Den norske kyrkja som Islamsk Råds støttespelar
Den norske kyrkja var fødslehjelpar til den fyrste, varige felles organiseringa av muslimar i Noreg. Mellomkyrkjeleg råd var òg særs hjelpsam med å sikra at organisasjonen fekk statsstøtte til drift og løn av eit sekretariat.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre og nestleiar i Islamsk Råd Norge, imam Senaid Kobilica (t.h.), hadde ein felles pressekonferanse for å diskutera uroa etter publiseringa av Muhammad-karikaturane i fleire medium. Imam Mehboob ur-Rehman og leiar i Islamsk Råd Norge, Mohammed Hamdan, til venstre.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix
Utanriksminister Jonas Gahr Støre og nestleiar i Islamsk Råd Norge, imam Senaid Kobilica (t.h.), hadde ein felles pressekonferanse for å diskutera uroa etter publiseringa av Muhammad-karikaturane i fleire medium. Imam Mehboob ur-Rehman og leiar i Islamsk Råd Norge, Mohammed Hamdan, til venstre.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix
Tilhøvet mellom islam og kristendom og islam og Europa er ei av dei store spørsmåla i globalhistoria. Heilt sidan islam oppstod som ein religion blant beduinar og handelsfolk på den arabiske halvøya i fyrste halvdel av det 7. hundreåret, og dei lukkast med å feia kristendomen ut av store delar av det som i dag vert kalla Midtausten i laupet av eit hundreår, har tilhøvet vore prega av både konflikt og samarbeid.
Sidan 1500-talet har det ikkje vore éin femårsperiode utan krig mellom eit europeisk eller vestleg land og eit islamsk land, fyrst hovudsakleg på grunn av ekspansjonskrigaren til det islamske osmanske imperiet, og seinare, særleg på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, hovudsakleg på grunn av europeiske eller vestlege ekspansjonskrigar.
Nettopp fordi mange av desse krigane ikkje berre – og i nokre tilfelle ikkje i det heile – dreidde seg om religion, er den europeiske historia full av stereotype og difor mobiliserande forteljingar om kva som i tidlegare tider vart kalla «muhammedanarar» og «muselmannen».
På same måte er den islamske historia naturleg nok full av stereotype forteljingar om dei «vantru europearane», samstundes som det finst døme på at pavekyrkja og andre kyrkjer allierte seg med islam i nokre avgjerande augneblikk i europeisk historie.
I dette møtet mellom kulturar eller religionar har dei religiøse samfunna spela ei særs viktig rolle. Heile historia til Europa kan jo sjåast – og har vorte analysert – som ein relasjon med den islamske verda, og sjølve den europeiske identiteten oppstod i kamp mot islam, er det vorte hevda. I dag står på nytt Europa i ein situasjon der mange meiner at liberalitet og ytringsfridom må forsvarast mot autoritær islamisme og førmoderne førestillingar om korleis samfunn bør organiserast. Men innanfor det kristne perspektivet vil mange oppfatta sekulariseringa av samfunnet som eit like stort – om ikkje større – problem.
Då islam kom til Noreg, vart det nesten frå fyrste stund tydeleg at Den norske kyrkja, representert ved kyrkjas «utanriksdepartement», Mellomkyrkjeleg råd, hadde valt line: Framfor teologisk konfrontasjon eller diskusjonar om styrkar og veikskapar ved islam, gjekk dei inn for ein uvanleg strategi: Dei åtvara gong på gong mot slik kritikk og debatt. Dei var, sa dei, primært opptekne av å hindra at nordmenn utvikla stereotypar og fiendebilete av islam og muslimar. Tilhøvet mellom Den norske kyrkja og islam i Noreg i tiåra då islam vart ein norsk religion, er ei historie markert av ein sterk og uttrykt vilje til samarbeid og dialog frå Den norske kyrkja si side.
Skapte framveksten av islam som ein norsk religion eit heilt nytt høve til å søkja å gjenerobra stillinga til kyrkja og kyrkjeleiarane i det norske samfunnet? Skapte det internasjonale gjennombrotet potensial for ein ny felles front mot det dei meinte var ei trugande sekularisering av samfunnet? Eller trudde kyrkjeleiarane at dei skulle reformera islam eller byggja bru mellom dei som trur på Allah og dei som trur på Jesus gjennom dialog og nokre møte?
Dialog
Den norske kyrkja handla i tråd med dialogprogrammet til Kyrkjenes Verdsråd – ein organisasjon med kyrkjer med om lag ein halv milliard medlemer. Kyrkjenes Verdsråds reviderte utgåve av Guidelines on Dialogue with Living Faiths and Ideologies frå 1989 vart ein manual for det vidare engasjementet til kyrkja. Norske kristne leiarar hadde lenge vore særs opptekne av rolla til Kyrkjenes Verdsråd, og også eigen posisjon der.
I heile den perioden då islam vart ein norsk religion, var dette tilhøvet viktig for sentrale aktørar: Olav Fykse Tveit, som har vore generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd sidan 2009, og som dermed er ein av verdas mektigaste personar i det kriste miljøet, var ein av dei få personane som starta dialogarbeidet til Den norske kyrkja. Han som søkte å bli Kyrkjene Verdsråds førre generalsekretær (2003), Trond Bakkevig, men som tapte for ein kenyanar, var òg med i den vesle gruppa som byrja dialogarbeidet.
Etableringa
Det var òg i eit slikt dialogperspektiv at Den norske kyrkja inviterte representantar for muslimske grupper i Noreg til den fyrste konferansen for muslimar og kristne i 1988. Temaet var «Norge som flerkulturelt samfunn». Hovudideen på møtet var nettopp at muslimar i Noreg kunne praktisera religionen sin fritt innanfor dei multikulturelle rammene som var etablerte av den kristne staten, og samstundes verta møtte med sympati og støtte frå kyrkja.
Den 20. januar 1992 inviterte Mellomkyrkjeleg råd – det økumeniske organet i Den norske kyrkja – for fyrste gong i norsk historie til eit fellesmøte mellom representantar for kristne og muslimske miljø. (Møtet i 1988 var meir uformelt.) Føremålet var å etablera direkte og varig kontakt mellom kristne og muslimar, eller som det vart formulert: «Å ha ein offisiell, ordna kontakt med muslimske trussamfunn i Noreg.»
Av ymse årsaker vart møtet utsett. (Mellom anna var det uklart kven som skulle representera dei norske muslimane.) Men endeleg, den 15. desember 1992, vart det fyrste formelle møtet mellom muslimar og kristne i Noreg halde. Det samla 50 deltakarar, på initiativ frå kyrkja, og sjølvsagt – i tråd med at representantane frå kyrkja ynskte å signalisera likehandsaming mellom trusretningane – med om lag like stor deltaking frå kristne og muslimar.
Mot fiendebilete
Det var dialogarbeidet til kyrkja som var den sentrale krafta bakom etableringa, eller som dei sjølve har formulert det: «Invitasjonen utløste (…) dannelsen av IRN» (Jan Opsal, Norsk Tidsskrift for misjonsvitenskap nr 4, 2013). På dette tidspunktet fanst det ikkje ei sterk nok rørsle blant muslimar i Noreg for å organisera seg i éin felles organisasjon overfor staten. Det var dialogframstøyten til Den norske kyrkja som vart drivkrafta. Mellomkyrkjeleg råd var òg særs hjelpsam med å sikra at Islamsk Råd Norge fekk statsstøtte til drift og løn av eit sekretariat. Kyrkja var altså fødslehjelpar til den fyrste, varige felles organiseringa av muslimar i Noreg.
Organisasjonen kyrkja hjelpte fram, har ifylgje Islamsk Råd Norge desse målsetjingane: Dei skal «fremme muslimenes oppfatninger overfor myndigheter og offentlighet», arbeida for at «muslimer kan leve i det norske samfunnet og bidra til å bygge opp en norsk-muslimsk identitet», og «fremme samhold blant muslimer i Norge og ivareta medlemsorganisasjonenes rettigheter og interesser». (Sjå heimesidene til Islamsk Råd Norge, irn.no.) Målsetjingane inneheld ikkje eitt ord om trongen for dialog med kristne.
I eit historisk og jamførande perspektiv er det inga overdriving å kalla dette ei høgst uvanleg hending i tilhøvet mellom islam og kristendom: Den norske kyrkja var avgjerande for å skipa den fyrste muslimske fellesorganisasjonen i eit land med ei luthersk-evangelisk statskyrkje.
Kyrkjas mektige
Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge vart oppretta hausten 1993, og tok rolla som det mest sentrale nasjonale kontaktforumet for kristne og muslimar i Noreg. Mellomkyrkjeleg råd stod bak, men gruppa fekk heilt og fullt støtte av den norske staten. Rapportane frå møta Kontaktgruppa heldt i åra 1993–2012, vitnar om at ideen bak dialogen var den same i heile perioden: prega av sterk ideologisk overtyding om den fundamentale premissen om at «me alle er born av Abraham», og at skilnadene mellom religionane derfor var anten uviktige eller lett overkomelege.
Mange av pionerane i dette arbeidet har vorte sentrale meiningsberarar i historia til det internasjonale gjennombrotet, ikkje berre i samband med islam, men òg når det gjeld utviklingshjelp og innvandring. Dei to personane som førebudde det fyrste møtet i januar 1992, er gode døme på dette. Den fyrste var Olav Fykse Tveit, då teologisk konsulent i Mellomkyrkjeleg råd, men i 2009 altså vald til generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd. Vårt Land skreiv at det ikkje minst var på grunn av arbeidet hans i Midtausten at han fekk toppstillinga i Kyrkjenes Verdsråd (Vårt Land 27. august 2009). Den andre var Trond Bakkevig, då generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd, men med permisjon for å vera rådgjevar for utanriksministrane Frydenlund og Stoltenberg, frå 1997 medlem av sentralkomiteen i Kyrkjenes Verdsråd, der han altså stilte til val som generalsekretær i 2003 utan å vinna fram.
Då Mellomkyrkjeleg råd vart den sentrale krafta bak dialogforumet med norske muslimar, og dermed òg Islamsk Råd Norge, var ikkje det berre av di dei var opptekne av eit godt tilhøve mellom islam og kristendom i Noreg. Det hadde òg med dei internasjonale ambisjonane til sentrale aktørar å gjera. Kyrkjenes Verdsråd hadde fleire år tidlegare vedteke den nye lina mellom religionane, og nye retningsliner for å vera kristen i den moderne, fleirkulturelle verda.
Gjeve dei norske leiaranes nasjonale og ikkje minst internasjonale ambisjonar i det internasjonale religiøse nettverket var det viktig å kunna syna til positive resultat på heimebane. Og ein vellukka dialog måtte ha institusjonelle partnarar med ein viss formell og reell legitimitet i dei islamske miljøa. På grunn av ambisjonane til Mellomkyrkjeleg råd måtte ein difor oppretta eit islamsk råd i Noreg. Det var på eit slikt grunnlag dei kunne etablere kontaktgruppa for dialog mellom muslimar og kristne.
Andre sentrale aktørar då arbeidet starta på 1990-talet, var Atle Sommerfelt, som var generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd i 1993–94, og som seinare vart generalsekretær i Kirkens Nødhjelp (1994–2012) og biskop i Borg frå 2012, Hilde Frafjord Johnsen, som seinare vart statsråd for utviklings- og menneskerettssaker (1997–2005), Oddbjørn Leirvik, som seinare vart professor i teologi ved Universitetet i Oslo, og – på vegner av katolikkane – Kari Vogt, mykje brukt ekspert på islam i Noreg og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.
Støtte frå Kyrkja
Med det målet Kontaktgruppa hadde, og ynsket om å kunna syna til suksess i dialogarbeidet, var dei avhengige av Islamsk Råd Norge, men òg av at organisasjonen hadde legitimitet og vart trudd på som ein partnar som genuint ville ha dialog. Kontaktgruppa hadde altså utgangspunkt i Mellomkyrkjeleg råds erklærte og – er det grunn til å tru – ektefølte ynske om å skapa «større forståing mellom kristne og muslimar, og å møte muslimar i Noreg med respekt som ei religiøs gruppe, ikkje berre som innvandrarar» («Rapport til NØM/Mellomkirkelig råd frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd, 1992–1996»).
Den norske kyrkja kom til å føra ei ganske konsekvent line om dialog og opne armar overfor islam. I 1998 sende kyrkjelege leiarar ut eit hyrdebrev der dei åtvara, ikkje mot radikal islam eller islamisme, for det kritiserte dei aldri, men mot islamofobi og kritikk av islam mellom norske kristne. Kyrkja kunne jo ikkje kome på kant med dei dei framstilte som dialogvenlege. Aktivitetane og legitimiteten til Kontaktgruppa bidrog over tid og heilt systematisk til å fremja og vinna oppslutnad om ei tolking av islam og ikkje minst av det muslimske miljøet i Noreg som støtta opp under visjonen deira om dialog og semje.
Ein kunne ha tenkt seg at det var ein imam som fyrst vitja ei kyrkje for å seia noko om korleis islam skulle tilpassa seg det norske samfunnet, men det første møtet i eit gudshus mellom islam og kristendomen i norsk historie var omvendt: Den 28. desember 2000 vitja ein Oslo-biskop for fyrste gong ein moské – og den største av dei alle.
Biskop Gunnar Stålsett var ikkje invitert for å tala til moskélyden i «dialogens namn». Stålsett kom til moskeen Central Jamaat i Urtegata idet kring tusenvis muslimar var på veg heim etter å ha avslutta den religiøse markeringa av eid. Stålsett skulle altså ikkje tala til forsamlinga, men møta imamen der, Nehmat Ali Shah, eller Syed Nehmat, som Aftenposten titulerte han («Historisk bispebesøk på id al-fitr», Aftenposten 28. desember 2000).
Inga sjølvransaking
Då det vart kjent at den same imamen i 2002 – i samband med Kadra-saka og TV 2-dokumentarfilmen om omskjering av unge jenter – vart kjend for å seia at «muslimske jenter som gifter seg med en ikke-muslim, vil straffes i evig tid i helvete», fekk det ikkje noko å seia for dialogarbeidet, og det førte heller ikkje til noka offentleg sjølvransaking i Mellomkyrkjeleg råd eller dialoggruppa. Stålsett bar i 2000 med seg heimelaga gåver til imam Nehmat Ali Shah: ein borddekorasjon av bar, ljos og pynt, eple frå hagen og ei pakke med hans eiga preikesamling med tittelen Under samme himmel (Aftenposten 28.12.2000).
I 2004 tok dialogforkjemparane eit nytt initiativ til dialog og samarbeid som vekte meir oppsyn i Pakistan enn i Noreg: «Mullaher på besøk i bispegården», skreiv Aftenposten 22. juni 2004. Regjeringa Bondevik betalte for at ei rekkje islamske leiarar fekk kome frå Pakistan for å gjeste hagen til Stålsett. Kirkens Nødhjelp, under leiing av Atle Sommerfelt, og med Fykse Tveit i styret, var vertskap saman med regjeringa. «Vi vil lage et nettverk og få til et samarbeid med sentrale mullaer. Vi jobber med ulike kirker i Pakistan. Vi ønsker å få disse gruppene til å snakke sammen og forsterke arbeidet for religiøs toleranse», sa Sommerfeldt.
Mellom dei inviterte var Abdul Malik, ein av toppleiarane i det islamistiske partiet Jamaat-e-Islami. Dette skjedde samstundes med at leiaren av partiet, Maulana Abdul Malik, var nekta innreise til Nederland og Belgia, noko norske styremakter anten ikkje visste eller ikkje brydde seg om. I Pakistan vart det i ei av dei største avisene i landet kritisert at den norske regjeringa inviterte nett desse, men i Norge var det taust.
Same haust kom kyrkjeleiarane med eit nytt samla og organisert utspel; heile spekteret av trussamfunn, frå Aril Edvardsen og Åge Åleskjær til dei store misjonsorganisasjonane og Den norske kyrkja, stod bak ei felles fråsegn mot «islamofobi og muslimhets» («Kristenlederne sammen mot islamofobi og muslimhets», Kirken.no, 24. september 2004). To år seinare kravde det same pakistanske partiet som Kyrkja hadde invitert til bispegården, at dei danske teiknarane i Jyllands-Posten vart drepne, og dei var dei fyrste til å lysa ut dusør for å få dette gjort.
Kontaktgruppa sa ikkje noko, men det var heilt i tråd med dialoglina at Kirkens Nødhjelp – organisasjonen til Sommerfeldt og Fykse – var dei fyrste i Noreg til å gå ut offentleg å seie at muslimane vart krenkte av teikningane Vebjørn Selbekk trykte i Magazinet. Dei fordømde den norske redaktøren alt same dagen som teikningane stod på trykk. Fyrst seinare kom Islamsk Råd Norge på bana.
Leiaren av delegasjonen frå Pakistan i bispehagen i Oslo vann, som eit apropos, nokre få år seinare ein saudiarabisk pris for å vera den muslimen i verda som var ansvarleg for at flest personar hadde lært seg Koranen utanåt. Han avviste òg å fordøma terroråtaket på kristne på eit tivoli i Pakistan i mars 2016. Frå Noreg og Kontaktgruppa kom det ingen reaksjonar, for dialog innebar å leggja vekt på det ein var samd om.
Islamsk råd
«Mot slutten for et velfungerende Islamsk Råd», skreiv Aftenposten på leiarplass 30. mars 2017, etter at det vekte stor merksemd at dei tilsette ein kommunikasjonsarbeidar som brukte nikab. Det er ikkje heilt klart kva Aftenposten her tenkte på, sidan dei ikkje grunngjev konklusjonen, men Islamsk Råd Norge var med på eit vedtak om retten til å konvertera i 2007, og dei har gjennom heile levetida si gjort vedtak og kome med utspel som har vekt oppsikt. Zahid Mukthar, den fyrste organisasjonssekretæren, uttrykte forståing for drapet på Theo van Gogh. Kebba Secka, organisasjonsleiar og medlem av statsminister Kjell Magne Bondeviks verdikommisjon, var uklar om kjønnslemlesting utan å vita at det han sa vart filma med løynd kamera. Islamsk Råd Norge har gått i brodden for krav om kjønnsdelt symjeundervising, og dei har hatt eit uavklart standpunkt når det gjeld dødsstraff for homofili. Sjølvmordsbombing som militær metode er vorte forsvara av rådsmedlemer.
Men poenget her er ikkje at Islamsk Råd Norge ikkje har endra oppfatningar om religionens plass i samfunnet, eller synet på islam. Dette ville ha vore urealistisk, nett av di det dreier seg om djupe overtydingar. At dei ikkje har gjort det, er derfor heller ikkje historisk interessant eller oppsiktsvekkjande. Det interessante er rolla til Den norske kyrkja: Representantane for kyrkja har i realiteten forsvara dei gong på gong, og heile tida åtvara mot at kritikk av islam skaper fiendebilete og stereotypar.
Det er difor heilt i samsvar med det som har vore politikken i heile perioden, at leiaren i Presteforeininga gjekk imot kulturminister Helleland då ho kritiserte at Islamsk Råd Norge tilsette ein nikabkledd kommunikasjonsmedarbeidar.
Det var òg kyrkjerepresentantane som tok initiativ til feltimamprosjektet i Forsvaret: Det var altså ikkje eit initiativ frå norske muslimar, men frå kyrkja. Som Islamsk Råd Norge skriv: «Det var en begivenhetsrik seremoni med gode taler og god mat. Det er en historisk dag for oss alle, for det norske samfunnet og forsvaret som eksemplarisk vis inkluderer mangfoldet. Islamsk Råd Norge har i de siste 5 årene bistått dette prosjektet som ble initiert av Feltprestkorpset i Forsvaret.»
I folketeljinga etter fyrste verdskrigen talde dei éin muslim, då det internasjonale gjennombrotet byrja for femti år sidan, var dei ei handfull, og i dag er talet på muslimar i Noreg rundt 250.000. Islam er med andre ord vorten Noregs nest største religion, og den norske kyrkja har møtt framveksten på ein oppsiktsvekkjande måte samanlikna med kva som har vore vanleg i historia.
Det den norske kyrkja har oppnådd med denne politikken, er både å skape forum for dialog mellom religionar og å gjere kritikk av religionar generelt, men av islam spesielt, vanskelegare. Kyrkja har lukkast å gjere religion til eit meir sentralt politisk spørsmål i samfunnet, og seg sjølv – potensielt – til meir sentrale personar i samtida.
For som tidligare biskop Ole Christian Kvarme peika på i Dagbladet 19. mars 2016, etter rekka med islamistiske terroråtak i Europa: Den veksande vissheita om den islamske trua kan skape økt kristen identitet.
Terje Tvedt
Terje Tvedt er historikar.
Tidlegare artiklar i denne serien:
«Flyktar frå landet Noreg skapte» (1. september)
«Når politikarar vil vere spåmenn» (8. september)
«Det nye store ’vi’ og Abrahams born» (15. september)
Islamsk Råd Norge har gjennom heile levetida gjort vedtak og kome med utspel som har vekt oppsikt.
Islam er vorten Noregs nest største religion, og den norske kyrkja har møtt framveksten på ein oppsiktsvekkjande måte samanlikna med kva som har vore vanleg i historia.
Terje Tvedt: Noreg i verda
Ein serie om norsk samtidshistorie