Energi
Den billegaste krafta vert dyrast
EU vil skapa eit meir rettferdig kraftsystem. Det er mogleg at vi nordmenn, som har den suverent mest verdifulle krafta, magasinkraft, endar opp med å betala dei høgste prisane i Europa.
Den 125 meter høge fyllingsdammen ved Svartisen kraftverk stod ferdig i 1998, med kapasitet til å lagra 3,5 milliarder kubikkmeter vatn.
Foto: Ole Magnus Rapp / NTB
«Slik dagens kraftsystem fungerer, tener det ikkje lenger forbrukarane. Dei burde ha fått fordelar av dei låge kostnadene til fornyeleg straum. Vi må kopla den dominerande rolla til gass i straummarknaden frå straumprisen forbrukarane betaler. Difor vil vi gjennomføra ei djup og omfemnande reform av straummarknaden.» Orda var uttalte av presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, då ho heldt den årlege talen om tilstanden i EU i september.
EU har no så vidt byrja arbeidet med ein ny marknadsstruktur for straumproduksjon og -sal. Den strukturen vert også den norske strukturen. Noreg har implementert EUs energi- og klimapakkar, men som vi også veit: Noreg er ikkje ein del av dei landa som skal vedtaka korleis den nye strukturen vert, vi kan i høgda seia kva vi ynskjer. EØS-avtalen er som han er.
Den strukturen som kjem, som vi ikkje heilt veit korleis vert enno, ligg an til å verta særs komplisert, og med ei mykje sterkare offentleg og byråkratisk styring enn dagens struktur, som enkelt og greitt er at kjøparar fortel kva dei vil betala for ei gjeven mengd, og produsentar seier kor mykje dei vil ha betalt for den same mengda. Så set den høgste prisen seljar og kjøpar vert samde om, prisen for all straum produsert og kjøpt i ein gjeven time.
Alt avgjort
Vedtaket om at det kjem ein nye marknadsmekanisme for straum, er alt fatta. Det vart vedteke under EU-toppmøtet den 15. og 16. desember. Til dette møtet vart det produsert eit såkalla non-paper, eit «diskusjonsutkast», som alltid er det fyrste dokumentet frå EU-kommisjonen når EU skal laga ny politikk.
Ein av rådgjevarane til EU-kommisjonen innanfor energi- og konkurransespørsmål er økonomen Natalia Fabra, professor i økonomi ved Universidad Carlos III de Madrid. Ho er sentral i EU-arbeidet med ein ny straumpolitikk. Det som kjem fram i denne artikkelen, er mykje bygd på hennar analysar av EUs non-paper og framlegg til ny straumpolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.