JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den gamle mannen og økonomien

Joe Biden har gått ut på dato, men etter dei fleste målestokkar har den økonomiske politikken hans vore ein suksess.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Biden på besøk hos vindkraft- selskapet CS Wind i Colorado 29. november i fjor. Fornybar energi har vore eit viktig satsingsfelt i industripolitikken til Biden.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

11546
20240802

Fakta

USA under Biden

BNP i USA ligg an til meir enn 8 prosent auke frå 2019 til 2024.

Ingen andre rike land har hatt så sterk vekst i denne perioden.

Arbeidsløysa under Biden har på dei lågaste nivåa på over 50 år.

På det minste i fjor var berre 3,4 prosent arbeidslause i USA.

Inflasjon har samtidig ete opp mykje av lønsauken.

Meiningsmålingar syner at eit fleirtal av amerikanarane trur at landet er i resesjon.

peranders@dagogtid.no

I sommar har dekninga av president Biden handla om alder, helse og kognitiv svekking, og dei politiske resultata har kome i skuggen. Men om vi ser på økonomi i staden for geriatri, har Biden-epoken på mange måtar vore svært vellukka. Veksten i USA har vore langt sterkare enn i Europa. Arbeidsløysa har vore den lågaste på 50 år, og lågtlønte i USA har hatt den beste lønsutviklinga på mange tiår.

For dette har den sittande presidenten fått fint lite utteljing i opinionen: Eit klart fleirtal av amerikanarane seier at dei mistrur den økonomiske politikken til Biden. Korleis kan det ha seg?

Ein triumf

Ei gjengs oppfatning er at økonomien er det som tel for veljarar flest, ofte oppsummert med slagordet «It’s the economy, stupid». Uttrykket stammar frå Jim Carville, som var valkampstrateg for Bill Clinton i 1992. Sjølv om president Bush hadde vore svært populær rett etter sigeren i Golfkrigen året før, tapte han likevel valet fordi amerikansk økonomi gjekk dårleg.

Men kvifor har Biden vorte så upopulær når han kan vise til gode resultat på ei rekke felt sidan han vart innsett som president i januar 2021? Utviklinga til amerikanske økonomi dei siste åra har vore «ein triumf», skreiv kommentator Martin Wolf i Financial Times i mai. BNP i USA ligg an til meir enn 8 prosent auke frå 2019 til 2024, ifølge Det internasjonale pengefondet. Det er den sterkaste veksten av alle rike land i denne perioden. I Japan har veksten vore under 4 prosent, og i Storbritannia har BNP krympa med 0,2 prosent i same periode.

Rekordlågt

Også sysselsettinga under Biden har vore svært høg. Arbeidsløysa var på veg ned etter covid-sjokket alt før han tok over, men under Biden har ho falle frå 6,3 prosent til dei lågaste nivåa på over 50 år. På det minste i fjor var berre 3,4 prosent arbeidslause i USA, i dag er talet kring 4 prosent. Arbeidsløysetala i Biden-åra har vore dei lågaste av alle amerikanske presidentperiodar, litt betre enn Harry S. Truman og Lyndon B. Johnson sine tal.

Etterspurnaden etter arbeidskraft har òg medverka til å drive opp lønene i USA i Biden-åra. Ikkje minst har dei lågtlønte, som sakka akterut i fleire tiår i USA, hatt ei god lønsutvikling. Medan inflasjonen var på sitt høgaste i 2022, vart rett nok denne lønsauken slukt av dei stigande prisane, og kjøpekrafta fall for dei aller fleste. Men sidan i fjor har inflasjonen i USA vore kring 3 prosent, og dei fleste amerikanarar har hatt reallønsvekst i Biden-åra. (Det skal seiast at lønene hadde ei tilsvarande positiv utvikling også under Trump.)

Låg tiltru

Økonomien i USA har også andre kjenneteikn på ein sterk oppgangsperiode. Fast eigedom har stige i verdi, så huseigarane har fått større formue. Også aksjespararar og -spekulantar har hatt gode år. Aksjeindeksen Standard & Poor’s 500 er på sitt høgaste nokon gong og meir enn 40 prosent over nivået ved innsettinga av Biden.

Trass i alt dette syner meiningsmålingane at eit fleirtal av amerikanarane trur at landet er i resesjon, altså at BNP krympar. Og skulda blir lagd på Biden. I vår svarte berre 38 prosent av dei spurde i USA at dei hadde tiltru til den økonomiske politikken til presidenten, medan 46 prosent trudde at Trump ville gjere det rette for økonomien om han vart president.

Årsakene til dette skal vi kome attende til om litt. Men kva har eigentleg vore kjernen i den økonomiske politikken til Biden – det han har prøvd å selje under namnet Bidenomics – handla om?

Kontantstøtte

Vi skal ikkje gå gjennom alle tiltakspakkane til presidenten her. Men eit viktig trekk ved politikken til Biden er ein ny vilje til politiske inngrep i økonomien – av mange ulike slag. Kontantutbetalingar til husstandar og bedrifter for å få hjula i gang etter covid-sjokket var alt innført under Trump i 2020, og under Biden kom nye store støttepakkar.

Det er verdt å merke seg at han la større vekt på å hjelpe husstandane direkte enn Obama gjorde etter finanskrisa i 2008. Den gongen handla det mest om store krisepakkar for å berge bankane og storselskapa, og å stimulere økonomien generelt med nullrente, noko som igjen skapte nye spekulasjonsbobler. Støttepakkane til Biden har hatt ein meir omfordelande effekt, og atthentinga etter covid-krisa har gått mykje raskare enn etter finanskrisa.

Kjære industri

Vel så viktig: Den sittande presidenten har hatt ein langt meir aktiv nærings- og industripolitikk enn forgjengarane sine. Alt hausten 2021 kom ei storsatsing på fornying av infrastrukturen i USA. Gjennom skattelette og subsidiar har Biden-regjeringa stimulert til sterk vekst i grøn industri i USA, ikkje minst i fornybar energiproduksjon. Dette har vore både sysselsettingspolitikk og klimapolitikk.

På liknande vis har Biden-regjeringa stimulert til store investeringar i teknologi som blir rekna som strategisk viktig for USA, ikkje minst produksjon av mikrobrikker og annan avansert datateknologi. Dette handlar ikkje berre om økonomi, men vel så mykje om stormaktsrivaliseringa med Kina.

Tollaren Biden

Den rivaliseringa gjev seg òg andre utslag, ikkje minst når det gjeld importvern. Mange kritiserte president Trump for å innføre toll på ei rekke importprodukt og starte ein handelskrig med Kina i 2018. Men mange av tollreglane har blitt verande under Biden, og til dels har satsane blitt heva. I vår innførte til dømes USA 100 prosent toll på elbilar frå Kina og 50 prosent toll på kinesiske solceller.

Trump-regjeringa innførte òg toll på import av stål og andre metall frå venlegsinna statar som Canada, Japan og europeiske land. Når også dette tollvernet heldt fram under Biden, har det truleg mykje med den komande valkampen å gjere: Tollen på stål og aluminium er der for å verne industri i viktige vippestatar i Midtvesten, der valet i praksis blir avgjort.

Lineskifte

Uansett: Anten vi ser på tollmurane eller den særs aktive industripolitikken, representerer Biden eit brot med lina til tidlegare demokratiske presidentar som Obama og Clinton. Gjennom fleire tiår var nesten alle leiande politikarar i USA – både demokratar og republikanarar – ivrige tilhengarar av frihandel. Den rådande tenkinga sidan 1980-åra var at fri handel over grensene skulle gje mest mogleg velstand for alle. Og med spreiinga av marknadsøkonomien verda over etter at kommunismen fall, skulle liberale verdiar og demokrati følge på kjøpet.

Slik gjekk det som kjent ikkje. Kina og Russland vart kapitalistiske, men langt frå demokratiske. I USA vart dei rike ufatteleg mykje rikare, medan industrien flagga ut til Kina og andre lågkostland, og millionar av amerikanarar sat att som working poor i dårleg betalte servicejobbar der lønene knapt steig frå tiår til tiår.

«Uansvarleg»

Dette er noko av bakgrunnen for at politikken har gjort comeback i økonomien. Som målestokk på kor mykje Biden skil seg frå dei demokratiske forgjengarane sine, kan vi nytte Lawrence Summers, finansminister under Clinton og ein sentral rådgjevar for Obama. Summers har vore ein hard kritikar av den ekspansive lina til Biden. I fjor sommar kalla han politikken til presidenten for uansvarleg og farleg, og meinte at pengebruken ville føre til langvarig inflasjon og stagnasjon i USA.

Summers meinte at ein sterk auke i arbeidsløysa måtte til for å få bukt med inflasjonen, og foreslo at eit år med arbeidsløyse på kring 10 prosent av arbeidsstyrken – grovt rekna 10 millionar ekstra arbeidslause – var rett medisin.

Men verken Biden-regjeringa eller sentralbanken i USA var samde med Summers, og dei ser så langt ut til å ha fått til ei såkalla mjuk landing. Sidan 2022 har inflasjonen gått bratt nedover utan at millionar av jobbar måtte ofrast. Sidan i fjor sommar har inflasjonsraten i USA vore kring 3 prosent, som er nær det historiske gjennomsnittet.

Prissjokket

Likevel er truleg inflasjonen hovudforklaringa på at Joe Biden har fått så lite anerkjenning for den økonomiske politikken sin. Da prisveksten tok av i 2022, og levekostnadene for folk gjekk rett i vêret, kom det som eit sjokk. Det året var inflasjonen på 8 prosent, og slikt har ikkje vore sett i USA sidan 1980-åra. Når folk ser prisane på mat og drivstoff skyte i vêret, og lånerenta gjer det same, er det ikkje lett å overtyde dei om at det eigentleg går bra med økonomien ved å vise til BNP-auke, låg arbeidsløyse eller investeringar i solcelleproduksjon.

Som nemnt har inflasjonsraten i USA no falle til normale nivå. Men skaden har skjedd, for prisane går ikkje ned, og levekostnadene er kring 20 prosent over det dei var i 2021. Amerikanarane opplever kort og godt at dei har fått det verre under Biden.

At inflasjonen etter covid-krisa var eit globalt fenomen, som berre delvis kunne forklarast med den økonomiske politikken i kvart land, har heller ikkje vore til hjelp for Biden. Det var på hans skift at prisane skaut i vêret, og han fekk skulda.

Mistolking

Dette prissjokket ser ut til å ha skapt eit inntrykk av at USA er i djup krise. Ei meiningsmåling som The Guardian fekk utført i vår, synte at 55 prosent av dei spurde trudde at økonomien til USA krympar. 49 prosent av dei spurde trudde at aksjeindeksane hadde falle i 2024, medan realiteten var at dei hadde stige med 12 prosent. Mest oppsiktsvekkande: 49 prosent trudde at arbeidsløysa var den høgaste på 50 år, når ho faktisk er ganske nær ved å vere den lågaste på 50 år. Med andre ord: Dei som skulle selje Bidenomics til folket, har ikkje lukkast særleg godt.

Den same meiningsmålinga tyder på at økonomien framleis er det viktigaste for folk flest – i alle fall er det det 88 prosent av dei spurde seier. Og det lovar ikkje godt for Demokratane i det komande presidentvalet.

Statsskulda

Om det er eitt tal som tyder på at USA faktisk er eit land i krise, er det statsgjelda. I år passerte den 35 billionar dollar for første gong. Gjennom mange år har det kome åtvaringar om at statsgjelda til USA ikkje var berekraftig og ville føre til stor ulukke. Like fullt har ho auka under alle presidentar sidan Calvin Coolidge på 1920-talet, og gjeldstaket har blitt heva gong på gong.

Men statsgjeld er ikkje noko folk flest merkar på kroppen, og lite tyder på at dette er viktig for veljarane. Det er heller ikkje så lett å slå politisk mynt på for Republikanarane: Under Trump auka gjelda til USA enda raskare enn ho har gjort under Biden.

Hyperaktiv

I alle fall: Om ein skal oppsummere den økonomiske politikken i Biden-åra, er det ikkje biletet av ein halvvegs dement president og ei handlingslamma regjering vi ser. Martin Wolf i Financial Times har kalla dette «den mest hyperaktive regjeringa sidan 1960-åra», og skreiv at «Bidens energi har vore forbløffande».

Ei liknande anerkjenning kom i vinter frå The Economist, som har ein langt meir liberalistisk innstilling enn presidenten og folka hans. «Biden har leidd den kanskje mest energiske amerikanske regjeringa på nesten 50 år», heitte det der i januar. Noko fekk han da til, den gamle mannen med den stive kroppen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Dei som skulle selje Bidenomics til folket, har ikkje lukkast særleg godt.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis