Utanriks
Da Mossad drog til Haag
Gaza-krigen har vore ein diplomatisk katastrofe for Israel. Avsløringar om at landet har drive med spionasje og trugsmål mot dommarar i Haag, har ikkje gjort saka betre.
Den internasjonale straffedomstolen har utferda arrestordre på forsvarsminister Yoav Gallant (t.v.) og statsminister Benjamin Netanyahu i Israel.
Foto: Abir Sultan / AP / NTB
Den 21. mai oppmoda sjefaktor Karim Khan i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag domstolen om å utferde arrestordre på Benjamin Netanyahu, Yoav Gallant og dei tre Hamas-leiarane Yahya Sinwar, Mohammed Deif og Ismail Haniyeh.
Alle er mistenkte for krigsbrotsverk i samband med den pågåande krigen i Gaza. Avgjerda var eit stort nederlag for Israel, landet som i snart ti år har kjempa mot ICC med mange middel – inkludert utstrekt bruk av spionasje og trugsmål.
Staten Palestinafekk «observatørstatus» av FN i 2012 (og er i dag anerkjend av 145 av FNs 193 medlemsland, inkludert Noreg). Dette opna vindauget på gløtt for at Palestina kunne bli medlem av ICC.
I Israel såg dei raskt dei potensielt alvorlege konsekvensane og gjorde alt dei kunne for å hindre palestinsk FN-medlemskap med dei rettane det kunne medføre. Da Palestina likevel gjekk vidare med søknaden, kalla offisielle talsmenn for Israel det for «diplomatisk terrorisme».
I 2015 blei Palestina akseptert som medlem av ICC, som kort tid etter starta ei innleiande gransking av Israel ut frå spesifikke hendingar i Gaza og på Vestbreidda. Israel straffa dei palestinske styresmaktene mellom anna med å halde tilbake skatteinntekter.
Dei siste vekeneer det blitt klart kor langt Israel gjekk for å hindre at israelske politikarar og militære skulle bli granska av ICC for krigsbrotsverk. Over lang tid har den britiske avisa The Guardian, det politiske magasinet +972, som blir drive av israelske og palestinske journalistar, og den hebraiskspråklege nettstaden Local Call samarbeidd om ein serie graveartiklar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.