Diktatorens langsame død

Måten statsleiarane døyr på, kan gje oss interessante innblikk i korleis regima deira vert styrte. Dødsmåtar er maktpolitikk.

Arkiv: 8. mars 1953. Stalin på lit de parade i kolonnesalen i fagforeiningshuset på Sverdlov-plassen i Moskva. Frå venstre: V.M. Molotov, K.E. Vorosjilov, L.P. Berija, G.M. Malenkov, N.A. Bulganin, N.S. Khrusjtsjov, L.M. Kaganovitsj, A.I. Mikojan.
Arkiv: 8. mars 1953. Stalin på lit de parade i kolonnesalen i fagforeiningshuset på Sverdlov-plassen i Moskva. Frå venstre: V.M. Molotov, K.E. Vorosjilov, L.P. Berija, G.M. Malenkov, N.A. Bulganin, N.S. Khrusjtsjov, L.M. Kaganovitsj, A.I. Mikojan.
Publisert

Femte mars var det sytti år sidan Josef Stalin døydde. På same dato sju år før hadde Winston Churchill halde sin namngjetne tale om jarnteppet. Om den nye politiske situasjonen i Europa, der dei gamle hovudstadene i verdsdelen – Warszawa, Praha, Budapest, Beograd, Sofia, Bucuresti – alle no låg bak det jarnteppet som den sovjetiske diktatoren hadde senka over Europa, «frå Stettin i nord til Adriahavet i sør».

Churchill peika lett ut den som var skuldig i denne nye kløfta. Det var hans gamle drikkekamerat frå krigen, Josef Vissarinovitsj Dzjugasjvili.

Stalins krigsallierte fekk ein meir fredeleg lagnad enn han sjølv. I det heile er det interessant å undersøkja korleis statsleiarar døyr. For det seier mykje om makttilhøva i regima deira.

Churchill skulle få leva tolv år til og trekte sitt siste andedrag i senga i London omgjeven av stor fagnad. Lagnaden til Hitler kjenner vi alle. Franklin D. Roosevelt døydde i senga si 12. april 1945, mett av dagar, på rekonvalesens. Han ligg no i Hyde Park i New York.

Charles de Gaulle fekk eit massivt slag idet han skulle leggja kabal. Han hadde nettopp tapt ei folkerøysting han ikkje trong skriva ut. Det fyrste kona Yvonne gjorde, var å brenna alle dei private sakene til generalen, inklusive uniforma, for å hindra at dei skulle hamna i ein glasmonter i eit museum.

De Gaulle ville kvila ved sida av dotter si, Anne, som hadde Downs syndrom, og som han elska. No er dei alle gravlagde i landsbyen Colombey-les-Deux-Églises, der det òg står ein gigantisk Lorraine-kross på ei høgd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement