denne heimen,
som opphavleg blei bygd som hytte på 1920-talet, har Andreas Tjernshaugen skrive
bøker om blåkval, rev, akvariefiskar, meiser, insekt og no altså Et
høneliv.
Kva som
kom fyrst, hønene eller bokideen, er uklart, men nede i grovkjellaren snikra han
eit lite bur oppunder taket. Han laga opning ut mot hagen og kjøpte fire høner. Det
gjekk dårleg.
– Dei
var skrale, men om det var min feil, eller om dei ikkje var heilt friske då eg
fekk dei, veit eg ikkje, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.