Utanriks

Den nye kalde krigen

I det nye strategiske tryggingsdokumentet slår Joe Biden fast at Kina er USAs fremste fiende, men han lover òg at USA ikkje lenger skal prøva å velta regime. Han meiner altså det same som Donald Trump meinte.

Ronald Reagan var ikkje ein populær president i Europa, men her seglar hangarskipet kalla opp etter han, for fyrste gong i 2006. «Ronald Reagan» går på atomkraft og kan stort sett støtt vera til havs. USA har ti slike skip, mykje meir enn resten av verda til saman. Skipa er alltid omgjevne av destroyarar, ubåtar og kryssarar.
Ronald Reagan var ikkje ein populær president i Europa, men her seglar hangarskipet kalla opp etter han, for fyrste gong i 2006. «Ronald Reagan» går på atomkraft og kan stort sett støtt vera til havs. USA har ti slike skip, mykje meir enn resten av verda til saman. Skipa er alltid omgjevne av destroyarar, ubåtar og kryssarar.Ronald Reagan var ikkje ein populær president i Europa, men her seglar hangarskipet kalla opp etter han, for fyrste gong i 2006. «Ronald Reagan» går på atomkraft og kan stort sett støtt vera til havs. USA har ti slike skip, mykje meir enn resten av verda til saman. Skipa er alltid omgjevne av destroyarar, ubåtar og kryssarar.
Publisert

Verda er deprimerande. Bileta frå partikongressen i Beijing der den gamle presidenten, Hu Jintao, motviljug vart ført ut, medan den eineveldige Xi Jinping nikka likesælt og stira rett fram, kjem til å verta hugsa i tiår framover. Hendinga var politisk teater laga for å skremma. Her vart det synt fram rå makt.

No sundag vart det heile sementert. Det nye politbyrået inneheld frå no av berre Xi-nikkedokker. At Li Qiang, partisekretæren i Shanghai, frå februar 2023 vert statsminister, seier også noko om utviklinga. Qiang har gong på gong gjennom drakoniske tiltak stengt ned Shanghai, og med det skapt store problem i dei globale handelsrutene, noko som igjen har gjeve eit tilskot til ein global inflasjon vi ikkje har sett sidan 1970-åra.

Likt og ulikt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement