Kommentar
Då folkehelsa trumfa folkestyret
Under pandemien var det mykje snakk om å følgja «vitskapen», men gjorde vi verkeleg det? I Noreg som i dei fleste andre vestlege land var det helsebyråkratane og politikarane som bestemte.
Måndag 18. desember vedtok eit fleirtal i Stortinget ei endring i smittevernlova og helseberedskapslova (isolering og smittekarantene m.m.).
Skjermdump frå Stortinget.no
Måndag 18. desember vedtok stortingsfleirtalet å innskrenka sjølvråderetten til norske borgarar så sterkt at jussprofessorane Hans Petter Graver og Morten Walløe Tvedt har kalla fridomstapa for «dramatiske». Også folkestyret vert råka midtskips av stortingsfleirtalet, som vedtok å umyndiggjera seg sjølv under komande epidemiar eller pandemiar.
Når regjeringa meiner omsynet til smittevernet krev det, kan dei heretter innføra dei strengaste tiltaka vi kjenner frå koronatida, utan å spørja Stortinget. I praksis vil det seia at ein handfull politikarar på eiga hand kan stengja skular, universitet, restaurantar, treningssenter og så bortetter og ta frå oss retten til fri forsamling og reise.
Kort sagt er det no lagt til rette for innføring av fåmannsvelde når nokre få meiner at omsynet til folkehelsa krev det.
Trumfar fridomen
Bak dette autoritære grepet ligg overtydinga om at folkehelsa trumfar den individuelle fridomen. Alles vel må gå føre ønska til den einskilde. Men er ikkje dette rett? Jau, men berre innanfor visse grenser, og desse grensene flyt. Kva tid vert min fridom eit overgrep mot andre sin? Kva tid vert allmennvelet til undertrykking?
Fordi svara på desse spørsmåla ikkje er gjevne, vert makta i liberale demokrati spreidd på fleire instansar, den individuelle fridomen vert verna mot politiske konjunkturar, og stor vekt vert lagd på open kritikk og diskusjon. Alle desse sikringstiltaka for fridom vert svekte gjennom dei innstrammingane stortingsfleirtalet gjer i smittevernlova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.