Utanriks

Det grøne skiftet i bilbyen

WOLFSBURG: – Sjølvsagt er mange av medlemene våre uroa, seier Matthias Diesterheft i fagforeininga IG Metall i Wolfsburg. Den tyske bilindustrien førebur seg på meir klimapolitikk og tøffare krav etter valet.

Matthias Diesterheft i IG Metall Wolfsburg fortel at mange av medlemene er uroa over mørke prognoser. Sjølv har han stor tru på framtida til den tyske bilindustrien.
Matthias Diesterheft i IG Metall Wolfsburg fortel at mange av medlemene er uroa over mørke prognoser. Sjølv har han stor tru på framtida til den tyske bilindustrien.
Publisert Sist oppdatert

Røyken sig ut av skorsteinane og hyllar fabrikkbygget inn i ein kvit sky. Den mørkeblå Volkswagen-logoen på veggen er så stor at han er godt synleg frå den andre sida av byen. Wolfsburg er ein stad der alt eigentleg handlar om bil.

Byen er sjølve hjarta i Volkswagen-konsernet. Volk­wagen er Tysklands største bilprodusent og knivar med Toyota om å vere den som sel mest på verdsmarknaden. På fabrikken i Wolfsburg går produksjonen døgnet rundt. Byen har den høgaste verdiskapinga per innbyggjar i Tyskland. Og sjølvsagt har Wolfsburg også fleire registrerte motorvogner enn innbyggarar.

Samstundes

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement