Utanriks

Ei grensevakt fortel

EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?

Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Publisert Sist oppdatert

Sør–nord-møtet: USA. Del 3

Frå muren mellom Israel og Palestina drog Håvard Rem til muren mellom USA og Mexico.

Eg har sjekka inn på motellet i Eagle Pass og gått til næraste plass å eta. Chili’s Grill & Bar er ein stad for par og store venelag, med småbord og langbord, men òg ein stad for dei som kjem åleine, med ein lang, brei og hesteskoforma bar der både mat og drikke vert servert. Inni hesteskoen arbeider jenter sist i tenåra. Kring sit karar frå tretti til åtti.

Ein ung kar sit nokre meter til høgre for meg, for alt eg veit i politisk forstand òg, framfor ein diger tallerken med nachochips og dippar, og eit glas med gul saft. Brått seier han:

– Vil du ha chips?

Terskelen for å snakka uoppmoda til framande er lægre i Texas enn heime. Amerikanarane er kjende som utovervende og rakt på sak. Står ein i lag med ein framand og ventar på buss eller tog, er det her like unormalt å teia som det er normalt i Noreg. Det gjeld i ein bar òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement