Samfunn I Eva Aalberg Undheim

Dei som sette rekord i EU-tilpassing

Det finst ei anna historie om samarbeidet med EU enn den som var i vinden førre veke.

  

Innføringa av nye EU-reglar i norsk rett auka under i dei åra Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum styrte landet saman. Foto: Javad M. Parsa / NTB
Publisert Sist oppdatert

Tal og statistikk kan brukast til så mangt. Førre veke vart talet på vedtekne EU-rettsreglar som ikkje er tekne inn i norsk lov, brukte som argument for at det hasta med å innføre tre direktiv frå EUs fjerde energimarknadspakke.

«624 saker på vent: – EØS-avtalen i fare», skreiv nettavisa E24, med sitat frå energiminister Terje Aasland (Ap). Saka som følgde, fortalde at «sakene fra EU har hopet seg opp under Ap/Sp-regjeringen». Det høge talet gjekk vidare i ei NTB-melding som vart trykt i fleire medium, og det vart bygd vidare på av andre. «Med Sp i regjeringen har det stoppet opp», skreiv redaktør Magne Lerø i vekeavisa Dagens Perspektiv om implementeringa av EU-reglar.

Men om EØS-avtalen er i fare på grunn av talet på EU-reglar som ikkje er gjorde til lov i Noreg enno, har han vore i fare i fleire år, også under den blå regjeringa i 2018. Det går fram av stolpediagrammet under, som er basert på tal frå årsrapportane til EØS-komiteen – organet der EØS-EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein møter EU for å ta nye EU-reglar inn i EØS-avtalen. Sakene på vent aukar når EU vedtek nye lovar, og går ned for kvar gong EØS-komiteen har møte. Då E24 sjekka i januar, var det snakk om 624, men etter neste møte i EØS-komiteen var det 563, ifølgje tal frå Utanriksdepartementet.


 
Ei viss mengd reglar på vent vil det også alltid vere, i og med at Noreg, Island og Liechtenstein fyrst kan vurdere reglane når dei er vedtekne i EU. Av same grunn er flesteparten av EU-reglane på vent eitt, to og tre år gamle. Det er ikkje det same som at det har «hopet seg opp under Ap/Sp-regjeringen».

Det finst også eldre rettsakter på vent, inkludert nokre EU vedtok før 2009, altså for fleire norske regjeringar sidan.

At implementeringa av EU-reglar har «stoppet opp» med Sp i regjeringa, er heller ikkje tilfellet. Det går fram av den raude grafen under, som også er basert på tal frå årsrapportane til EØS-komiteen. Faktum er at innføringa av nye EU-reglar i EØS-avtalen har auka, til eit snitt på 617 EU-reglar i året dei siste fire åra, mot eit snitt på 506 dei fire åra før. Ja, Ap og Sp saman har teke inn fleire nye EU-reglar over ein treårsperiode enn noka tidlegare regjering har gjort. I 2023 vart det innført 50 prosent fleire EU-reglar i EØS-avtalen enn ti år tidlegare, og meir enn dobbelt så mange som i 2003.

 

Statssekretær Maria Varteressian i Utanriksdepartementet seier auken kjem av at EU stadig produserer meir EØS-relevant regelverk for å svare på løpande utfordringar for EU-landa. Det er også hovudgrunnen til at etterslepet aukar, fortel ho.

– I tillegg ser vi ein tendens til at EUs regelverk er meir komplekst og både inkluderer element som passar innanfor EØS-avtalen, og delar som fell utanfor. Då vert det meir krevjande for EØS-EFTA-landa å vurdere rettsaktene før dei kan takast inn i EØS-avtalen, seier ho.

Ho legg til at det er EU-rettsaktene som har lege lenge før dei vert tekne inn i avtalen, som skapar flest utfordringar i EØS-samarbeidet og i den indre marknaden, og at regjeringa no innfører dei tre direktiva i EUs fjerde energimarknadspakke som dei meiner hastar mest.

Dei tre direktiva er derimot ikkje blant dei eldste direktiva, og dei representerer samla heller ikkje meir enn 40 av reglane i etterslepet.