Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det EU som nordmenn røysta nei til i 1994, er eit heilt anna EU enn vi ser i dag. Eller?

Vi har spurt to ekspertar som stod på kvar si side for 30 år sidan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit valbarometer på Youngstorget i Oslo viste resultatet av MMIs daglege valmålingar før EU-valet den 28. november 1994. Fire dagar før valdagen viste pila nei-siger.

Foto: Berit Roald / NTB

12178
20241129

Fakta

Folkerøystinga i 1994

Norske veljarar røysta over norsk medlemskap den 28. november 1994.

52,2 prosent sa nei, 47,8 prosent sa ja.

Nei-sida vann med 130.000 røyster.

88,8 prosent av veljarane brukte røysteretten.

Ja-sida gjekk fram med 1,3 prosent samanlikna med valet i 1972, nei-sida gjekk tilsvarande ned.

Det vart nei-fleirtal i 14 fylke og ja-fleirtal i 5.

Kjelde: Hvem Hva Hvor 1995 (Schibsted)

EU

christiane@dagogtid.no

Om vi kunne skru klokka 30 år og eit par dagar tilbake, og stille henne til halv sju om morgonen, ville vi kunne sjå ein mann midt i 20-åra dele ut pamflettar kalla «Ikke dytt-nytt» på Oslo S. Det er Christian Anton Smedshaug som gjer ein siste dugnad for nei-sida før EU-røystinga den 28. november 1994.

– Vi la sterk vekt på at vi måtte unngå å bli dytta inn i EU. Tablettar mot svenskesuget vart delte ut, mimrar Smedshaug.

I Bergen ville vi kunne sjå ein Jan Erik Grindheim i 30-åra på stand, på dugnad for ja-sida.

– Eg hugsar valkampen som polarisert. Særleg splittande var spørsmåla nei-sida trekte opp, i første rekkje sjølvråderett og suverenitet, og i andre rekkje landbruk og fiske, seier han.

Vi veit kva side som vann: 52,2 prosent sa nei til EU-medlemskap, medan 47,8 prosent sa ja. Noreg heldt fram som Efta-medlem knytt til EU gjennom EØS-avtalen.

Men for Grindheim og Smedshaug tok dugnaden for ja- og nei-sida aldri heilt slutt. Begge har forfølgt EU i yrkeslivet, og begge har halde fast på grunnsynet sitt. Derfor kontaktar eg dei to når tida er inne til å gjere opp ein slags status: Kva EU sa vi nei til i 1994, og kva EU ser vi i dag? Utvikla unionen seg slik vi hadde venta oss?

Året 1994

Visse ting hugsar eg straks frå 1994: OL-floken, fargerike strikka trøyer og kronprinsen som tende den olympiske elden på Lillehammer. Årsrevyboka Hvem Hva Hvor hjelper meg vidare: Yasir Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin vart tildelte Nobels fredspris. Nato greip for første gong inn i Bosnia-krigen ved å skyte ned fire serbiske fly. Eit Russland leia av Boris Jeltsin gjekk til åtak på Tsjetsjenia.

Europa i 1994 var eit kontinent i endring etter at Berlinmuren og ei rekkje kommunistiske regime fall og Sovjetunionen gjekk i oppløysing. I kjølvatnet av den kalde krigen var EU tolv land med tyngdepunkt i Vest-Europa. Eit fredsprosjekt eller ein rikmannsklubb? Ja- og nei-sida gav ulike svar.

Dåverande Senterparti-leiar Anne Enger (då Lahnstein) og statsminister Gro Harlem Brundtland spelte hovudrollene for nei- og ja-sida i 1994.

Foto. Cornelius Poppe / NTB

Det EU i alle fall var i 1994, var ein økonomisk union med ambisjon om å innføre felles valuta og felles tryggleiks- og utanrikspolitikk. Alt dette låg inne i Maastricht-traktaten, som tredde i kraft i 1993. Men vi visste ikkje på dette tidspunktet korleis teori skulle verte sett om til praksis.

Det vi visste, var at Noreg, om vi sa ja, ville måtte delta fullt ut i EUs landbrukspolitikk, som ikkje var ein del av EØS-avtalen. Og sjølv om dåverande fiskeriminister Jan Henry T. Olsen fekk tilnamnet «No fish-Olsen», ville Noreg måtte verte ein del av EUs fiskeripolitikk. Dessutan ville vi måtte gje frå oss ein del av sjølvråderetten – sjølv om ja- og nei-sida såg ulikt på kva verknad det ville ha.

EU i 2024

Kva for eit EU ser vi i dag? Medlemslanda er meir enn dobla, til 27 land. Finland, Sverige og Austerrike sa ja i 1994 og gjekk inn året etter. Ti år seinare følgde ti i hovudsak austeuropeiske land etter (Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Slovenia, Malta og Kypros). Bulgaria og Romania gjekk inn i 2007 før Kroatia som siste land gjekk inn i 2013.

Hadde oppteljinga stoppa der, hadde EU sett ut som eit meir problemfritt prosjekt enn det i røynda har vore. I 2016 røysta 51,9 prosent av dei britiske veljarane for å forlate unionen, og i 2020 var brexit eit faktum.

Brexit er berre éi av fleire kriser EU har måtta handtere. På lista står finanskrise og etterfølgjande eurokrise, migrasjonskrise, covid-19-pandemi, krig i Ukraina og energikrise.

Samtidig har samarbeidet i EU vorte stadig tettare og meir omfattande.

Overraska

Kunne EU-ekspertane Grindheim og Smedshaug i 1994 sjå føre seg det EU vi har i dag?

For Smedshaug er svaret todelt.

– På fleire måtar er det EU vi har i dag, med ein utvida indre marknad og høgare grad av integrering, ei forlenging av dei utviklingstrekka vi såg i 1994. Det var også rimeleg å føreseie at landa som før var bak jarnteppet, ville orientere seg vestover, seier han.

I dei 30 åra som har gått sidan folkerøystinga, har Smedshaug skrive bøker om europeisk økonomi, EU og globale verdikjeder. I dag er han førsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og dagleg leiar i Agri Analyse. Han var dessutan med i EØS-utvalet som leverte ei offentleg utgreiing om Noreg og EØS i april i år.

Men det er også sider ved EU, seier han, som har overraska han.

– Eg hadde ikkje trudd EU skulle komme såpass dårleg ut økonomisk. Brexit var ikkje lett å sjå føre seg. Heller ikkje EUs klima- og miljøstrategi. Det at vi i dag skulle sjå på EU og uroe oss for at Sentral-Europa går mot avindustrialisering og levekårsfall – det er kanskje det mest overraskande.

– Eg ser eit overmot i EU-prosjektet.

Christian Anton Smedshaug, EU-ekspert

Overmot i EU

– Kva meiner du er dei største problema i EU i dag?

– Eg ser eit overmot i EU-prosjektet. Ein har trudd at ein kan handtere levekårsforskjellar i aust og vest, stor immigrasjon utanfrå og samtidig lage eit nytt energisystem med avfossilifisering. Ein har sett mange ambisiøse mål utan å ha ein plan, og enda opp med ein økonomi som ikkje er konkurransedyktig. USA trekkjer til seg investeringar og styrkjer produksjonen, og Kina utviklar stadig meir avansert produksjon, som no konkurrerer med til dømes europeisk bilindustri.

– Europeiske land utan eit EU ville jo også måtta handtere immigrasjon og industrivekst i Kina. Er det EU som er problemet?

– EU har to fundamentale problem. Det eine er euroen, som har vore uheldig fordi han har skapt for lite pengepolitisk fleksibilitet. Når så ulike økonomiar som Hellas og Tyskland har likt rentenivå, gjev det få høve til å respondere ved valutakursfall, til dømes. Det einaste næringslivet kan gjere for å betre lønsemda, vert då å setje ned inntekta til tilsette. Det andre er at EU har sett tøffe krav til eigen energiproduksjon og industri utan at andre land har gjort noko tilsvarande. EU har valt ein offensiv strategi, som har ført til høgare energiprisar og svekt konkurransekraft for industrien.

– Ser du styrkar ved 2024-versjonen av EU?

– Dei nye medlemslanda har fått relativt gode rammer for å utvikle seg. Det har vore ei monaleg overføring av teknologi og kapital, som også har medverka institusjonelt til å utvikle demokratiet i dei landa. Ein har også klart å skape likare vilkår innanfor forsking og studium, og gode høve til å flytte arbeidskraft, varer og tenester over grensene. EU skal ha ros for å ha bygd ned byråkrati knytt til flyt av varer og tenester over grensene. Men dette kunne ein løyst også med ein lausare modell.

– Vi har også 30-årsjubileum for EØS-medlemskapen vår. Bør vi feire det?

– Vi bør i alle fall markere det. EØS-avtalen har vist seg meir stabil enn EU-samarbeidet. Luxemburg, Noreg og Sveits er dei rikaste landa i Europa. Vi som står utanfor, greier oss betre enn dei som er innanfor. Sjølv om EØS-avtalen er krevjande politisk, løyser han ein del oppgåver. Vi har sett at Sveits-avtalen er meir krevjande, og at også Storbritannia har utfordringar etter brexit.

– Har du endra syn på EØS-avtalen?

– Eg har vore EØS-skeptikar. No er eg vel EØS-agnostikar. Så om det er ei endring, så er vel det riktig.

EU legg føringar

Grindheim legg vekt på at EU legg fleire føringar for Noreg i dag enn det som var tilfellet i 1994. Og skulda for det har vi sjølve, seier han, fordi vi har signert EØS-avtalen.

– Avtalen gjer at vi må følgje samarbeidet til punkt og prikke utan at vi får påverke.

Dei siste 30 åra har Grindheim skrive fleire bøker om EU og leia Europarørsla. I dag er han professor ved USN Handelshøgskolen – Universitetet i Søraust-Noreg. I tillegg er han engasjert i tenkjetanken Civita, der han nyleg har skrive om kvifor Noreg bør søkje om medlemskap i EU.

– Kunne du sett føre deg det EU vi ser i dag, for 30 år sidan?

– Nei, eg trur ikkje det. Sjølv om eg i 1998 redigerte ei bok med tittelen EU: fra økonomisk fellesskap til politisk union, så hadde eg ikkje sett føre meg eit så breitt og mangfaldig EU. Landa som har komme inn, er forskjellige, og det skaper utfordringar i det europeiske fellesskapet. Til dømes er folk i Italia, som tidlegare var svært positive til EU, no meir negative. Det har å gjere med immigrasjon og at EU ikkje har klart å ta eit felles ansvar for ein politikk som går ut over enkelte land.

– EU er eit fornuftig eliteprosjekt.

Jan Erik Grindheim, EU-ekspert

– Kva vil du seie er dei største utfordringane i EU no?

– Å ta vare på grunnprinsippa i det liberale demokratiet i det fleirkulturelle Europa. Også i Noreg ser vi jo no at éin av fire unge menn seier at likestillinga har gått for langt. Vi ser at prinsippa Europa har stått for, vert utfordra også i vårt samfunn. Europarørsla hadde eit slagord, «Fred, fridom og framgang». Vi må ta vare på demokratiet. Det er eit strev, men det er jo det einaste systemet som lèt seg forsvare. Som vi ser ved valet i USA, er det ikkje alltid fornufta som sigrar. EU er eit fornuftig eliteprosjekt.

– Smedshaug er ikkje imponert over den økonomiske situasjonen i EU. Er du?

– Det er eit ordspel som seier at USA innoverer, Kina kopierer og Europa regulerer. Så vi har nok sakka akterut i innovasjon dei siste åra. Så er spørsmålet om det er det einaste viktige. Vi har kultur, demokrati og velferd. Eg er også oppteken av verdiskapinga framover, men synest ikkje at suksess berre skal målast i pengar. Enkelte seier at Europa er eit museum, men det er eit flott museum. Eg synest ikkje Europa er så dårleg stilt som ein del skal ha det til.

– Bør vi feire 30 år med EØS-avtalen?

– Som tidlegare leiar av Europarørsla burde eg seie at vi bør feire alle avtalar med EU, men det er problematisk å vere så tett kopla til politikken utan å vere med på å bestemme. Men for industri og næringsliv er avtalen viktig.

1994 om igjen?

Korleis ville ein EU-valkamp vore om han skulle gå føre seg i dag? Ville vi få 1994 om att?

– Ja, dessverre, meiner Grindheim

– Eg trur han ville vorte altfor lik, sjølv om mykje har skjedd. Diskusjonen om landbruk og fisk burde vore annleis i dag. I 1994 vart det hevda at strukturane i norsk landbruk var heilt annleis enn dei var i EU. Men dei har dei same utfordringane i EU som i Noreg. Og fiskeri handlar jo om forvaltning, som må skje i fellesskap.

Han trur at nei-sida ville vore opptekne av energi og straumkablar til EU, som var mindre aktuelt for 30 år sidan, og at ja-sida ville trekt fram tryggleikspolitikk.

– For meg er EU først og fremst eit fredsprosjekt, så eg er ikkje så glad i å snakke om militært forsvar i EU-samanheng, men når Sverige og Finland har gått inn i Nato og Danmark har fjerna sine reservasjonar innan EUs forsvarspolitikk, så bør Noreg stå saman med Norden innanfor EU, ikkje saman med Island utanfor. Sjølv om EU ikkje er ein forsvarsallianse, er det ein politisk dimensjon i forsvarssamarbeidet.

ette satiriske veggmåleriet av Gro Harlem Brundtland på ein låvevegg i Vang i Valdres vart omstridd og berømt.

Foto: NTB arkivfoto Leif Jan / Hammerstad / NTB / HO

Smedshaug trur ein ny valkamp ville sett annleis ut i dag.

– I 1994 såg vi ei liberalistisk høgreside, som trudde på frihandel. Den veksande trenden på høgresida i dag er konservativ og nasjonalt orientert. Framstegspartiet konkurrerer om å verte det største partiet i landet med EU-motstand og EØS-skepsis. I SV og MDG ser vi at fleire argumenterer for EU med utgangspunkt i miljøsaka. Dei ville utgjere ein annan konstellasjon på nei-sida. Argumenta ville vore annleis. Ingen trur i dag at det vil vere nødvendig å gå inn i EU av omsyn til økonomien, så det vil handle meir om solidaritet, miljø og det evige fredsargumentet.

– Ville debatten kring landbruk og fiske vere den same i dag?

– Ja, det trur eg. Omfanget av næringane er mindre i norsk økonomi i dag og omfattar færre folk, men argumenta har stått seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis