JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bråbrems for turbolandbruket

Nederlandske bønder må kutte nitrogenutsleppa monaleg. Visjonen for det intensive landbruket vert lagd om, ifølgje Bart van Gool.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bondedemonstrasjonar, politiske åtvaringar og stygge konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi har prega nyhendebiletet i Nederland dei siste vekene.

Foto: Aleksandar Furtula / AP / NTB

10908
20220805
10908
20220805

eva@dagogtid.no

Bondedemonstrasjonar og brennande høyballar, dumping av søppel, blokkerte matvarelager og matbutikkar, traktorar og landbruksmaskinar som sperrar matvarelager, matbutikkar, vegar, kanalar, hamner og flyplassar, bøteleggingar, arrestasjonar, politiske åtvaringar og stygge konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi.

Dette er hendingar som har prega nyhendebiletet i Nederland i vekene sidan regjeringa 10. juni la fram «Startnotitie Nationaal Programma Lendelijk Gebied», ein plan for korleis utsleppa av nitrogen i landet skal halverast fram mot 2030.

Nederland, som er verdas nest største eksportør av landbruksvarer målt i verdi, har no for høg konsentrasjon av nitrogen innanfor om lag tre fjerdedelar av dei sårbare landområda sine, ifølgje regjeringa, og ammoniakkutsleppa frå det intensive landbruket er den største enkeltbidragsytaren.

I alt står landbruket for nesten halvparten av den samla nitrogenforureininga i landet. Andre viktige bidragsytarar er nitrogenoksid frå trafikk, industri og bygg og anlegg.

Kutta regjeringa har lagt opp til, råkar alle desse sektorane, men er ujamt fordelte kring om i landet, avhengige av forureiningsgrad i området, arealtype og avstand til sårbare naturområde. Tett på sårbare naturområde skal utsleppa reduserast med 70 og 95 prosent, medan andre område får krav om utsleppskutt på 12, 47 eller 58 prosent.

Korleis kutta skal gjennomførast og fordelast, skal avgjerast på regionalt nivå i løpet av det komande året, men at landbruket må ta ein stor del, er heva over tvil. Det vert snakka om at dyretalet kan måtte reduserast med opp mot 30 prosent for å redusere utsleppa frå gjødsel.

Regjeringa har òg stadfesta at ikkje alle bønder i Nederland har ei framtid med den nye planen: Bønder må leggje om til meir berekraftig drift, flytte drifta til mindre sårbare område eller leggje ned.

«Diktat ovanfrå»

Landbruksorganisasjonane har vendt kuttplanen ryggen frå start og kallar han både urealistisk og udemokratisk. LTO Nederland, som representerer 35.000 av dei rundt 54.000 bøndene i landet, skriv i ei pressemelding at regjeringa har kome med eit «diktat ovanfrå», som slår beina under realistiske kuttforslag som både bønder og natur- og næringsorganisasjonar har kome med, og at regjeringa bidreg til at dei som faktisk skal utføre natur- og miljøpolitikken, vender seg vekk frå han.

Samstundes er det ikkje berre bøndene som har teke til motmæle. Eit fleirtal av nederlendarane ser ifølgje meiningsmålingar ut til å støtte bøndene i opprøret mot regjeringa, skriv Weekendavisen. Ja, sjølv eit fleirtal av medlemmene i det største regjeringspartiet, det liberale Folkepartiet for fridom og demokrati, meiner kuttplanen går for langt, og har bede parlamentet gjere om på forslaga frå regjeringa, skriv den nederlandske kringkastingsstiftinga NOS.

Det relativt nye partiet Bonde- og borgarrørsla, BBB, som har kalla kuttforslaga uakseptable, umenneskelege, perspektivlause og utan juridisk underbygging, har dessutan segla opp på meiningsmålingane. Partiet fekk 1 prosent av røystene ved parlamentsvalet i 2021, men var på ei måling for to veker sidan Nederlands nest største parti, med 11,5 prosent, samstundes som alle dei tre regjeringspartia går tilbake.

Som følgje av den sterke motstanden mot kuttplanen er det no sett ned ein uavhengig kommisjon som skal vurdere kuttkrava igjen og prøve å mekle mellom bøndene og staten i vekene framover. For å delta i samtalar, har LTO Nederland sett som vilkår at både måla, tidsfristen og detaljane for utsleppsreduksjonen skal diskuterast. Korleis det går, står att å sjå.

Nederlendaren Bart van Gool er tidlegare landbruksrådgjevar i Norsk Landbruksrådgivning Vest og følgjer nitrogenkrisa i heimlandet frå Noreg. Han meiner det ikkje lenger finst nokon veg utanom å kutte i både dyrehald og talet på gardsbruk i Nederland.

– Både bønder og forskarar peikar på at det går å redusere ammoniakkutsleppa gjennom tekniske tiltak på gardsnivå, som å fôre med mindre protein, ei betre handtering av husdyrgjødsla, slik at ho slepper ut mindre nitrogen enn i dag, og bygningstekniske tiltak til dømes, men slike ting kan ikkje løyse heile utsleppsproblemet. Ein eller annan reduksjon i dyretalet i Nederland må til, seier han.

Ikkje nytt problem

Nitrogenproblema i Nederland er ikkje nye. Dei oppstod alt på 1980- og 1990-talet og kjem av at det i utgangspunktet er altfor stort husdyrhald i Nederland jamført med arealet, påpeikar van Gool. Det igjen er eit resultat av den sentrale posisjonen hamna i Rotterdam hadde som forsyningsline inn til Europa etter andre verdskrig, fortel han.

– Alle næringsstoff og råvarer kom då hit, og dei var billege, for staten subsidierte. Det ein trong om ein ville drive med slaktegris eller høns, til dømes, var såleis berre ein bygning å ha dyra i. Nok fôr fekk ein tak i, i hovudsak importert kraftfôr, seier han.

I dag har Nederland, som er mindre enn Finnmark fylke i storleik, eit landbruksareal på litt meir enn to gonger av det Noreg har, og 1,5 millionar mjølkekyr, som er sju gonger meir enn Noreg har. I og med at landbruksjorda utgjer over 50 prosent av landarealet i landet, er det ofte kort veg frå den intensive landbruksdrifta og til naturtypar som treng å skjermast meir frå menneskeleg aktivitet, som luftforureining og mogleg avrenning av nitrogen frå gjødsel.

Nederland har òg 162 naturområde, som er peika ut som viktige for det europeiske biologiske mangfaldet, og der landet gjennom EU-nettverket Natura 2000 er forplikta til å sikre ei berekraftig utvikling. Det er i rundt tre fjerdedelar av desse områda nitrogenkonsentrasjonen no er så høg at det går ut over det biologiske mangfaldet.

Gjentekne forsøk

Gjennom åra er det gjort forsøk på å redusere nitrogenutsleppa, utan at det har monna.

Landbruket har til dømes redusert ammoniakkutsleppa ein god del sidan 1980-talet gjennom tekniske tiltak, men utsleppa har gått oppover att etter 2013 som følgje av at mjølkekvotane vart avskaffa og talet mjølkekyr gjekk opp. Det skriv regjeringa sjølv på sine nettsider.

Van Gool meiner nederlandske styresmakter har gjort ein for dårleg jobb og skuva ei skikkeleg handtering av nitrogenproblema framom seg for lenge.

Eit lisenssystem regjeringa vedtok i 2015 for å kontrollere utsleppa, vart òg kjent ugyldig av den øvste sivile rettsinstansen i landet, De Raad van State, som meinte lisenssystemet ikkje oppfylte EUs retningsliner for vern av biologisk mangfald. All byggeaktivitet vart sett på vent som følgje av dommen, inkludert nye driftsbygningar i landbruket som hadde fått byggjeløyve under lisenssystemet.

Sidan er fartsgrensa på nederlandske motorvegar òg sett ned frå 130 kilometer i timen til 100 kilometer i timen på dagtid, men ifølgje van Gool har det nyleg kome forskingsresultat som syner at eit slikt tiltak heller ikkje har hatt særleg konsekvensar for nitrogenutsleppa.

For halvtanna år sidan vart det vedteke ein eigen lov om reduksjon av nitrogenutsleppa som mellom anna slo fast at nitrogenkonsentrasjonen skulle vere under kritisk nivå i minst halvparten av dei 162 Natura 2000-områda i Nederland innan 2030 og i tre fjerdedelar av områda innan 2035.

Det er dei planlagde tiltaka for å nå måla i denne loven bøndene no demonstrerer mot.

Van Gool forstår at bøndene er fortvila.

– Dei har fått nye tiltak å rette seg etter gong på gong, og det som skjer no, er ein stor snuoperasjon. Det er ei omlegging av heile visjonen for det nederlandske landbruket, frå mest mogleg effektiv drift til det som på fint vert kalla krinsløplandbruk, der drifta ikkje på noko vis skal skade, men bidra til det biologiske mangfaldet. Det kan verte svært ekstremt eller mindre ekstremt, men kutta som no må gjerast, får uansett store følgjer for landbruket, seier han.

Uroa over prosessen

Christian Anton Smedshaug, som er dagleg leiar for AgriAnalyse i Noreg, meiner kuttplanen slik han ligg føre, er «relativt drastisk» for landbruket. Både fordi kutta i nitrogenutslepp må sjåast i samanheng med andre endringar bøndene vert pålagde gjennom EUs landbrukspolitikk, og fordi dei skal gjennomførast på så kort tid.

Han kallar det òg urovekkjande at den nederlandske regjeringa har lagt fram det landbruksnæringa oppfattar som eit diktat.

– Regjeringa kunne gått i dialog med bøndene og diskutert seg fram til kutt gjennom naturleg avgang, avgrensa investeringane, og gjennomført målretta forsking og lokale tilpasingar, til dømes, og slik fått til betringar over litt meir tid. Her ser det ut til å vere køyrt ein prosess som går utover både rettsoppfatninga og den demokratiske forståinga til mange. Når sektoren som vert uproporsjonalt ramma, i tillegg har ein så viktig funksjon som landbruket har, er det ekstra viktig å finne gode løysingar over tid, seier Smedshaug.

– Kva konsekvensar kjem det føreslegne utsleppskuttet til å ha for matproduksjonen om det vert gjennomført?

– Kuttar dei 30 prosent i dyrehaldet, kan det truleg medføre tilsvarande nedgang i eksporten, men i fyrste omgang er nok det mest eit problem for det nederlandske landbruket. EU kan absorbere bortfallet isolert sett, men saman med endringane i EUs landbrukspolitikk, som kan gje produksjonsnedgang i andre land òg, kan eit slikt fall verte vanskeleg å kompensere for på sikt, seier Smedshaug.

I nokre internasjonale aviser er det som skjer i Nederland, omtalt som eit forvarsel om kva som kan kome andre stader. Smedshaug meiner på si side at situasjonen i Nederland ikkje kan samanliknast med situasjonen i andre land.

– Utsleppskutt er for så vidt krav som kjem gjennom EUs vassdirektiv og nye gjødselkriterium, som det er diskusjonar om i fleire land, også i Noreg. I Nederland er det derimot sett på spissen, nettopp fordi landbruket der er så intensivt og arealet så lite. Paradokset er at det intensive og eksportretta landbruket er resultat av ei ønskt og planlagd utvikling, og har vore ein del av den nederlandske økonomiske modellen. Det gjer det endå meir overraskande at regjeringa plutseleg endrar strategi utan dialog, seier han.

– Landet er avhengig av eksport, også for å verte kvitt overskotet av husdyrgjødsel. Kan denne forma for landbruksdrift halde fram som i dag?

– Ja, gjødsla dei køyrer ut, er ønskt i andre land. EU må til vanleg importere mineralgjødsel frå andre stader, og ligg an til å få eit endå større underskot no når gassprisane stig, så slik sett er gjødsla frå Nederland meir verd no enn før Ukraina-krigen, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kutta som no må gjerast, får uansett store følgjer for landbruket.

Bart van Gool, tidlegare landbruksrådgjevar

– Her ser det ut til å vere køyrt ein prosess som går utover både rettsoppfatninga og den demokratiske forståinga til mange.

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar for AgriAnalyse

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis