Energi
Dyrt og vanskeleg
Det vert meir og meir tydeleg at klimamåla til regjeringa er umoglege, og at dei tiltaka dei alt har sagt dei vil ha, vert så dyre at dei står i fare for å kollapsa.
Statsminister Jonas Gahr Støre vitjar Gulen og Hyllestad kommune i Vestland fylke i juni 2022, der dei flytande vindturbinane til Hywind Tampen blir monterte.
Foto: Bjørnar Morønning / NTB
Det har byrja å koma meir realisme inn i den norske klimasatsinga. I samband med ny nasjonal transportplan bad regjeringa Avinor, Bane Nor, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen og Nye veier om å rekna på kva som må til for at transportsektoren skal nå det klimamålet Noreg har meldt inn etter Parisavtalen. Der seier vi at vi skal redusera klimautsleppa med 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990.
Konklusjonen i dei ulike rapportane som kom før påske, er heilt eintydige: «De gjennomførte analysene viser at det ikke er mulig å nå klimamålene med realistiske tiltak og tilhørende nødvendig virkemiddelbruk innen 2030.»
Dyre elbilar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.