JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

14053
20240927

Hizbollah

Sjiamuslimsk rørsle i Libanon

Truleg etablert i 1982

Inspirert og finansiert av regimet i Iran

Kjempa i 18 år ein geriljakrig mot den israelske okkupasjonen

Ansvarleg for terroråtak både i Libanon og andre land

Representert i parlamentet i Beirut sidan 1992

Har sendt rakettar mot Israel nesten dagleg sidan oktober i fjor

Den siste veka har Israel trappa opp åtaka på Hizbollah

Det einaste møtet mitt med Hizbollah fann stad våren 2004. Khodor Noureddine, medlem av det politiske rådet til rørsla, tok imot meg i lyse og nyoppussa kontorlokale i den sjia­muslimske bydelen Dahieh sør i Beirut. Berre det dystre andletet til ayatolla Khomeini i glas og ramme på veggen braut med kjensla av å vere i lokala til eit reklamebyrå eller konsulentfirma.

Samtalen med Noureddine var ikkje av det avslappa slaget, og handla mellom anna om terrorisme, borgarkrig, sharialovar, okkupasjon og rakettåtak på Israel. Men mykje av det vi snakka om, såg ut til å vere avslutta eller nesten avslutta kapittel.

Optimisme

I 2004 var det stort sett fredeleg på grensa mellom Libanon og Israel, og optimismen rådde i Beirut. Det var 14 år sidan borgarkrigen tok slutt, og fire år sidan Israel trekte hæren sin ut av Sør-Libanon. Investeringane fløymde inn i landet, heisekranane teikna eit nytt bylandskap.

Beirut var i ferd med å vinne attende posisjonen som Midtaustens Paris, eit attraktivt reisemål for velståande turistar som kom for å leve livet på klubbane og utekafeane. Hizbollah var blitt ein etablert aktør i libanesisk politikk, med ti sete i parlamentet og med evne til å inngå kompromiss og bygge alliansar.

Øydelegging

Drygt to år seinare låg kontorbygget der eg hadde møtt Noureddine, i grus. Det same gjorde mange av kvartala i nærleiken, med mellom anna hovudkvarteret til Hizbollah og TV-stasjonen al-Manar. Den israelske bombinga sommaren 2006 drap kring 1000 sivile, øydela 15.000 heimar, mykje av industrien i Libanon, kraftstasjonar, vassverk og rullebanane på den nye flyplassen i Beirut. Hundretusen vart drivne på flukt. Libanon skal ha blitt påført skadar for kring 40 milliardar kroner.

Krigen i 2006 vart utløyst da Hizbollah-krigarar kryssa grensa, gjekk til åtak på ein israelsk patrulje, drap tre soldatar og tok to til fange. Det israelske svaret var knusande. Den 34 dagar lange krigen som følgde, øydela mykje av infrastrukturen og våpenlagera til rørsla. Likevel rekna Hizbollah utfallet som ein siger, for dei hadde overlevd. Populariteten deira auka både blant sjiaene i Libanon og i mykje av den arabiske verda. No er Israel i gang med eit åtak som kan bli enda meir øydeleggande enn krigen i 2006.

Mangfaldig

Kva er Hizbollah? Spørsmålet har ikkje noko enkelt svar, for dette er ein skapnad med mange andlet. Hizbollah er krigarar og politikarar, fundamentalistar og pragmatikarar, pietistar og (truleg) narkotikasmuglarar, dei driv sjukehus, skular og velferdstenester, og dei har ei rekke terroråtak på rullebladet. Ifølge leiaren Hassan Nasrallah er det ikkje mogleg å skilje mellom den sivile og den militære delen av rørsla: Alt er del av det same strevet.

Hizbollah voks fram i fattige og marginaliserte sjiamuslimske lokalsamfunn i det borgarkrigsherja, kaotiske Libanon på 1980-talet. Namnet tyder «Guds parti», og ei fundamentalistisk tolking av sjiaislam står sentralt. Rørsla er både sterkt inspirert og i stor grad finansiert av presteregimet i Iran, og kampen mot Israel utgjer mykje av eksistensgrunnlaget. Sentrale israelske politikarar har sukka over at deira eiga krigføring var det som skapte rørsla.

«Da vi gjekk inn i Libanon, fanst ikkje Hizbollah.»

Ehud Barak, tidlegare statsminister i Israel

Utilsikta

Ein kan sjå framveksten av Hizbollah som ein svært uheldig biverknad. Da Israel invaderte Libanon i 1982, var målet å ta knekken på PLO. Palestinske krigarar opererte da ganske fritt i Sør-Libanon, og var eit konstant trugsmål for folk nord i Israel. Den israelske innmarsjen møtte i byrjinga lite motstand frå den sjiamuslimske lokalbefolkninga i sør, som var lei av at PLO-krigarane tok seg til rette. Men framferda til okkupantane fekk snart folk til å endre meining.

Den israelske generalen Ehud Barak (statsminister frå 1999 til 2001) sa i 2006 til Newsweek: «Da vi gjekk inn i Libanon, fanst ikkje Hizbollah. Vi vart mottekne med parfymert ris og blomar av sjiaene i sør. Det var nærværet vårt der som skapte Hizbollah.»

Ut av kaos

I kva grad Hizbollah vart ein verkeleg organisasjon alt i 1982, er omdiskutert. Under den libanesiske borgarkrigen, som hadde rasa sidan 1975, florerte det av militsar og mindre, væpna bandar i landet. Sjiamuslimar, sunnimuslimar, kristne, drusarar, palestinarar – alle hadde sine krigarar, meir eller mindre organiserte. Men i løpet av 80-åra vart Hizbollah den leiande rørsla blant sjiamuslimane, som da utgjorde kring ein tredjedel av befolkninga. Sjiaene var den største religiøse gruppa i landet, men også den fattigaste og mest politisk marginaliserte. Med pengar, våpen og tankegods frå Khomeinis Iran – inkludert martyrdyrkinga og dei revolusjonære ambisjonane – vart Hizbollah ei militær og politisk kraft i Libanon.

Siger over Israel

Krigarane deira var i byrjinga lite profesjonelle, men dei vart stadig fleire og betre organiserte, og eit veksande trugsmål mot dei israelske okkupantane i Sør-Libanon. Da den libanesiske borgarkrigen tok slutt i 1990, valde dei andre større militsane å legge ned våpena. Men Hizbollah nekta, og heldt fram kampen mot okkupasjonen i sør.

Da Israel gav opp og trekte seg ut av Libanon i 2000, kunne Hizbollah feire det som sin eigen siger. På dette tidspunktet var rørsla ganske populær og respektert også blant sunnimuslimane og dei kristne i landet. Alt i 1992 hadde Hizbollah valt å stille til val som eit politisk parti, og vart ei kraft å rekne med i parlamentet i Beirut.

Terrorisme

I Vesten har derimot Hizbollah hatt ein heilt annan status. USA, EU og dei fleste arabiske landa har sett rørsla på lista over terroristorganisasjonar. Det er ikkje utan grunn.

Det er uvisst om Hizbollah stod bak sjølvmordsåtaka som drap 241 amerikanske og 58 franske soldatar i Beirut i 1983, ein aksjon som førte til at dei utanlandske fredsstyrkane gav opp og forlét hovudstaden. Men Hizbollah har uomtvisteleg stått bak flykapring, kidnapping, likvidasjonar, politiske attentat og sjølvmordsaksjonar mot sivile mål i Libanon.

Rørsla har òg operert utanlands, og stod etter alt å døme bak terroråtaka mot den israelske ambassaden i Buenos Aires i 1992 og eit jødisk kultursenter i same by i 1994, med til saman 114 dødsoffer. Via den libanesiske diasporaen har Hizbollah eit globalt nettverk, og er mellom anna skulda for å drive med narkotikahandel i Sør-Amerika og diamantsmugling i Afrika.

Den militære greina av Hizbollah blir rekna som den sterkaste ikkje-statlege styrken i verda.

Syria-krigen

Hizbollah har òg operert som ein regulær hær utanlands. Etter at den syriske borgarkrigen braut ut i 2011, reiste fleire tusen krigarar frå Libanon for å støtte opp under regimet til Bashar al-Assad i kampen mot Den frie syriske hæren, Islamsk stat og andre opprørsgrupper. Dette engasjementet svekte oppslutnaden til Hizbollah i den sunnimuslimske verda, der Assad var hata og forakta, og det var upopulært også i Libanon. Men det var viktigare for Hizbollah å berge ein av sine få allierte i verda, ikkje minst for å halde forsyningslinene frå Iran opne.

Da krigen stod og vippa, kan bidraga frå Hizbollah og den iranske revolusjonsgarden ha vore heilt avgjerande. Rørsla mista truleg nærare 2000 mann i Syria, men styrkane deira kom heim til Libanon med omfattande kamperfaring. Når israelarane no gjer eit nytt forsøk på å knuse Hizbollah, møter dei ein langt sterkare motstandar enn den dei ikkje klarte å utslette i 2006.

Rakettarsenal

Den militære greina av Hizbollah blir i dag rekna som den sterkaste ikkje-statlege styrken i verda, og er langt meir slagkraftig enn den libanesiske hæren. Anslaga varierer, men kanskje rår Hizbollah over så mykje som 50.000 soldatar. Dei har lite tungt utstyr og ingen panservogner i Libanon, men desto fleire rakettar.

Også her er talet usikkert, men etter alt å døme er det sekssifra. Til dømes hevdar CIA World Factbook at Hizbollah-arsenalet tel over 150.000 rakettar, og somme av dei har stor nok rekkevidd til å kunne råke mål over heile Israel. Dersom Hizbollah sender mange nok rakettar samstundes, er ikkje eingong det særs avanserte israelske luftforsvaret tilstrekkeleg til å stogge dei alle.

Daglege åtak

Det israelske åtaket på Libanon kjem ikkje nett ut av det blå. Heilt sidan Hamas gjekk til åtak på Israel frå Gaza 7. oktober i fjor, har Hizbollah nesten dagleg sendt rakettar inn over grensa. Kring 60.000 menneske er evakuerte frå heimane sine i det nordlege Israel. Bodskapen frå Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah er at åtaka vil halde fram inntil det blir ei våpenkvile i Gaza. Og det skjer neppe med det første.

Mange politiske parti i Libanon har handsama dei palestinske flyktningane i landet foraktfullt. Men Hizbollah har valt å gjere palestinarane si sak til si eiga – særleg dei i Gaza og på Vestbreidda. I kva grad dette handlar om solidaritet med dei undertrykte, og i kva grad det handlar om at Hizbollah er avhengig av fiendskapen med Israel for å legitimere sin eigen eksistens, er uvisst. Uansett må Libanon no betale dyrt for rakettane Hizbollah har sendt over grensa.

Eskalering

Inntil eskaleringa denne månaden har dei israelske motåtaka mot Libanon vore relativt avgrensa – vel å merke i israelsk målestokk. 26. august melde BBC at 26 sivile israelarar og 23 soldatar var drepne av Hizbollah sidan 8. oktober i fjor. Det verste åtaket tok livet av 12 drusiske barn i landsbyen Majdal Shams i Golan i juli. I same periode skal 560 libanesarar ha blitt drepne av israelske bombeåtak, dei fleste av dei Hizbollah-folk.

Personsøkardrapa på ei rekke Hizbollah-leiarar sist veke vart startskotet for det klart største åtaket på Libanon sidan 2006. Sist måndag skal Israel ha bomba 1600 mål i Libanon, skriv Financial Times – åtte gonger så mange åtak som det daglege gjennomsnittet i 2006-krigen. Over 600 menneske skal vere drepne i Libanon denne veka, ifølge styresmaktene. Kanskje er dette bombardementet berre starten. Onsdag kveld varsla den israelske forsvarssjefen Herzi Halevi om at det kunne kome ein bakkeinvasjon av Libanon.

Dahieh-doktrinen

Om Israel vel å sleppe laus militærmakta si for fullt mot Libanon, kjem følgene til å bli katastrofale. Det ville i så fall vere i tråd med den såkalla Dahieh-doktrinen, som fekk namnet sitt frå krigen i 2006. Da vart store delar av den sjiamuslimske bydelen i Sør-Beirut smadra av bombeåtaka. Det var den israelske generalen Gadi Eizenkot som først brukte omgrepet offentleg.

Dahieh-doktrinen inneber å svare på åtak frå paramilitære grupper med massiv, uproporsjonal maktbruk mot territoriet til fienden. Øydelegging av sivil infrastruktur og store sivile tap er ikkje ein biverknad, men sjølve poenget. Dette skal få sivilbefolkninga til å vende seg mot fiendane til Israel, for å få slutt på øydelegginga. Sigeren skal så å seie vinnast gjennom haldningsendring.

Dette kan verke logisk. Krigen no syner kor farleg det er å ha ein stor militærstyrke gåande laus utanfor statens kontroll. Det libanesiske folket har vore gjennom uhyggelege lidingar i krig etter krig sidan 1975. Hizbollah er òg ein svært omstridd aktør i Libanon, og mykje av befolkninga mislikar intenst alliansane med Iran og Syria.

Uklare mål

Haken med Dahieh-doktrinen er at han ikkje ser ut til å fungere. Rett nok kom det mykje kritikk mot Hizbollah i Libanon etter krigen i 2006. Men dette rokka ikkje ved grunnfjellet i den sjiamuslimske befolkninga, og i mange andre arabiske land vart rørsla sett på som heltar for å ha stått imot Israel. Eit anna døme: Sjølv om Israel har bomba Gazastripa til grus i snart eit år og ifølge styresmaktene der har drepe over 40.000 menneske, er det få teikn til at palestinarane skal vende seg mot Hamas.

Hizbollah er heller ikkje så avhengige av at den libanesiske økonomien fungerer, takk vere sine trufaste allierte i Teheran. «Så lenge Iran har pengar, har vi pengar», skal Hassan Nasrallah ha sagt.

Slitasje

Alt i alt er det ikkje så lett å sjå kva strategiske mål Israel kan nå med ein stor krig mot Hizbollah. Ein ny okkupasjon av Libanon ville koste svært dyrt både i menneskeliv og pengar, og i løpet av dei 18 åra israelarane stod i landet sist, vart Hizbollah berre sterkare. I tillegg har eit knapt år med krig i Gaza ført til slitasje på både folk og utstyr i den israelske hæren. Dette gjer ein storinvasjon av Libanon enda meir krevjande enn han elles ville vore.

Det Israel kan oppnå – og er godt i gang med – er å desimere leiarskapen til Hizbollah og øydelegge ein god del av arsenalet deira. Men krigar blir ikkje vunne på det viset.

Populær krig

Det som står att som ei rimeleg forklaring på eskaleringa, er eit meir kortsiktig, taktisk mål for den israelske regjeringa. Dei stadige rakettåtaka frå nord var ikkje til å leve med, og meiningsmålingar syner at eit fleirtal av israelarane støttar ein krig mot Hizbollah.

Statsminister Netanyahu opplever no det første verkelege løftet på meiningsmålingane sidan Hamas-åtaket 7. oktober i fjor. Og sjølv om Hizbollah har ført Libanon inn i enda ein tragedie med rakettane sine, er det ikkje gjeve at dette kjem til å svekke rørsla på sikt. Den heltestatusen Hizbollah har i store delar av opinionen i Midtausten, kjem ikkje frå sjukehusdrift eller ordskifte i parlamentet. Den kjem frå kampen mot Israel.

Nokon verkeleg vinnar er vanskeleg å sjå for seg i denne krigen. Det einaste vi kan vere ganske sikre på, er at folket i Libanon blir den store taparen. Igjen.

Per Anders Todal
er journalist i Dag og Tid.

Kjelder: Augustus Richard Norton: «Hezbollah: A Short History»

Artiklar frå Financial Times, Haaretz, BBC og Foreign Affairs

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

Samfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.

Foto: Altaf Qadri / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Rune Slagstad

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Per Anders Todal
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis