Energi

Dommen i vinden

Høgsterettsdommen om vindkraftverka på Fosen gjev staten stort handlingsrom, meiner jussprofessor Eirik Holmøyvik.

Fosen-aksjonistane har denne veka prega nyhendebiletet og blokkert fleire departement. Kva dei får til på Fosen, er derimot høgt usikkert.
Fosen-aksjonistane har denne veka prega nyhendebiletet og blokkert fleire departement. Kva dei får til på Fosen, er derimot høgt usikkert. Fosen-aksjonistane har denne veka prega nyhendebiletet og blokkert fleire departement. Kva dei får til på Fosen, er derimot høgt usikkert.

Det er skapt mykje historie innanfor veggene i det som i dag er Olje- og energidepartementet, og denne veka skjedde det igjen. Bileta av samiske demonstrantar som vert borne vekk av politiet, forsvinn nok ikkje frå folks medvit sjølv om nyhendeverdien av demonstrasjonane etter kvart kan avta.

Det er òg lett å forstå at demonstrantane ser grunn til å protestere. Over 500 dagar har det gått sidan Høgsterett i storkammer slo fast at vindkraftverka Storheia og Roan på Fosenhalvøya i Trøndelag var ulovlege, og framleis sviv dei 151 vindturbinane i vindkraftverka vidare som før. At demonstrantane skal vinne fram med kravet om å fjerne turbinane, er likevel langt frå sjølvsagt.

For å skjøne kvifor, må vi til Høgsterettsdommen.

– Tok for lett på alt

Høgsterettsdommen er rett nok både samrøystes og utvitydig på at vedtaka som dannar grunnlag for dei to vindkraftverka, krenkjer reindriftssamane sin rett til kulturutøving etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, og difor er ugyldige. Men han er også klar på at det ugyldige følgjer av at det ikkje ligg føre tilfredsstillande avbøtande tiltak knytte til dei to vindkraftverka – som vil seie tiltak for å minimere dei uønskte verknadene av utbygginga.

Det Høgsterett med andre ord seier, er at vindkraftvedtaka kunne vore gyldige om dei inkluderte gode nok avbøtande tiltak for reindrifta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement