Bára Baldursdóttir er islandsk historikar. I mange år har ho vore interessert i forholdet mellom islandske kvinner og amerikanske og engelske militære under den andre verdskrigen. Ho har skrive artiklar om temaet, og i fjor gav ho ut boka Kynlegt stríd med undertittelen Ástandid í nyju ljósi, som på norsk vert Seksuell strid. Motstanden i nytt lys.
Før den andre verdskrigen satsa Island på å vera nøytralt, men det tok ikkje engelskmennene omsyn til. Den 10. mai 1940, ein månad etter den tyske invasjonen av Noreg og Danmark, invaderte britane Island. Dette skjedde same dagen som Tyskland gjekk til åtak på Frankrike og Benelux-landa. Islands regjering protesterte sterkt mot invasjonen, men gjorde det klart at britane skulle behandlast som gjester. Sjølv om islendingane mislikte at landet vart drege inn i krigen, pusta mange letta ut over at det var britar – og ikkje tyskarar – som invaderte landet.
For å letta på byrda for britane tok amerikanarane over forsvaret av Island.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.