Delte reaksjonar på samisk kampsak
Reindriftssamar vil endre lova for å stå sterkare i arealkonfliktar, men Høgre-politikar fryktar at konsekvensen kan vere full stopp for framtidig vindkraftutbygging.
Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) reagerer på NRL sitt krav om å fjerne høvet utbyggjarar i dag har til å starte utbyggingar før erstatningar og samiske rettar er rettsleg avklarte.
Foto: Høgre
– Eg forstår at Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) ønskjer å endre lova for å styrke rettane til reindrifta, men utfordringa med det dei føreslår, er at ei lovendring vil omfatte alt og alle, ikkje berre reindrifta, og vil i realiteten kunne stoppe all kraftutbygging i Noreg.
Slik reagerar stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) på NRL sitt krav om å fjerne høvet utbyggjarar i dag har til å starte utbyggingar før erstatningar og samiske rettar er rettsleg avklarte.
Den såkalla Fosen-dommen gjer kravet aktuelt, fordi Høgsterett i fjor haust kjende konsesjonsvedtaket til to store vindkraftverk på Fosen-halvøya i Trøndelag ugyldig på grunn av brot på folkeretten. Her er samisk reindrift ei verna kulturutøving.
Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) ser annleis på saka.
– SV har ikkje tatt stilling til forslaget, men eg forstår det. Etter Fosen-dommen er dette kravet frå reindrifta eit krav vi må sjå på. Det kan vere fleire utbyggingar som må gjerast om, seier han.
Følgjer opp dom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.