JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

8238
20240510

Rafah

Byen og fylket Rafah ligg lengst sørvest i Gaza.

Mellom 1,2 og 1,4 millionar menneske skal opphalde seg i Rafah.

Dei fleste er flyktningar frå områda lenger nord.

Den israelske hæren har gjeve over 100.000 menneske aust i Rafah ordre om å evakuere.

Måndag rykte israelske panservogner inn i Rafah.

USA, FN, EU og ei rekke land i Midtausten har bede Israel om å late vere å invadere Rafah.

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Den israelske innmarsjen i Rafah, området lengst sørvest i Gaza, har vore varsla i fleire månader. På måndag vart det alvor, etter at Hamas på søndag drap fire israelske soldatar ved grenseovergangen Kerem Shalom. Da kom flygesetlane og tekstmeldingane med ordre til over 100.000 palestinarar aust i byen Rafah og i landsbyar i nærleiken om å evakuere til eit område ved kysten i nord. Natt til måndag rykte israelske panservogner inn i området. Den israelske hæren (IDF) tok kontroll med stripa mot grensa til Egypt, inkludert sjølve grenseovergangen. I siste liten sa Hamas ja til eit forslag om våpenkvile lagt fram av meklarar frå Egypt og Qatar, eit forslag som innebar å lauslate nokre av dei attverande gislane. Våpenkvila vart avvist av den israelske regjeringa.

Truleg er langt over ein million menneske trengde saman i Rafah. Da Dag og Tid gjekk i trykken onsdag morgon, var det framleis uklart om dette er ein full invasjon eller ein meir avgrensa, innleiande operasjon. Mykje kan ha skjedd innan avisa kjem ut fredag. Dette er eit forsøk på å oppsummere kva som står på spel.

Raud strek

Det kan verke rart at Rafah har fått ein spesiell status i denne krigen. Øydeleggingane i Gaza er allereie kolossale, og det meste av infrastruktur på stripa er lagt i grus. Satelittfoto tyder på at over halvparten av alle hus i Gaza er skadde eller øydelagde. Ifølge helsestyresmaktene til Hamas er meir enn 34.000 menneske drepne og langt fleire skadde, og storparten av befolkninga er driven frå heimane sine. Ein invasjon av Rafah vil slik sett berre vere enda eit kapittel i tragedien. Og kanskje det siste kapitlet, dersom den israelske hæren kan vinne ein så knusande siger over Hamas at Netanyahu-regjeringa seier seg nøgd.

«Formaningar frå FN og EU gjer neppe så stort inntrykk på Netanyahu.»

Men ved Rafah har det blitt trekt ei grense – ikkje av Netanyahu, men av andre aktørar. Ikkje berre har FN lenge åtvara om at ein invasjon av Rafah vil føre til fryktelege konsekvensar. Også ei rekke allierte av Israel har talt mot ein slik innmarsj. Seinast denne veka protesterte regjeringane i Frankrike, Jordan og Egypt. Mykje viktigare er det at den største israelsvenen av alle er svært skeptisk. President Joe Biden har kalla ein Rafah-innmarsj for «ein raud strek» som Israel ikkje måtte krysse. Seinast på måndag skal president Biden i ein telefonsamtale igjen ha bede statsminister Netanyahu om å droppe ein bakkeinvasjon av Rafah.

Tettpakka

Rafah er namnet på både ein by og eit fylke (eit såkalla guvernement) sørvest i Gaza. Før krigen skal folketalet i fylket ha vore kring 270.000, medan kring 200.000 budde i byen Rafah. Sidan krigen tok til i oktober i fjor, har folketalet blitt mangedobla av flyktningane nordfrå. Ifølge Verdshelseorganisasjonen er det no over 1,2 millionar menneske i Rafah. Flyktninghjelpa meiner det kan vere så mange som 1,4 millionar. Dei er pressa saman på eit område som er 65 kvadratkilometer stort – litt større enn Trondheim by.

Det er ikkje slik at Rafah har gått fri for krigshandlingar: Israel har alt utført mange bombeåtak mot mål i området. Men ein full bakkeinvasjon av Rafah vil få svært alvorlege følger. Det er dels fordi så veldig mange menneske er pressa saman der, dels fordi så mange av dei er svekte og enda meir sårbare etter sju månader med krig. I tillegg er det ikkje mange stader i Gaza å rømme til. Og krigshandlingar i Rafah kan i tillegg blokkere transporten av naudhjelp via grenseovergangen frå Egypt. Om straumen av forsyningar over Rafah-grensa stoggar, kan det i seg sjølv koste mange liv i Gaza. I ein krigssone er svolten sjeldan langt unna.

I tillegg er den såkalla humanitære sona som Israel vil evakuere folk frå Rafah til, verken trygg eller eigna til ta imot store grupper med flyktningar, ifølge talspersonar for FN og EU. Volker Türk, FN-høgkommissær for menneskerettar, åtvara måndag om at den planlagde evakueringa inneber ei inhuman og lovstridig behandling av sivile i krig. «Eg er redd dette vil koste enda fleire sivile liv. Det er ingen trygge stader i Gaza», sa Josep Borrell, utanrikssjef i EU tysdag.

Statsminister Benjamin Netanyahu tek imot president Joe Biden i Tel Aviv 18. oktober, da Biden kom for å vise støtte etter terroråtaket elleve dagar før. No er Rafah-invasjonen eit problem i relasjonen mellom dei to nære allierte.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Egyptisk uro

Men slike formaningar frå FN og EU gjer neppe så stort inntrykk på Netanyahu. Truleg er omsynet til naboen i sørvest viktigare. Rafah ligg rett ved den 12 kilometer lange grensa mellom Gaza og Egypt. Så langt har egyptarane godteke krigføringa til Israel. Militærregimet i Kairo har ikkje noko imot at Hamas blir svekt eller knust. Den egyptiske alliansen med Israel har halde så langt, sjølv om det er sterk sympati med palestinarane og sinne mot Israel i det egyptiske folket. Men om det blir omfattande kampar i Rafah og hundretusenvis av menneske blir drivne på flukt, aukar det risikoen for at folk kan flykte over grensa. Det vil ikkje det egyptiske regimet ha noko av. I februar åtvara Kairo om at Camp David-avtalen frå 1978 kunne vere i fare om Israel invaderte Rafah.

Også framtidige fredsavtalar kan stå på spel. Den røynde Midtausten kommentatoren Thomas Friedman i The New York Times har skildra det som eit val mellom Rafah og Riyadh for Netanyahu: Om IDF går inn for fullt i Rafah, med fryktelege konsekvensar for sivilbefolkninga, blir det siste spikaren i kista for ein avtale som normaliserer forholdet mellom Israel og Saudi-Arabia.

USA avgjer

Likevel er det truleg berre USA som verkeleg kan påverke avgjerdene til den israelske regjeringa i denne saka. Snart vil det vise seg kor langt Biden er villig til å gå for å hindre ein full israelsk bakkeinvasjon i Rafah. Signala til no er tvitydige. Ifølge fleire amerikanske aviser skal USA nyleg ha halde att leveransane av visse typar ammunisjon til Israel som eit signal til Netanyahu.

På den andre sida er det berre to veker sidan den amerikanske kongressen godkjende ein ny militær bistandspakke til Israel, til ein samla verdi av kring 17 milliardar dollar. Samtidig kom ei ny løyving til humanitær bistand i Gaza. Den var på ein milliard dollar.

For statsminister Netanyahu er innanlandske omsyn truleg viktigare enn presset utanfrå. Etter terroråtaket på Israel 7. oktober lova han to ting: å knuse Hamas og å frigjere gislane. Truleg er ingen av delane moglege å oppnå utan å sende bakkestyrkar inn i Rafah. Ifølge israelske styresmakter held framleis Hamas på 132 av dei 250 gislane som vart tekne under terroraksjonen i oktober i fjor. Men kor mange av gislane som framleis er i live, er uvisst.

Langt att

Kor mykje som er att av styrkane til Hamas, er òg i det blå. Men i mars hevda talspersonar for IDF at opptil 13.000 palestinske krigarar var drepne i krigen. Kjelder i Hamas sa på si side til Reuters at tapa deira til da var på kring 6000 mann. Same kven som har rett, er rørsla langt frå utsletta. Før krigen tok til, skal den militære fløya til Hamas ha rådd over kring 30.000 krigarar. I tillegg meinte IDF at andre militante organisasjonar i Gaza hadde mellom 10.000 og 15.000 mann under våpen.

Sju månader med krig har openbert svekt Hamas sterkt. IDF meiner at berre fire av dei opphavlege 24 Hamas-bataljonane er att som organiserte einingar. Men målet til Netanyahu er langt frå nådd. Fleire tusen Hamas-krigarar og militante frå rørsler som Islamsk jihad er framleis på beina i Gaza, og IDF meiner at ein stor del av dei løyner seg i sivilbefolkninga i Rafah.

Dette er noko av bakgrunnen for at forsøka på fredsforhandlingar ikkje har kome nokon veg. Sjeldan har to partar i ein krig så ulike utgangspunkt: For Hamas vil det vere ein siger å overleve denne krigen utan å bli utsletta. For Netanayahu er det ingen siger om krigføringa hans ikkje klarer å utslette Hamas. Og den arme sivilbefolkninga i Rafah blir truleg brikker i det som kan bli eit langt og blodig sluttspel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis