Dei som får verda til å klikke
Skal Noreg krevje at digitale storselskap betaler skatt her i landet? Eller skal vi setje vår lit til at OECD ordnar opp?
Aktivistar frå organisasjonen Attac demonstrerte mot skatteplanlegginga til Google framfor Paris-kontoret til selskapet 31. januar i år. I sommar vedtok Frankrike ein ny skatt på omsetnaden til store teknologiselskap.
Foto: Francois Mori / AP / NTB scanpix
Aktivistar frå organisasjonen Attac demonstrerte mot skatteplanlegginga til Google framfor Paris-kontoret til selskapet 31. januar i år. I sommar vedtok Frankrike ein ny skatt på omsetnaden til store teknologiselskap.
Foto: Francois Mori / AP / NTB scanpix
Økonomi
peranders@dagogtid.no
I den digitale verda er både teknologien og profitten så godt som grenselaus. Søkjegiganten Google hadde ein omsetnad på rundt 3,5 milliardar kroner i Noreg i 2018, ifølgje eit grovt anslag frå mediebyrågruppa GroupM, sitert i Dagens Næringsliv i vår. Likevel betalte Google berre fire millionar kroner i skatt her i landet i fjor. Må det vere slik?
Til no har det i alle fall vore slik: Google, Facebook og andre store teknologiselskap slepp unna med eit minimum av skatt i landa der dei tener milliardane sine. Det aller meste av inntekta til Google i til dømes Noreg, frå digitalt annonsesal og andre tenester, blir fakturert frå Google-kontoret i lågskattelandet Irland. Derifrå flyt pengane vidare til eit anna selskap på nullskattøyane Bermuda. Også Apple og Facebook har europeiske hovudkontor i Irland og har gjort tilsvarande grep for å halde skatten nede.
Denne praksisen har store følgjer. Ei er at dei digitale storselskapa får konkurransefordelar der dei er i konkurranse med selskap som betaler normal selskapsskatt. Det er difor Schibsted har protestert mot at Facebook og Google, som årleg tener milliardar i den norske annonsemarknaden, slepp så billeg unna her.
Kor er verdiane?
Dette gjeld ikkje berre dei digitale gigantane. Ei rekkje multinasjonale selskap krympar skatten ved å styre inntektene sine ut gjennom lågskattland. Sportskjempa Nike betaler prosentvis langt mindre i skatt i Noreg enn norske produsentar av sportsutstyr gjer, og får dermed ein konkurransefordel. Og skatteplanlegginga til Ikea gjev dei enorme fordelar i konkurransen mot norske møbelforhandlarar. Men når dei globale teknologiselskapa leverer digitale tenester, ikkje materielle varer, blir det ekstra vanskeleg å seie kor og korleis dei skaper fortenesta si – og kva land dei eigentleg skal skatte i.
Dobbel skattlegging er rekna som ein uting, og generelt skal selskap skatte der verdiskapinga skjer. Men kor skaper Google og Facebook verdiar? Det er eit vrient spørsmål. Ein kan hevde at det er der datasentera deira står, eller der programmerarane lagar algoritmane. Men desse selskapa lever i stor grad av å overvake rørslene til oss som brukar verktya deira: Detaljkunnskapen om oss som stirer inn i skjerma, er handelsvare. Livet vårt er råstoff som selskapa foredlar til verdifulle data, og verdiskapinga kan sjåast som ei form for digital gruvedrift. Og råstoffet blir henta der brukarane bur.
Undergraving
Til no har datagigantane sloppe billeg i Europa. Ifølgje EU-kommisjonen betaler dei store digitale selskapa i snitt 14 prosentpoeng mindre i skatt i EU enn selskap i andre bransjar gjer. I tillegg blir digitale tenester ein stadig større del av økonomien i kvart land. Fleire teknologiselskap har hatt ein kolossal vekst dei siste åra, og Apple, Facebook, Amazon og Alphabet (morselskapet til Google) er blant dei største selskapa i verda.
Når ein større og større del av profitten i eit land går til selskap som nesten ikkje betaler skatt der, er det ei tapping av den nasjonale økonomien og ei undergraving av fundamentet for velferdsstaten. For oljerike Noreg er dette problemet mindre enn for andre land, men det er like fullt ei tapping, og det strir mot rettferdssansen. Her har både rettferdssansen og politikken så langt kome til kort, og problemet har vakse i takt med at selskapa har blitt større. Men det tyder ikkje at det er uløyseleg.
Ut av avmakta
«Løsningene på disse utfordringene ligger ikke på en fjern skatteparadisøy i det karibiske hav. Systemet for å flytte selskapsoverskudd og formuer til lavskatteland er langt på vei bygget fra vestlige industriland – og kan også stoppes fra vestlige industriland», skriv LO-rådgjevar Maria Schumacher Walberg og Ap-politikar Marianne Marthinsen i den nye boka Rødt lys. Det store skatteranet og hvordan vi kan stoppe det. I boka kjem dei med råd om korleis ein kan få bukt med skatteplanlegginga til multinasjonale selskap.
– Det første vi må gjere, er å få slutt på den politiske avmakta. Og vi må få ut kunnskap til folk, kunnskap som berre skatteekspertar har i dag, seier Walberg, som er utdanna samfunnsøkonom.
Råda i boka er fleire og meir detaljerte enn vi kan formidle her. Men ingen enkle grep kan løyse denne knuten, meiner Walberg.
– Ingen einskildtiltak som er realistiske å få til, vil ha verkeleg stor effekt åleine. Vi må jobbe med mange ting samstundes: betre skattereglar, betre oversikt og kontroll.
Problemet med flytting av overskot handlar slett ikkje berre om dei digitale selskapa, understrekar Walberg.
– Men problemet blir mykje større når selskapa ikkje er fysisk til stades der verdiskapinga skjer.
Kamp i EU
Kva politisk nivå kan ein best stogge uvesenet på? EU er ein opplagt kandidat, og det har verkeleg vore gjort forsøk innanfor EU-systemet. I fjor vår la EU-kommisjonen fram eit forslag til eit direktiv om «rettferdig skattlegging av den digitale økonomien»: Ein skatt på tre prosent av digitale inntekter i EU-land, som skulle krevjast inn i landet der brukarane bur. Men skattepolitiske endringar kan berre vedtakast samrøystes av medlemslanda i EU. Og her klarte ikkje unionen å einast. Blant landa som nekta, var Irland, som sjølv tener pengar på å sluse pengar frå storselskapa ut frå Europa.
– Fleire EU-land tener gode pengar på systemet slik det fungerer i dag. Da er det vanskeleg å få til ei semje, seier Walberg.
Sjølv om EU ikkje har fått til noko digitalt skatteregime, har kommisjonen likevel utkjempa ein serie slag mot teknokjempene, med danske Margrethe Vestager som hærførar. Som konkurransekommissær pressa Vestager fleire EU-land til å krevje inn kolossale beløp i skatt frå multinasjonale selskap. I 2016 slo kommisjonen fast at Apple Irland hadde betalt 140 milliardar kroner for lite i skatt til Irland gjennom ti år, og at dette var å rekne som ulovleg statsstøtte til Apple.
Men Irland kjempa med nebb og klør for å unngå å ta inn desse pengane. Saka er anka og ikkje endeleg avgjord. Og denne veka gjekk Vestager på ein smell som kan varsle ille også for Apple-saka: Kaffikjeda Starbucks vann fram med anken sin i ei liknande sak i Nederland. Det er vanskeleg å tvinge statar til å krevje inn skattar dei ikkje vil ha.
OECD-sporet
Sjølv om EU strevar med å få ein sams digital skattepolitikk, finst det andre vegar til målet. Det mest lovande sporet er forhandlingane som går føre seg i OECD, ein organisasjon av 36 industriland. Eit forum i OECD arbeider med eit forslag til einskapleg skattlegging av digitale tenester, og skal vere ferdige neste år. (Sjå eige intervju med skattedirektør Hans Christian Holte).
Planen er at skattlegginga òg skal gjerast gjeldande for G20-landa, som står for 90 prosent av BNP i verda. Om desse skattereglane blir effektive og allmenne, er mykje oppnådd. Mykje handlar om å få med USA, heimlandet til teknologikjempene. Også amerikanske skattestyresmakter ønskjer ei meir effektiv skattlegging av desse selskapa.
Men i mellomtida renn framleis milliardane ut til skatteparadisa, og ikkje alle land vil vente på OECD. Ei rekkje statar har på eiga hand vedteke nasjonale skattar på digitale tenester, syner ei oversikt frå organisasjonen Tax Justice Network Norway. Sør-Korea og India har lagt meirverdiavgift på digitale tenester, Ungarn har ei omsetnadsavgift på digital marknadsføring. Slovakia krev selskapsskatt av digitale formidlingstenester som Uber, Hotels.com og AirBnB, og Storbritannia, Austerrike og Spania planlegg omsetnadsavgifter for digitale selskap, for å nemne noko.
Den mest omstridde digitalskatten er den som Frankrike vedtok i sommar, og som har fått namnet «GAFA-skatt» etter initialane til Google, Amazon, Facebook og Apple. Dette er ei omsetnadsavgift på tre prosent for digitale tenester, men ho gjeld berre for dei aller største selskapa. Og fordi denne skatten særleg råkar amerikanske selskap, har president Trump reist bust og truga med mottiltak. Frankrike lovar på si side at skatten berre er eit mellombels tiltak til OECD får sams skattereglar på plass.
Tanken om ein eigen digitalskatt har så vidt vore framme også i Noreg. I 2017 la Miljøpartiet Dei Grøne fram eit Dokument 8-forslag i Stortinget om å innføre ein såkalla «Google-skatt» for selskap med digitale inntektsmodellar. Men berre Raudt støtta forslaget, medan dei andre partia oppmoda regjeringa til å halde fram arbeidet for sams skattereglar gjennom OECD.
Spør Google
Til slutt: Kor er Google? Eitt svar er overalt. I mobilen, i PC-en, kor som helst og ingen stad. Men Google Norway har eit kontor på Aker Brygge i Oslo, det arbeider menneske av kjøt og blod der, og noregskontoret har ein pressesjef ved namn Helle Skjervold, tidlegare journalist i Aftenposten. Dag og Tid ønskte seg ein kommentar til denne saka, og sidan vi ikkje har for vane å ringje til Google, søkte vi i telefonkatalogen på nett. Vi fann adressa: Bryggegata 6. Men ikkje noko telefonnummer kom opp. I staden stod det berre www.google.com. Vi måtte sende e-post til den globale pressetenesta, og torsdag morgon kom det svar frå Helle Skjervold.
Ho viser til at Google støttar arbeidet for eit nytt rammeverk for skattlegging av multinasjonale selskap, og skriv: «Vi betaler all skatten vi er påkrevet og følger skattelovgivningen i de landene vi opererer i. Som andre multinasjonale selskaper betaler Google mesteparten av selskapsskatten sin i hjemlandet sitt, og globalt har vi betalt en effektiv skattesats på 23 % i løpet av de siste ti årene.»
Dette må vi kome attende til.
– Det første vi må gjere, er å få slutt på den politiske avmakta.
Maria Schumacher Walberg, samfunnsøkonom