Politikk
Dei som har gjeve vekst i distrikta
Innvandring har stått for det meste av folketalsveksten i distrikta dei siste 20 åra. – Det einaste som kan stoppe nedgangen framover, er at innvandringa aukar, seier Knut Vareide ved Telemarksforsking.
Ukrainarar som har måtta flykte frå heimlandet, snudde folketalsnedgang til auke i heile 102 norske kommunar i fjor. Biletet er frå grenseovergangen i Medyka i Polen.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Regjeringa har sett seg mål om å snu folketalsutviklinga i distrikta frå nedgang til auke, og peikar i den nye distriktsmeldinga på fleire tiltak som skal kunne bidra til snuoperasjonen.
Målet vert likefullt kritisert for å vere både naivt og urealistisk. Samfunnsforskar Jonas Stein ved UiT Noregs arktiske universitet synte i Politisk kvarter på NRK til at flyttestraumen har gått frå bygd til by i tiår etter tiår, trass i at det har vore eit politisk mål å oppretthalde befolkningsmønsteret i distrikta sidan 1977.
Ifølgje kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er det derimot realistisk å få til auke, og i intervju med Dag og Tid førre veke svarte han at det endåtil var mogleg å få til utan auka innvandring framover.
Ser ein på tala bak folketalsutviklinga i distrikta dei siste tiåra, er det derimot så godt som umogleg å sjå korleis det skal gå. Ikkje berre har folketalsvekst i mange kommunar i stor grad vore avhengig av nettoinnvandring. Nettoinnvandring har også vore den einaste positive faktoren for folketalet i over 200 av dei minst sentrale kommunane i landet samla dei siste 20 åra.
Høgste på nær 60 år
Vi skal ta det steg for steg, og startar med ei lita leserettleiing: Når det i offentlege utgreiingar og meldingar vert snakka om distriktskommunar versus meir sentrale kommunar, er det ut frå ein indeks der kommunane er rangerte etter kva tilgang innbyggjarane har til arbeidsplassar og private og offentlege tenester. Den såkalla sentralitetsindeksen er utarbeidd av SSB og har seks nivå – frå dei minst sentrale kommunane (som Vardø, Røst, Utsira, Nore, Uvdal, Eidfjord, Ulvik og Dovre) på sentralitetsnivå 6, til dei mest sentrale (Oslo, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog og Rælingen) på nivå 1.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.