Energi

Ei kjernefysisk vekking over landet

Etter 50 år i dvale har den norske kjernekraftdebatten vakna til liv att.

Slik ser Rolls-Royce for seg at dei små, modulære reaktorane deira kan sjå ut. Norsk Kjernekraft ønskjer å byggje modulære reaktorar i Noreg, men det kan ta ti år eller meir før dei kjem i handelen.
Slik ser Rolls-Royce for seg at dei små, modulære reaktorane deira kan sjå ut. Norsk Kjernekraft ønskjer å byggje modulære reaktorar i Noreg, men det kan ta ti år eller meir før dei kjem i handelen.
Publisert

Inntil ganske nyleg var kjernekraftverk i Noreg heilt uaktuelt. Da den siste norske forsøksreaktoren vart stengd i 2019, såg det til at atomalderen var over for godt her i landet. Men i 2023 har biletet endra seg radikalt. Det går ei kjernefysisk bølgje over Noreg.

I energidebatten har det rett nok lenge vore røyster som hevdar at atomkraft er kuren for kraftmangel og klimakrise. Men no har kjernekraft blitt ei viktig lokalpolitisk sak i mange kommunar. Ordførarar frå Vennesla i sør til Vardø i nord har vist interesse for å få kjernekraftverk til kommunen sin. Nyleg tok Narvik-ordførar Rune Edvardsen (Ap) til orde for å danne ei foreining kalla Norske kjernekraftkommuner, inspirert av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar.

Men her i landet er skilnaden på desse formene for energiproduksjon langt større enn likskapane. Vasskraftverk har eit 140 år lang historie i Noreg og er knytte til lokale naturressursar. Kjernekraftverk i Noreg må byggjast på importert teknologi og brensel og er førebels ikkje meir enn ein luftig visjon. Kva er det som skjer?

Kraftkrisa

Noko av bakgrunnen for kjernekraftentusiasmen er lett å sjå. I fjor nådde straumprisen høgder ingen hadde sett før i Noreg, og både politikarar og industriselskap leitar etter måtar å skaffe meir kraft på. Det er avgrensa kor mykje meir straum vi kan få ut av vassmagasin, elvar og bekker, og den sterke motstanden mot vindkraft gjer det vanskeleg å få reist nye turbinar på land.

Samstundes kjem kraftbehovet berre til å auke: Noreg bør få på plass 40 terawattimar med ny årleg kraftproduksjon innan 2030, var rådet Energikommisjonen til regjeringa kom med sist vinter. Det vil seie ein auke på 25 prosent frå årsproduksjonen i dag. Gasskraftverk i Noreg er uaktuelt på grunn av klimapolitikken, medan kjernekraftverk ikkje slepper ut klimagassar frå drifta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement