Energi
Dei som betaler
Nordmenn betalte 41 milliardar kroner meir for straumen i desember 2021 enn i desember 2020. Statnett vil ha oss til å tru at det er god samfunnsøkonomi.
Den 720 kilometer lange straumsambandet mellom Suldal i Rogaland og Blyth i England blei fjor sommar kopla saman.
Foto: Statnett / NSL
Skjermdumpen frå Statnett på denne sida er teken måndag ettermiddag klokka 17. Det var ein litt spesiell dag. Som vi ser, var kraftprisen i Sør-Noreg igjen høgst i Norden. Det er ikkje spesielt. I Sør-Noreg var prisen på 112,99 euro for 1 MWh, om lag 114 øre for 1 kWh. I Sør-Sverige og Danmark var prisen 108,66 euro, medan prisen var på 16,68 euro i Midt-Noreg, som ikkje er kopla på kablane til Storbritannia og Tyskland.
Det som er litt særmerkt med denne dagen, var den høge importen inn til Sør-Noreg. Samla ser vi at Sør-Noreg importerterte 2600 MW i effekt, som svarar til ein import på 2,6 millionar kWh i timen.
Nesten alt av import, 2123 MW, kom frå grannelanda, sidan det knapt er overføringseffekt mellom Midt- og Sør-Noreg. Denne importen tente diverre ikkje Statnett noko særleg på, sidan prisskilnaden mellom Sør-Noreg på den eine sida og Danmark og Sverige på den andre sida var så liten. Statnett tente likevel godt med pengar no måndag.
Held att
No har Noreg Fastlands-Europas høgste kraftproduksjon per innbyggjar, så kva kan grunnen vera til at Noreg likevel hadde høgre pris enn Danmark og Sverige? Av di magasineigarane held att på produksjonen i Sør-Noreg. Vinden bles friskt over Nordsjø-landa måndag. Og når magasineigarane ser at vêrmeldingane varslar mykje vind neste dag, lèt dei enkelt og greitt vera å tilby særleg med eigen straum til kundane. Magasineigarane har slutte å selja høns i regnvêr.
At Noreg den dagen dreiv med import, inneber ikkje at vi lét vera å eksportera. Som vi ser, eksporterterte vi litt til Tyskland, 179 MW, som den dagen ikkje hadde særleg trong for norsk kraft av di vinden bles og dei difor hadde omtrent same pris som Sør-Noreg. Éin eksportkabel gjekk derimot for fullt, som han alltid gjer, nemleg kabelen til Newcastle og England. Vi sende 1050 MW den vegen. I Storbritannia var prisen 252,70 euro per MWh mellom klokka 17 og 18 norsk tid, meir enn dobbelt så høg som i Sør-Noreg. Englandskabelen er gaukungen i reiret. Han et alt han kan få tak i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.