– Eg trur på arvesynda
– Eg sit ikkje med frykt for domedag, heller ein tryggleik om at Gud og det gode sigrar til slutt, seier den nye biskopen i Oslo katolske bispedøme.
Laurdag 18. januar blei Fredrik Hansen den nye biskopen i Oslo katolske bispedøme. Kvar står han i dei sentrale lærespørsmåla i den kristne trua?
– I kyrkja er det fleire dogme som står fast. Vi kan ta kanskje det viktigaste først: Trur du at Jesus var Guds son?
– Det gjer eg. Trua på at Jesus er «sann Gud av sann Gud» og «stod opp frå dei døde tredje dagen», er kjernen i kristendomen og derfor det mest sentrale i livet mitt. Frå dette kjem kallet til å følgje Herren som hans læresvein. Utan denne trua og eit personleg forhold til Kristus kunne eg korkje ha vore prest eller biskop, fordi eg ikkje ville ha vore ein kristen.
– At det ein gong fanst ein mann som heitte Jesus, kan ingen motprove. Men korleis kan du tru på eit slikt mirakel, at nett dette mennesket var sonen til sjølve opphavet til alt?
– Eg trur fordi eg set lita mi til det Gud har openberra og kyrkja har nedfelt. Det historia fortel oss om Jesus, peikar til det skrifta og tradisjonen fortel oss om han, og vice versa.
Guds nåde
– Men kva kjem frå di side i denne trua? Du får til å tru, men mange får det ikkje til. Korleis kan dette ha seg? Valde du trua, eller fekk du henne i gåve?
– Trua er både ei gåve og svaret vårt på Guds nåde. Samstundes er trua ikkje noko som kan oppretthaldast utan at vi «jobbar» med henne. Forholdet vårt til Gud, trua, krev som alle mellommenneskelege forhold at vi investerer i det og viser truskap og tillit. Som i forholdet vårt til kvarandre har forholdet vårt til Gud ofte gode og utfordrande dagar. Slike utfordrande tider krev tillit og truskap for å kome igjennom.
– Trur du på arvesynda, altså at kvart menneske er fødd syndig?
– Ser vi på verda rundt oss, eller ærleg inn i vårt eige liv, er det vanskeleg å konkludere med noko anna enn at menneskenaturen er skadd. Frå krig, vald og urettvise til fordøming og griske tankar trekker vondskapen stadig mennesket til det som øydelegg, og mennesket fell for freistingane. Så ja, eg trur på arvesynda. Samstundes er ikkje arvesynda og synda det heile. Trua på at livet med Kristus er mogleg og vil setje oss fri, er det som bør drive livet vårt som kristne.
– Om mennesket er syndig, og om Gud skapte mennesket, kvifor skapte Gud mennesket med denne vondskapen i seg?
– Mennesket blei ikkje skapt vondt. Det vonde kom inn i mennesket, og den første synda førte med seg ein skade for alle som høyrer til denne slekta. Dermed er søkinga vår etter å leve i tråd med Jesu lære ei søking etter å leve slik mennesket bør og skal leve, slik mennesket blei skapt til å leve.
– Trur du at Gud har ei meining med all vondskapen i verda?
– Vondskapen kjem ikkje frå Gud. Det er ikkje slik at Gud fører fram krig for at hundretusen skal døy eller drivast på flukt. Menneska tar val som leier til vondskap. Samstundes kan Gud vende noko vondt til noko godt eller la godleiken spire midt i det som ser så øydeleggande ut. Krossen er det fremste eksempelet på dette, dette forferdelege instrumentet for død og liding blei ved Kristi offerdød til eit middel for vår frelse.
– Gud kan vende noko vondt til noko godt, seier du. Er ikkje det noko uhyrleg, ja, pervertert, med den setninga? Korleis kan noko «vondt» vere «godt»?
– Det vonde er vondt. Ei synd er ei synd. Det øydeleggande er øydeleggande. Men midt i vondskapen og midt i det vonde kan det gode syne seg og sigre.
– Så får ei åtteårig jente leukemi, til dømes. Det er berre vondt, det skal ikkje gjerast til noko godt. Kvifor kan ikkje Gud gripe inn og late henne sleppe?
– At menneske opplever smerte, sjukdom og liding, skal vi ikkje bortforklare. Det er ein del av det jordiske livet. Guds allmakt kjem til uttrykk i Guds «uransakelege vegar», som Paulus skriv.
Domedag
– I kristentrua skal Jesus kome att for å døme levande og døde. Trur du på domedagen?
– Ja. Ordet domedag kan høyrast negativt og skremmande ut, men er faktisk eit gode i den kristne trua. På den dagen vil Gud ta det endelege oppgjeret med det vonde, med synd og død. Alt det øydeleggande vi ser synda gjere i verda og i livet vårt, vil då møte og tape for Guds rettferd og fred. Derfor sit eg ikkje med ei frykt for domedag, heller ein tryggleik om at Gud og det gode sigrar til slutt, og eg bed innstendig «lat riket ditt koma» i Fadervår.
– Trur du at dei som ikkje er kristne, kjem til helvete?
– Helvete finst og er det evige fråværet av Gud. Slik tolkar Den katolske kyrkja helvetet. Kven som endar opp i helvete, kan vi derimot som menneske ikkje seie noko om, for domen fell til Gud og Gud åleine. Himmelen og helvetet talar òg til det val vi alle har i kraft av den frie viljen Gud har gjeve oss. Vi kan velje det gode eller det vonde. Det hadde kanskje vore enklare om vi ikkje hadde fri vilje og automatisk gjorde det riktige, men då hadde vi ikkje vore menneske.
Kjærleik og miskunn
– Gjev du dei pårørande von om å møte sine næraste etter døden dersom du skjønar at dei treng ei slik trøyst?
– Gud er kjenneteikna ved hans kjærleik og hans miskunn. Det er vona og trøysta vår. I tråd med denne vona skal vi møte alle etterlatne med omsut og nærleik. I sommar miste eg far min og fekk sjølv oppleve den type omsut og nærleik frå mange ikring meg. Det sette eg pris på. Samstundes er det ikkje i tråd med den katolske tradisjonen å gje den type lovnad om dei avdøde. I gravferda bed vi for sjelene deira, vi overgjev dei i Guds miskunn.
– Har du alltid trudd på Gud?
– Nei. Det var nokre år rundt ungdomsskulen då eg gjekk bort frå trua som hadde vore viktig for meg som barn. Av den grunn blei eg ikkje konfirmert i Den norske kyrkja. Eg avgjorde at det ville vere feil å bli konfirmert dersom eg ikkje var budd til å stå for den kristne trua og la den åleine vere leiesporet mitt.
– Med all kunnskapen vi har i dag, etter utviklingslæra til Darwin, trur du på at Gud skapte mennesket slik det står i Det gamle testamentet, på seks dagar og frå inkje?
– I opphavet skapte Gud «ex nihilo», altså ut av inkje. Kvifor dette hende, er eit teologisk spørsmål. Gud skapte ut av kjærleik. Korleis dette hende, er ikkje eit teologisk spørsmål og må stillast til naturvitskapen.
– Å vere biskop i Den katolske kyrkja er å vere lojal til Vatikanet, med liten fridom til å tolke trua. Har du problem med det?
– Nei. Eg trur ikkje fordi Fredrik Hansen veit best og har forstått alt. Eg trur heller ikkje at eg åleine kan tolke alle versa i Bibelen. Å tru er å tru i fellesskap og tru i tråd med trua til kyrkja.
– Dei tidlegare biskopane i Den norske kyrkja Gunnar Stålsett og Kari Veiteberg tolka kristentrua også politisk. Kan vi forvente kritikk av norske politikarar frå deg?
– Ein katolsk biskop er ikkje politikar. Faktisk forbyr kyrkja at prestane deltek aktivt i politikken, til dømes ved å stille til val eller ha politiske stillingar. Av den grunn melde eg meg ut av Kristeleg Folkeparti før eg blei vigsla til diakon. Den katolske kyrkja ser deltaking i det politiske livet som eit oppdrag for lekfolket. Ein katolsk biskop, derimot, har eit ansvar for tydeleg og trufast å forkynne og legge ut den kristne trua og den kristne morallæra, deriblant sosiallæra til kyrkja. Derfor vil eg nok til tider uttale meg i politiske spørsmål, men då ikkje på same måte som ein politikar.
– Skal kyrkja meine noko om oljeboring i nord?
– Her blir skiljet eg nett tala om, tydeleg. At ein biskop på den eine sida uttalar seg om menneskets forhold til og ansvar for skaparverket, om nasjonens økonomiske og sosiale utfordringar og moglege løysingar, og om internasjonale spørsmål, er passande. På den andre sida å uttale seg om det geografiske omfanget av boringa i kvadratkilometer, detaljar om kor mange månader og år ein leiteavtale varer, eventuell skattelette for involverte oljeselskap – dette er politiske spørsmål der ein biskop ikkje har ei spesifikk rolle.
– Ekteskapet står fast
– Bør Den katolske kyrkja opne for at likekjønna får vie seg i kyrkja?
– Nei. Ekteskapets natur står fast.
– Men skaper ikkje dette standpunktet mykje sorg for katolsktruande homofile?
– Grunnen til at eg peikar på ekteskapets natur, er at denne diskusjonen må byrje med spørsmålet: «Kva er ekteskapet?» Om ekteskapet er, slik Den katolske kyrkja forkynner, den livslange pakta mellom ein mann og ei kvinne, vigd til deira ve og vel og openheit for barn, så går det grenser her for kva som kan definerast som eit ekteskap. Eg kan sjølvsagt forstå at det er vanskeleg for mange.
– Eg forstår at Bibelen må tolkast. Men kvifor tolkar du akkurat versa om ekteskapet for mann og kvinne så strengt, og ikkje Jesu ord: «For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy»?
– Forståinga vår av trua vår og forholdet vårt til skrifta handlar ikkje om einskildvers. Katolikkar les Bibelen som ein heilskap og forstår Bibelen saman med tradisjonen, overleveringa av trua. Det er vidare slik at ekteskapet også grunnar seg i naturen og kva naturen seier om mann og kvinne og sameininga mellom mann og kvinne, ei sameining som står i ei særskild stilling fordi nettopp denne sameininga kan skape nytt liv.
– Bed du til Gud kvar dag?
– Det gjer eg. Alle dagane mine byrjar med bøn og blir avslutta med bøn. Bøna gjev ein tryggleik og gjer meg rotfesta i det eg er som kristen og som prest, og i den tenesta eg utøver. I tillegg til tidebønene opplever eg stilla framfor krusifikset eller tabernakelet som særs viktig. Det er ei stille tid med Herren. Han er det viktige, ikkje eg.
– Svarar Gud deg når du er fortvilt og treng trøyst?
– Gud svarar på våre bøner på ulike vis, og ofte er desse svara noko annleis og kjem i ei anna form enn vi kunne ønske eller vone. Eg har opplevd veldig konkrete bønesvar i livet mitt, der bøna mi har bore frukter, eller Gud har vist veg. Ingen av desse bønesvara har vore «Damaskus-opplevingar», som då Paulus fekk møte Herren, men eg har ved dei kjent på ein konkret nærleik til Jesus og hans virke.
I Dag og Tid nr. 51–52 2024 kan du lese intervjuet «Eg talar med Gud nesten heile tida» med den komande nye biskopen i Oslo bispedøme, Sunniva Gylver.