Det går ein nemesis gjennom livet. Eg er av dei som meiner Anders Tegnell er ein helt. No sit vi med ein slags fasit. Ja, Sverige fekk langt fleire døde i 2020 og eit godt stykke ut i 2021 enn kva Noreg fekk. Den dag i dag er det slik at fleire døyr av covid-19 i Noreg enn i Sverige.
Men om vi ser på samla mortalitet, til dømes døde per 10.000, er det ikkje lenger skilnad å snakka om mellom Noreg og Sverige. Mitt tips er at når vi legg saman 2020, 2021, 2022 og 2023, kjem ikkje covid-19 til å vera synleg i dei svenske dødstala. Dei som døydde av covid-19 i Sverige, hadde i løpet av desse fire åra døydd likevel, men med ein annan diagnose.
Eg er klar over at eg høyrer til ei lite mindretal som meiner dette, sjølv om Camilla Stoltenberg og Folkehelseinstituttet før 12. mars 2020 ville gjera nett det Tegnell gjorde. Ein klar majoritet i Noreg har ynskt tiltaka velkomne. Samstundes var 60 prosent mot å fjerna både meteren og munnbandpåbodet. Desse meiner og meinte at covid-19 er mykje farlegare enn andre luftvegsinfeksjonar.
Eg meiner derimot at fleirtalet er sprø og lid av risikovegring. No har dei som meiner pandemien er fæle saker, fått eit argument til – meg. For tre veker sidan i dag fekk yngstesonen min på 13 år covid-19. Han vart litt sjuk, men ikkje særleg, men han smitta dei to eldste syskena. Dei vart litt sjukare. Eg ynskte sjølvsagt å verta smitta, særleg av di Stoltenberg sa at det var lurt å få sjukdomen rett etter at ein har vorte vaksinert med den tredje dosen. Eg bad borna mine nysa på meg. Ingenting skjedde, før alt skjedde.
Eg fekk fire dagar med høg feber, 38,6 om morgonen, 39,5 om kvelden. Eg hosta så lungene nesten kom opp gjennom munnen. Eg kan faktisk ikkje hugsa å ha vore så sjuk sidan eg fekk vasskoppar då eg var 16 år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.