Økonomi
Ei klassisk bankkrise
Konkursen til Silicon Valley Bank er eit læreboksdøme på korleis ei bankkrise oppstår. Svaret til amerikanske styresmakter på konkursen er derimot eit lærebokdøme på korleis ein skal skapa nye bankkriser.
Kundar ventar utanfor hovudkontoret til Silicon Valley Bank i Santa Clara i California 13. mars 2023.
Foto: Brittany Hosea-Small / Reuters / NTB
Ein skal ikkje le av ei stor bankkrise, som vi nesten fekk før helga, men bankkonkursen til Silicon Valley Bank (SVB) er om ikkje anna ei av dei mest klassiske og dimed mest pedagogiske bankkrisene sidan mellomkrigstida minst. Alt som kunne gå gale, gjekk gale.
Å driva bank kan ikkje vera så vanskeleg. Ein del av dykk hugsar kanskje Walter Bagehot frå Netflix-serien The Crown. Dronning Elisabeth måtte som ung lesa ei bok av Bagehot om den britiske konstitusjonen og monarkiet, utan å heilt forstå kva som stod der. Som vaksen fekk ho etter kvart undervising i innhaldet av ein noko fordrukken historikar. Men grunnen til at ho skulle lesa boka til Bagehot, The English Constitution, var og er at det er den beste boka i sitt slag.
Flogvit
Bagehot, som levde frå 1826 til 1877, var eit flogvit på andre felt òg. Det han skreiv om sentralbankar, bankkriser og banking, vert rekna for sentrale verk den dag i dag. Dei bøkene slapp Elisabeth å lesa. Bagehot sa, fritt omsett, at å driva bank var så enkelt at ein til og med kunne driva utan eigenkapital: «Det einaste ein treng gjera, er å låna inn kort og låna ut langt.» Så ramsa han opp alt som likevel kunne gå gale, særleg om bankar fekk tilgang til billig kapital frå ein sentralbank som ikkje tok høge nok renter.
«Store lån til høge renter (frå sentralbankane til vanleg bankar) er den beste kuren for dei verste sjukdomane i finanssektorane», skreiv Bagehot om kva som burde skje om det kom eit såkalla bankrun, at mange kundar vil taka ut pengane samstundes.
Den verste sjukdomen i finansnæringa, meinte Bagehot, er sjølvsagt tendensen bankfolk har til å taka for høg risiko for slik å tena ekstra mykje pengar. Dette med høge renter frå sentralbankane som straff for eksessar når vanlege bankar tiggar om kontantar, er som vi veit, noko som har vorte heilt gløymt eller fortrengt dei siste 15 åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.