JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det vi snakkar om når vi snakkar om vêret

Skal vi gle oss eller uroe over oss over dei norske varmerekordane denne våren?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
23. mai var den til da varmaste dagen i år fleire stader i landet. Ved Tjuvholmen i Oslo nytta mange høvet til å kaste seg i sjøen.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

11593
20240531
11593
20240531

Varmerekordane kom tett rundt i Sør-Noreg sist veke. Temperaturar over 30 gradar i mai månad i Trøndelag og Møre og Romsdal er ekstremt, og i media vart varmebølga stort sett omtalt med fryd. Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe stilte opp med ei rekke entusiastiske kommentarar i avisene. «Det er alltid gøy med rekorder, men det blir mer oppsiktsvekkende når det er snakk om langtidsmålinger og en såpass stor økning», sa han til Adresseavisen på søndag. «Sør-Norge har hatt en skikkelig varm mai i år, uvanlig varm. Årets mai konkurrerer med 2018 om å være den varmeste. Det blir litt spennende å se om vi klarer å slå rekorden», sa Walløe til VG.

Etter ein kald vinter er gleda over maivarmen forståeleg i eit land som Noreg. Likevel: Burde vi samstundes kjenne på noko anna òg? Ei uro, ei frykt for framtida? Ei kjensle av at noko er alvorleg gale?

Tid for uro

Somme har for lengst vore ute og helt malurt i begeret. «Hvor blir det av den kritiske vær­journalistikken», spurde Ole Petter Pedersen, redaktør i Europower, i eit innlegg i fagbladet Journalisten 23. mai. «Budskapet er soleklart: Det er så GØY med høye temperaturer, dere!», skreiv Pedersen. «At det varme været er en effekt av rekordhøy CO2-konsentrasjon og at det faktisk kan være negativt at temperaturen i Oslo har ligget 6-7 grader over normalen i midten av mai, blir overhodet ikke berørt. Dermed gjør vi ikke jobben vår på det kanskje aller viktigste feltet vi har å dekke: klimaendringene.»

«Det er ikkje noko katastrofescenario forskarane teiknar opp for Noregs del i dette hundreåret.»

På måndag kom også MDG-politikar Eivind Trædal med ein korreks til godvêrsjournalistikken: «Kjære journalister, dette er ikke vanskelig: Varmt vær er en gladnyhet, varmeREKORD er ikke en gladnyhet. (...) Når temperaturen på en gitt dag eller måned på et sted i Norge er høyere enn den noensinne har vært, er det ikke på tide å trekke fram bildene av badende barn, iskrem og jubel. Det er definitivt ikke en tid for å entusiastisk spørre hvilken rekord som kan bli knust neste gang. Det er tid for å være bekymra, og snakke om de farlige konsekvensene av global oppvarming», skreiv Trædal på Facebook-sida si.

For ein som er oppteken av miljø og klima, høyrest dette rimeleg ut. Men stemmer det?

Lyn og tore

Argumenta til Pedersen og Trædal er lett skjønlege. Klimaendringane er ein alvorleg trussel globalt, både for menneskesamfunn og økosystem. Og sjølv om ikkje ei einskild varmebølge i eit einskilt land i verda kan forklarast direkte med global oppvarming, er det ein underliggande samanheng. Enkelt sagt: Jo meir global oppvarming, jo fleire lokale varmerekordar. I kjølvatnet av ekstremvarmen sist veke fekk vi dessutan ei påminning om at ikkje alle utslag av eit endra klima kjem til å vere hyggelege. På måndag vart det sett ny noregsrekord med over 30.000 lynnedslag på eit døgn i Sør-Noreg, og himmelen opna slusene. På berre 20 minutt fekk hovudstaden over halvparten av normal månadsnedbør i mai. Og styrtregn må vi vente oss meir av i åra som kjem.

Men om vi tek utgangspunkt i gladsakene om varmerekordane i Noreg i mai: Er det så sikkert at dette var eit godt høve til å snakke om trusselen som klimaendringane representerer?

Da kan vi først sjå på kva slag klimaendringar forskarane faktisk har varsla for Noregs del i tiåra som kjem.

Denne veka har store delar av India hatt ei varmebølge av eit heilt anna kaliber, med temperaturar på over 50 gradar. Biletet er frå Ahmedabad 29. mai.

Foto: Amit Dave / Reuters / NTB

Varmare, våtare

Vi er ikkje lenger på år null. Som kjent har klimagassutslepp og global oppvarming alt endra klimaet vårt. Sidan 1900 har årsmiddeltemperaturen i Noreg stige med nærare halvannan grad, ifølgje data frå Meteorologisk institutt. (Nesten heile den auken har faktisk skjedd sidan kring 1980). Årsnedbøren i Noreg har i snitt auka med kring 20 prosent frå det som var normalen frå 1960 til 1990, og episodar med ekstremnedbør har blitt vanlegare. Klimamodellane tyder på at denne utviklinga skal halde fram gjennom dette hundreåret. Kor fort det vil gå, kjem an på kor store klimagassutsleppa blir.

Om vi tek utgangspunkt i eit ganske moderat scenario frå Klimapanelet til FN, der dei globale klimagassutsleppa byrjar å minke sakte i år 2050, tyder klimamodellane på at middeltemperaturen i Noreg skal stige med kring 1,7 gradar frå i dag til året 2100. I den framskrivinga, som vi har henta frå Norsk Klimaservicesenter, er det eit stort spenn av uvisse. Men om det stemmer nokolunde, inneber det ein stor temperaturauke som vil endre landet vårt på svært mange måtar. Det blir mindre snø, høgare tregrense, brear vil forsvinne, for å nemne noko. Økosystema blir påverka på ei rekkje måtar, somme artar vil døy ut i Noreg, andre vil ekspandere. Men gjev oppvarminga eigentleg grunn til panikk for oss menneske – vel å merke om vi avgrensar oss til å sjå på utsiktene for Noregs del?

Tviegga

Det er vanskeleg å svare ja på det spørsmålet. Eit kjølig land som Noreg blir ikkje uleveleg om middeltemperaturen stig med 1,7 gradar. Mange kjem truleg til å setje pris på den ekstra varmen. Den varsla nedbørsauken er derimot ikkje så triveleg, og særleg kjem ekstremnedbøren til å skape trøbbel. Uvêret «Hans» i august i fjor, som førte til at kring 4000 nordmenn måtte evakuerast, kan vere ein forsmak. Styrtregnet kutta veg- og jernbanesambandet mellom Austlandet og Trøndelag, øydela for nærare fire milliardar kroner, og var truleg den dyraste naturkatastrofen i noregshistoria.

Men for Noreg er ikkje meir nedbør i løpet av året berre av det vonde, for det hjelper til med å fylle kraftmagasina. Utan den nemnde auken på 20 prosent i gjennomsnittleg årsnedbør ville Noreg hatt ein langt vanskelegare kraftsituasjon enn det som er tilfelle i dag. Og om klimamodellane stemmer, kjem aukande nedbør til å gjere den norske vasskraftproduksjonen stadig større utigjennom hundreåret.

Også på andre felt er klimaendringane tviegga for Noregs del. For landbruket er flaum og anna ekstremvêr openbert negativt: I fjor sommar var det først tørke og deretter uvêret «Hans» som øydela avlingar i Sør-Noreg, og den norske kornhausten vart halvert frå året før. Slike somrar blir det truleg fleire av i framtida. Men om vi berre ser på temperaturauken som er venta, gjev den både lengre vekstsesong og rom for å produsere nye typar mat i Noreg.

«Noreg er blant dei vestlege landa med høgast prosentdel såkalla klimaskeptikarar.»

Havet stig

Kva med andre trugsmål frå klimaendringane? For mange land gjev det stigande havnivået grunn til uro. Om klimagassutsleppa går sakte ned frå kring 2050, ventar IPCC at havet kjem til å stige med kring ein halv meter innan 2100. Men eit stigande hav er ikkje eit like stort problem i Noreg som i kyststatar flest, for her hevar landet seg framleis etter istida. Området kring Oslofjorden og mykje av kysten i Trøndelag har stige raskare enn havet dei siste tiåra, og gjer det enno.

På Vestlandet, Sørlandet og i delar av Nord-Noreg, der landhevinga er mindre, går derimot landjorda i minus no. På sikt kjem havstiginga til å skape problem langs delar av norskekysten òg. Truleg kjem havet til å halde fram med å stige i fleire hundre år, sjølv om klimagassutsleppa skulle gå mot null. Men i Noreg blir neppe havnivået ein alvorleg trussel i dette hundreåret, om da ikkje issmeltinga på Grønland og i Antarktis byrjar å gå mykje raskare enn det IPCC reknar som sannsynleg.

Golfstraumen

Kva med vind? Mykje av Noreg er utsett for kraftige stormar, særleg haust og vinter. Vi har ofte fått høyre at klimaet i Noreg skal bli «varmare, våtare og villare» – og ordet «villare» høyrest ut som vi kan vente oss fleire stormar. Men klimaendringane ser ikkje ut til å auke faren for ekstrem vind nemneverdig for Noregs del. Om modellane til forskarane stemmer, blir det ikkje mykje meir vind i Noreg dei neste tiåra, verken i form av gjennomsnittleg vindstyrke eller fleire stormar og orkanar. Nokon klar tendens i slik retning er heller ikkje målt så langt.

For Noregs del er det største potensielle trugsmålet frå klimaendringane av det paradoksale slaget: Somme klimaforskarar meiner smeltinga av isen på Grønland kan føre til at sirkulasjonen til dei store havstraumane i Nord-Atlanteren stoggar opp. I så fall ville Golfstraumen slutte å frakte varme nordover, og det nordlege Europa ville bli langt kaldare. Ifølgje IPCC er det svært truleg at sirkulasjonen i Nord-Atlanteren blir svekt utover i dette hundreåret, men ein full stogg blir rekna som lite truleg.

Realisme

Denne gjennomgangen liknar truleg på ei bagatellisering av dei følgjene klimaendringane kan få for Noreg. Men det er meint å vere ei realitetsorientering. Det forskinga fortel om klimaframtida til Noreg, er alvorleg nok, og både naturen og samfunnet rundt oss kjem til å bli endra på svært mange måtar. Mange av endringane blir til det verre. Men det er ikkje noko katastrofescenario forskarane teiknar opp for Noregs del i dette hundreåret. Om ein krev at nordmenn skal sjå kvar lokale varmerekord som eit endetidsteikn, vil det stri mot både opplevinga vi har av vêret og røyndomen vi ser rundt oss, og mot det forskinga faktisk fortel om klimautviklinga her i tiåra som kjem.

Fleire spørjeundersøkingar tyder på at nordmenn er blant dei folka i verda som er minst urolege over klimaendringane. Som denne artikkelen har peika på, er ikkje det heilt utan grunn. Dei fleste land blir truleg råka hardare av den globale oppvarminga enn Noreg gjer, og Noreg er truleg betre rusta enn dei aller fleste land til å tilpasse seg klimaendringane. Å hevde dette er realistisk. (Men om det er alt ein legg vekt på når det gjeld klima, er det òg særs egoistisk.)

Skepsis

I tillegg kjem nokre mindre rasjonelle nasjonale særtrekk ved nordmennene: I 2022 synte undersøkinga Norsk klimamonitor at berre 44 prosent av dei spurde trudde at dei negative sidene av klimaendringane alt hadde vist seg her. Noreg er òg blant dei vestlege landa med høgast prosentdel såkalla klimaskeptikarar. Fleire store spørjeundersøkingar dei siste åra tyder på at kvar fjerde nordmann ikkje trur på at menneskeleg aktivitet påverkar klimaet. Slike overtydingar kan vi neppe sjå lausrive frå at Noreg er ein stor petroleumseksportør. Somme internasjonale spørjeundersøkingar tyder på at også andre store oljeprodusentar som Saudi-Arabia har ein liknande prosentdel klimaskeptikarar i befolkninga.

Slik vitskapsfornekting kan tene eit psykologisk føremål: Slik kan ein unngå ubehaget det skaper å erkjenne at mykje av velstanden vår har opphav i ein industri som er med på å gjere stor skade på verda.

Ulven finst

Fornekting av dette slaget er verken klokt eller sympatisk. Men det er utprega menneskeleg, fordi det dekker eit behov. Og det er knapt nokon kur mot kunnskapsfornektinga å krevje at folk kjenner på angst eller klimaskam om vi opplever 30 varmegradar i Noreg i mai. Ei vårleg varmebølge etter ein kald vinter er, isolert sett, eit behageleg fenomen og ikkje eit problem. Om vi overdriv alvoret i klimaendringane i Noreg, og ropar ulv i utide, kan det verke mot føremålet. Det kan forsterke mistrua til klimaforskinga, ei mistru som alt er deprimerande stor her til lands. Det kan òg gjere det vanskelegare å innsjå alvoret i klimaendringane der dei verkeleg råkar folk hardt. Og det skjer stadig fleire stader i verda.

Denne veka har alvoret vist seg nok ein gong i India. Store delar av landet er råka av ei varmebølge som får den norske våren til å verke kjølig. På onsdag vart temperaturen i hovudstaden Delhi målt til 52,9 gradar celsius. Den rekorden vil neppe nokon meteorolog omtale med entusiasme.

Per Anders Todal er journalist i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis