JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Draumen om nattog

– Det vil vere betre for Noreg på sikt å sørgje for at me har gode nattog, både i Noreg og ut til Europa, seier Pernille Bonnevie Hansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Innan 2030 skal det vere mogleg å ta nattog frå Oslo til København, og kanskje vidare til Hamburg.

Foto: Cornelius Poppe

7431
20240712

Samtalen

Pernille Bonnevie Hansen er nestleiar i Naturvern­forbundet og moderator i Facebook-gruppa Togreiser

Aktuell: Nattog til København

sofie@dagogtid.no

I det reviderte nasjonalbudsjettet er det vedteke nattog frå Oslo til København innan 2030. Pernille Bonnevie Hansen er nestleiar i Naturvernforbundet og moderator i Facebook-gruppa Togreiser.

– Gruppa er i kraftig vekst, og me er oppe i 70.000 medlemmer. Sida vår har stor aktivitet. Det og veksten tyder på at mange byrjar reise med tog no. Dei har mange spørsmål, så me er i medvind.

– Fram til tidleg på 2000-talet kunne me vakne opp i storbyar som Hamburg og København. Kvifor slutta ein å tilby dette?

– Eg rakk diverre aldri å ta nattoget sjølv, men kvifor leggje ned desse rutene? Det var ei uheldig følgje av utbygginga av Øresundsbrua, som gjorde det teknisk krevjande å halde fram med dei same toga mellom Sverige og Danmark, samstundes som bilturen vart korta inn. Det var mange nattog som vart lagde ned på den tida, både i Noreg og Europa. Det var utslagsgivande at det vart dramatisk mykje billegare å fly. Paradoksalt nok i Europa handla det også om at ein fekk snøggtog. Dette gjorde at fleire valde toget, men det tok også bort ein del nattog.

Sjå til Sverige. Dei har fått to nattog mellom Stickholm, Hamburg og Berlin, seier Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet.

Foto: Fartein Rudjord

– Er det realistisk å få nattog innan 2030, slik Stortinget har vedteke?

– Absolutt. Og det er mogleg å få det til raskare dersom ein berre ser på sporkapasiteten. Utfordringa er mangel på togmateriell. Der heng me bakpå.

– Heng ikkje Noreg ganske bakpå generelt når det gjeld togtransport, samanlikna med andre land i Europa?

– Eg er ikkje einig i det. Eg har reist mykje rundt i Europa med tog og har opplevd både dårlegare og betre komfort enn i Noreg. Vil ein ha maten servert i ei restaurantvogn, med duk og skikkeleg bestikk, må ein reise til Aust-Europa. Komfort i togsetta varierer mykje i Europa.

– Men ein høyrer jo stadig om kansellerte tog, buss for tog og signalproblem?

– Når me sit i Noreg og høyrer at me heng etter, så handlar det til dømes om denne påska, då det vart store forseinkingar på grunn av snø. Då kjennest Noreg som eit u-land. Likevel, mange land og tog ville hatt problem med avviklinga når det kjem så store snømengder. Opplevinga er god, meiner eg, men me har eit etterslep på vedlikehald av banenettet, innkjøp av nye tog, og no buss for tog på Nordlandsbanen fordi me manglar ekstra lokomotiv når dei er på vedlikehald. Det er mykje vedlikehald om sommaren, men det er ein del av det å ta vare på det me har. Det er jo eit godt teikn at ein faktisk forbetrar banenettet.

– Som jo fører til store forseinkingar.

– Me har ein tendens til alltid å hugse det som ikkje gjekk så bra. Det er alltid noko ein kan klage på, likevel, dei aller fleste toga kjem inn på tida. Faktisk er tog meir punktlege enn fly. Me opplever toget som oftare forseinka enn det faktisk er.

– Det går bussar, fly og båt til København. Og tog via Göteborg. Treng me eit nattog?

– Eg trur styresmaktene kjem til den konklusjonen – som eg òg har kome til – at nattoget skal halde fram heilt til Hamburg. Derifrå kan ein reise overalt. Men ja, toget går jo alt i dag, så kvifor også eit nattog? Det handlar om dei som ikkje bur i Oslo. Ønskjer dei å reise med tog til Europa, er det særs tungvint slik det er no. Tek ein til dømes morgontoget frå Bergen til Oslo, rekk ein akkurat ikkje ettermiddagstoget til Sverige. Men det handlar ikkje berre om at me skal kome oss ut. Betre togsamband vil gjere det enklare for europearar å kome til Noreg. Er du ein miljømedviten nederlendar eller tyskar og ønskjer noregsferie, endar du fort opp i Sverige i staden etter å ha sett på togruta. Gjer me det lettare å reise miljøvenleg til Noreg, vil dette vere positivt for turistnæringa.

– Tog er dyrare enn fly. Vil folk vere viljuge til heller å reise med tog?

– Som nemnt er det ein auke i dei som ønskjer å reise med tog. Det er heller ikkje slik at det alltid løner seg å flyge. Planlegg du fram i tid, er ikkje ulikskapen så stor. Så kjem det an på kvar me vil vere som samfunn, men me skal fly mindre. Då kan me velje å reise mindre og halde oss heime, og når me treng reise langt, bør me gjere det med tog. Då er nattog ein god start, og det at det finst korresponderande ruter som gjer at me kjem oss av garde.

– Og nattog er komfortabelt dersom ein har ei seng. Skal ein reise rimelegare frå Oslo til Bergen, blir det fort eit sete. Kvifor ikkje gjere som i Aust-Europa, der du kan kjøpe ei seng i ei open sovevogn, eit billegare alternativ enn kupé?

– Ja, kvifor driv me med sitjeplassar på nattog? Det handlar om at jernbanen vil bruke same materiell på dag- og nattog. Det kjem til å skje også med dei nye toga som kjem til Noreg.

– Det høyrest bakvendt ut?

– Politikarane hamnar i spagat. Dei vil spare pengar og gjere det til eit tilbod folk ønskjer å bruke. Då inngår dei eit kompromiss, mindre komfort og plass til fleire folk.

– Korleis kan ein gjere nattog attraktivt når ein må sitje vaken på eit hardt sete heile natta?

– Det vil vere betre for Noreg på sikt å sørgje for at me har gode nattog, både i Noreg og ut til Europa. Eit større nettverk gir oss fleire val. Ei løysing som blir diskutert i Toggruppa, er at ein køyrer nattogvogna frå Oslo til Lund og så koplar vogna på nattoga som går frå Stockholm til Berlin eller Amsterdam. Dette skjer jo alt med nokre av nattoga me kan reise med. Dette krev at me har tog med sett som er separate frå lokomotiva. Dei nye vognene som blir kjøpte no, er motorvognsett, altså er lokomotivet og vogna éin kropp. Det er mogleg å kople av og på, men ikkje like lett å gjere det.

– Har me råd til dette?

– Spørsmålet er om me har råd til å la vere. Sjå til Sverige. Dei har fått to nattog mellom Stockholm, Hamburg og Berlin. Det første er Snälltåget, som køyrer kommersielt. Dei har sett opp fleire togtilbod og ser at dei blir brukte. Ein god del svenskar lytta til Greta Thunberg, la om vanane sine og ønskjer å reise med tog. Tilbodet har lønt seg. Du kan reise frå Sverige til Alpane for å stå på ski. Det andre som er interessant, er at SJ køyrer nattog heile året (Snälltåget går berre i feriane), og regjeringa har valt å finansiere det gjennom inntekter frå klimaskatt. Dei tek pengar over frå fossil til fornybar. Sverige ser behovet for å omstille seg.

– Har Sverige fått ned flytrafikken?

– Det veit eg ikkje, men dei ligg uansett langt under oss.

– Me er i verdstoppen når det gjeld å fly innanlands mellom dei store byane. Bør me ikkje heller bruke pengane på å betre togtilbodet i Noreg?

– Me må nok gjere begge delar. Det må bli lettare for fleire å velje toget. Me har jo direktetog mellom dei store byane. Men er det pendlarane eller dei langvegsreisande me skal prioritere? Og skal prioriteringane vere dei same i løpet av heile året, kan ein spørje seg.

– Som moderator i Facebook-gruppa Togreiser reknar eg med du skal på togferie i sommar?

– Eg forventa at det kom til å bli varmt i Europa i sommar, så eg var på interrail i mai og skal ein tur til Polen i september. Så mine togferiar i år er utanfor sommarmånadane. Men eg ønskjer alle som skal reise med tog i sommar, ein god tur! Det beste med tog er at du kan besøkje fleire land når du reiser. Balkan er eit fint område å reise med tog i, og då får du jo også med deg litt av Vest-Europa på vegen dit.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis