Landbruk

Det mørknar for bøndene

Både næringsmiddelindustri og bønder står framføre ei konkursbylgje om det ikkje kjem på plass ei ordning som dekkjer all straumbruk, meiner bonden Nils Husveg.

Gulrotproduksjon på Varhaug. Denne produksjonen finst ikkje lønsam lenger.
Gulrotproduksjon på Varhaug. Denne produksjonen finst ikkje lønsam lenger.
Publisert

Snart kjem statsbudsjettet. Der er det varsla ei eller anna form for straumstøtte til næringslivet. Men éi gruppe får alt straumstøtte. Det er produsentane av matvarer, bøndene. Dei får i dag straumstøtte på 90 prosent over 70 øre på forbruk opp til 20.000 kWh per månad. Varhaug i Hå kommune på Jæren er ein stad der det vert produsert mykje mat. Korleis fungerer straumstøtta der? Nils Husveg er bonde.

– Hovuddrifta mi er høns. Eg har foreldra til slaktekyllingane. Mine høner og hanar leverer befrukta egg. Eg nyttar omkring 200.000 kWh i året. Då får eg støtte til alt. Men eg kan vanskeleg nytta mindre straum. Det er best for hønene å ha eit turt klima inne. Eg fyrer med ei varmepumpe på 30 kW. Ofte er det 100 prosent fukt i lufta ute. Då må det mykje straum til for å få fukta ut.

– Kor stor var rekninga for førre månad?

– Ho vart på 65.000 kroner, så skal eg få straumstøtte i ettertid. Eg har ikkje finrekna på kor mykje av rekninga som vert støtte, men det er klart at eg må betala mykje meir enn i normalår. Før låg rekningane på under 10.000 kroner i månaden. Men den fyrste eg tenkte på då eg fekk rekninga, var grannen min. Han er mjølkebonde og leverer 1 million liter i året. Han er ein typisk bonde her i området, der vi driv intens husdyrproduksjon. Han nyttar langt meir enn 20.000 kWh, med mjølkerobotar og alt. Eg vågar ikkje å tenkja på kor myke mjølkebøndene må betala no.

– Kva anna enn høns driv du på med?

– Eg byrja med gulrøter i 1985. Før var det slik at det vart importert mykje grønsaker som vi kunne dyrka sjølve. Grønsakbøndene som dreiv med tidlegproduksjon her i området, prøvde å få til ei produksjonskjede som kunne levera heile året. Innkjøparane ville ikkje kjøpa inn tidlegproduksjon før dei hadde fått selt det dei hadde importert. Dei som dreiv med tidlegproduksjon, sette då ut haustgrødeproduksjon til slike som meg. Då fekk dei kontroll på marknaden og kunne få selt alt av tidlegproduksjonen i eit normalt år. Det er vorte laga eit avansert system. For å få gulrøter som toler lagring godt, roterer ein nabo og eg produksjonen, slik at jord vert nytta til gulrøter berre kvart tiande år. Min produksjon er den som vert lagra for sal om vinteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement