Bråk i lufta

Fleire naboar til vindkraftverk rundt om i landet har klaga på støy. Framover kan det verte meir bråk.

Støy er eit problem for fleire naboar til vindkraftverk kringom i landet. Lisa Svalestad har fått Egersund vindpark 500 meter frå huset.
Støy er eit problem for fleire naboar til vindkraftverk kringom i landet. Lisa Svalestad har fått Egersund vindpark 500 meter frå huset.
Publisert Sist oppdatert

Den jamne duren frå eit bråkete kjøleskap kan måle opp mot 45 desibel, og ei oppvaskmaskin som vaskar bestikk og tallerkenar, kan ha eit lydnivå på 45 desibel. Det går an å leve med, veit vi.

Men sjå føre deg at du skal ha ein rytmisk dur frå ei av desse kvitevarene tett på dag og natt – at lyden kan eskalere til det dobbelte og andre gonger gå tilbake – utan at du kan regulere eller skru han av.

Det er ein slik situasjon bøndene Nils Ove Nordland og Heino Nielsen og musikar Tor Øyvind Sivertsen fryktar. Dei bur alle i Noredalen, aust i Sandnes kommune, nedanfor Vardafjellet, der dei no har tatt til å bygge eit nytt vindkraftverk.

Vardafjellet Vindkraft AS fekk konsesjon frå NVE i 2014. Då var det snakk om å etablere ni nær 130 meter høge vindturbinar på fjellet. Støyutrekningane som låg til grunn for konsesjonen, synte at anlegget i verste fall kunne føre til at sju av dei næraste nabohusa fekk eit gjennomsnittleg støynivå på over 45 desibel. 45 desibel er det Klima- og miljødepartementet har tilrådd som maksgrense for gjennomsnittleg støy frå vindturbinar mot bustader og fritidsbustader i løpet av eit år.

Men seinare har det eskalert. Gjennom fleire rundar med endringar av utbyggingsplanane har utbyggjaren fått godkjent bygging av færre, men 20 meter høgare turbinar, med større vengjer, større effekt og høgare støynivå. Talet på bustader som i verste fall kan hamne over støygrensa i den siste utbyggingsplanen Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) nyleg godkjende, er oppe i 24, ifølgje støyutrekningane frå utbyggjar. Men utrekningane har ei uvisse på + 3 desibel. Legg ein det til grunn, kjem talet på bustader som kan få støy over støygrensa, opp i 65, ifølgje Sandnes kommune.

Fryktar dobbel effekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement