Bobla som vart borte
Sentralbankane skulle berge verda frå finanskrise og pandemi. Biverknaden var dei største spekulative boblene gjennom tidene.
New York-børsen 14. desember i fjor. «Det står att meir å gjere», står det at sentralbanksjef Jerome Powell seier. Han viser til rentehevingane for å stagge inflasjonen etter mange år med lågrentepolitikk som dreiv aksjekursane opp.
Foto: Andrew Kelly / Reuters / NTB
Somme har kalla fenomenet «altmoglegbobla» – the everything bubble på engelsk. Uttrykket viser til spekulasjonsbølga som følgde i kjølvatnet av pandemien i 2020. Da sentralbankane rundt i verda kutta styringsrentene til null for å halde hjula i gang, og pumpa uskjønlege mengder med nye pengar inn i økonomien, steig prisane på aksjar og andre typar aktiva til himmels.
No er ikkje pengar gratis lenger. I dei fleste land har rentene byrja å nærme seg eit nivå som før vart rekna som normalt. Men om det inntil nyleg var ei diger altmoglegboble i verda – kva skjedde med ho? Har ho allereie sprokke, har lufta sakte sive ut, eller er det framleis mange udetonerte eksplosiv der ute i marknadene?
Bergingsvona
Vi skal attende til det spørsmålet via ein lang omveg. Det er ikkje noko nytt fenomen at sentralbankane møter uro i finansmarknadene med rentekutt, oppkjøp av gjeldspapir og andre grep for å tilføre kapital og stabilisere økonomien. I USA har dette blitt gjort ved ei rekkje høve sidan det store børskrakket i 1987. Ingen har lyst til å gjenta feila som vart gjorde etter krakket i 1929, som fekk fryktelege følgjer i realøkonomien.
Men bergingstiltaka har biverknader, og mange har kritisert den amerikanske sentralbanken for å oppmuntre til stadig meir risikabel åtferd i finansmarknadene: Når investorane kjende seg trygge på at sentralbanken ville gripe inn for å avverje eit eventuelt krakk, tok dei større sjansar enn dei elles ville teke.
Boksen og vegen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.