Energi
Den nye sarkofagen skal sikra Tsjernobyl i 100 år
Sist veke vart den gigantiske sarkofagen over Tsjernobyl-reaktoren formelt overlevert til presidenten i Ukraina.
Den nye sarkofagen i Tsjernobyl til om lag 15 milliardar kroner stod ferdig sist veke.
Foto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB scanpix
Sarkofagen er bygt over den sovjetiske atomreaktoren som eksploderte den 26. april 1986. Førre onsdag var det symbolsk overrekking av nøklane til Volodymyr Zelenskyj, som nyleg vart vald til president i Ukraina.
– Uheldigvis er den forbodne sona framleis eit symbol for korrupsjon, og tenestemenn tek imot muting frå turistane som smuglar ut ulovleg skrapmetall og brukar naturressursane. Alt dette skal me snart få stogga, uttalte den ukrainske presidenten. Han vona å gjera området til ein magnet for forskarar og turistar.
Blant dei som var til stades ved overleveringa av sarkofagen, var den 91-årige svensken Hans Blix. I 16 år var han generaldirektør for IAEA, Det internasjonale atomenergibyrået.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.