Ei anna biskop-rolle
Den katolske kyrkja held seg ikkje med individuell trusforståing.
Den nye biskopen profilerer seg ikkje som medlem av ei fløy i Den katolske kyrkja. Det er sjølvsagt mange ulike retningar i den store katolske kyrkja, med ein milliard medlemmer, fordelte på dei fleste land i verda. Den nye biskopen kjenner nok dette mangfaldet godt, med teneste ved Vatikanet i Italia, som prest i ein norsk kyrkjelyd, dekan ved eit amerikansk teologisk seminar og medarbeidar i Honduras. (Han er framleis berre 45 år.)
I intervju har han lagt vekt på at ein må halde fokus på det som samlar under ulike uttrykk, og han legg vekt på kontinuitet framfor brot i nyare katolsk historie, til dømes i synet på det andre vatikankonsilet.
Tru og teologi
Det som slår meg når eg les intervjuet med Fredrik Hansen, er snarare kontrasten mellom katolsk og protestantisk syn på tru og teologi. Då tenkjer eg ikkje på kva som står i vedkjenningsskriftene, men korleis trua blir plassert mellom individ og kollektiv.
For Skjeldal, som stiller spørsmåla, er innhaldet i trua noko den einskilde presten eller biskopen må ta stilling til. Teologien blir utforma av individuelle aktørar, som kan spørjast om dei trur på det eine eller andre dogmet. Og dei gir svar som kan plasserast etter ulike orienteringar. Gylver plasserte seg relativt konservativt.
For biskop Hansen er dette eit framandt premiss. Trua er definert av kyrkja, ho er eit kollektivt uttrykk. Ho blir formulert i credo, den vedkjenninga som blir sagd fram i gudstenesta (både katolsk og protestantisk), og om den einskilde kan ha vanskar med å forstå eller godta nokre punkt der frå tid til anna, så endrar det ikkje trua. Å tru er å delta i det fellesskapet som vedkjenner trua.
Tydeleg skilje
Dette blir forsterka av det skiljet mellom lekfolk og geistleg stand som er langt tydelegare i katolsk tradisjon. I katolsk teologi er embetet eit sakrament, og den som blir ordinert, tek del i eit mysterium. Dette mysteriet definerer trua, og uttrykket for innhaldet i trua er dermed sakramentalt.
For den geistlege standen er det difor eit slags kategorimistak å spørja om ein trur på det eine eller andre dogmet i kyrkja. Å tru er å slutta seg til det kyrkja trur. Denne trua blir definert i ein samtale mellom skrifta og tradisjonen. Kyrkja har høve til å velja kva slags bibelord som har størst tyngd, noko Hansen demonstrerer i synet på ekteskapet.
For lekfolk, som ikkje er ordinerte, er det derimot ei større opning for frie resonnement. Dei er truande, men dei har ikkje eit sakramentalt embete. Når pave Frans understrekar sterkt at kyrkja er open for alle, inneber det også lekfolk som har ufullstendige eller kontrære synspunkt på det eine eller andre. Men dei blir ikkje biskopar.
Katolsk kyrkjeliv er i det heile langt sterkare prega av ein sterk kyrkjeleg organisasjon enn dei ulike protestantiske samfunna er. I dei siste åra har ein del av dei lågkyrkjelege gruppene forlate Den norske kyrkja og laga sine eigne trussamfunn. Det er organisatorisk enkelt, og ikkje spesielt kontroversielt. Dei er usamde i synet på samliv eller andre spørsmål, og melder seg ut.
Kyrkjeleg einskap
Frå katolsk synsstad er dette langt meir alvorleg. Det er nettopp einskapen i kyrkja, uttrykt institusjonelt gjennom paven, som held det heile saman. Det sakramentale i den kyrkjelege strukturen, bygd på apostolisk suksesjon og det geistlege embetet, definerer grensene for kyrkja. Difor har katolsk teologi vanskar med å anerkjenna sakramenta i andre kyrkjesamfunn.
Den imponerande store kyrkja med ein kontinuitet tilbake til nytestamentleg tid overprøver individuelle synspunkt. Det tyder ikkje at det ikkje finst omfattande teologiske debattar. Dei går sin gang, og etter nokre tiår eller hundreår slår dei inn i måten kyrkja definerer trua på. Men det individuelle spelerommet til dei kyrkjelege aktørane er ikkje som i den norske folkekyrkja, der biskopane ofte er usamde og kritiserer posisjonane til kvarandre.