JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei meir inkluderande russefeiring

Har Foss vidaregåande skule funne oppskrifta på ei ansvarleg russefeiring?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russetoget utanfor Slottet 17. mai 2016.

Foto: Terje Pedersen / NTB

7640
20240322

Samtalen

Elisabeth Ringdal

Rektor ved Foss
vidaregåande skule

Meiner skule, føresette og politikarar må ta felles ansvar for ei trygg russefeiring

pernille@dagogtid.no

Russefeiringa er i vinden igjen, slik ho ofte er på denne tida av året. Den siste veka har debatten dreia seg om eit obskønt motiv på russebussen Pøbben frå Bryne. Kvinnegruppa Ottar melde russen til politiet, men saka vart bortlagd.

Også frå politisk hald er russefeiringa under press. 20. mars skreiv VG om det nye framlegg frå regjeringa for å endre russetida. Ho føreslår å flytte tidspunktet for feiringa til etter eksamen, og at Samferdselsdepartementet får høve til å regulere korleis bussane vert utforma. Reglane for marknadsføring frå kommersielle aktørar som tilbyr komande russ klede, utstyr, arrangementslokale og russekonsept, skal strammast inn. Vert endringane vedtekne, gjeld dei frå 2026.

Dag og Tid tok ein prat om russetida med Elisabeth Ringdal, rektor ved Foss vidaregåande skule i Oslo.

– Foss-russen skil seg ut frå ein del andre skular i landet ved at de ikkje har russebussar. Kvifor det?

– Det handlar om fleire ting. På Foss går det samfunnsmedvitne og engasjerte ungdomar. Dei har teke eit tydeleg standpunkt om å lage russetid på sin eigen måte – ei inkluderande feiring. Elevane på Foss går på skulen for å lære, festing er ikkje hovudmotivasjonen deira. For det andre har skuleleiinga jobba systematisk saman med elevråd og rettleiartenesta for å syte for at gode haldningar vert omsette i praksis.

– Det høyrest jo ideelt ut. Fortel meir.

– Vi har sett at det ikkje alltid er samsvar mellom gode intensjonar og handlingar som fremjar inkludering. Difor har vi hatt merksemd på inkluderande tiltak. Arrangement som russen held, er opne for alle på Vg3, og i nokre tilfelle også for dei andre trinna. Før russetida tek til, arrangerer vi til dømes samlingar på skulen for russen der dei kan dekorere russedressen sin i lag med andre. I tillegg har vi hatt mottiltak mot såkalla «konseptruss» – det at alle som er russ, skal vere del av eit konsept selt av kommersielle aktørar. I staden har vi laga eit armband for Foss-russen. Dermed minner elevane kvarandre på at dei alle tek del i den same fellesskapen.

– Har de ikkje konseptruss på Foss? Det er vel ein del elevar frå Foss som er på buss på andre skular?

– Jo, ein del av Foss-elevane har konsept, men samstundes arbeider russen og skulen saman for å skape eit fellesskap for russen på tvers av klasser og grupper. Nokre av Foss-elevane er på buss med medelevar frå ungdomsskulen, men det er ikkje mange.

«Ved å late russefeiringa skure og gå, har vi servert ungdomen til kyniske, kommersielle aktørar»

Elisabeth Ringdal

– Er det dei vaksne sitt ansvar å styre russetida? Er ikkje feiringa nettopp ein måte ungdomane kan vere frie og utfalde seg på, ein slags opposisjon til dei tronge rammene i skulen?

– Vi er alle forplikta til å kjempe mot utanforskap, rus og ugreie hendingar. Det ansvaret har både skulen, foreldra og samfunnet. Vi kan ikkje ha eit samfunn der vi overlèt ansvaret til ungdomen sjølv. I tillegg har eg lyst til å peike på eit paradoks som elevane våre sjølv framhevar: Jo meir vi snakkar om russetida, jo meir aukar gruppepresset. Trass i tiltak for inkludering og mot gruppepress kan diskusjonen ha ein utilsikta effekt, nemleg at elevane vert meir opptekne av korleis dei kan unngå utanforskap, enn av å fremje inkludering. Logikken synest å vere at om dei går med på salstriksa, er dei i alle fall garanterte å vere «inne». Det syner at vi ikkje berre må vere medvitne om korleis vi snakkar om russetida, men òg om kor mykje merksemd vi skal gje ho.

– Ivar Brandvol har skrive bok om korleis dei kommersielle aktørane opererer i russemarknaden. Kva røynsle har Foss med slike aktørar?

– Ved å late feiringa skure og gå har vi servert ungdomen vår til kyniske, kommersielle aktørar. Frå osloskulane høyrer vi om at elevar heilt ned i ungdomsskulealderen vert kontakta direkte av aktørane på sosiale medium. Meldingane kan vere vinkla slik: «Du vil vel òg ha ein gjeng å feire me? Då må du verte del av eit konsept. No er det på tide å tinge utstyr», og liknande. Varene dei leverer, vert presenterte som ein føresetnad for å ha det kjekt. Det er ei aggressiv marknadsføring eg har lite til overs for. Ungdomane trur dei får hjelp til feiringa, men dei vert utnytta. Frå andre skular får vi også høyre historier om at det vert halde opptaksprøvar for å avgjere kven som skal få lov til å vere med på ein buss eller i ei russegruppe. Tilbod av seksuelle tenester kan vere eit av vurderingskriteria.

– Når det er så mykje negativt knytt til russetida, kan vi ikkje like godt avskaffe ho?

– Eg trur ikkje det er vegen å gå. Det er urealistisk, og eg trur det vil gjere det vanskeleg å støtte ungdomen i arbeidet for ei inkluderande avgangsfeiring. Det er mogleg at russetida vert kjekk for alle, men då treng elevane støtte og rettleiing frå ansvarlege vaksne, og rammer frå styresmaktene.

– Kva med bussane?

– Vel, bussane er berre éin del av problemet. Dei få selskapa som styrer heile marknaden, vil finne andre inngangar for å tene pengar, trur eg. Om russebusselskapa legg ned, vert marknadsdelen berre teken over av til dømes selskap som tilbyr utleige av lokale til sleppfestar, russelåtar og konseptutvikling. Dette er ein stor industri.

– Om forbod er fåfengt, kva skal til for at ungdomane vert godt varetekne?

– Eg trur det viktigaste er målretta haldningsskapande arbeid mot elevane, men òg mot dei føresette. I fjor hadde leiaren i Forbrukarrådet eit flott framlegg for føresette i osloskulen og fortalde korleis dei kan verne ungdomane mot den kyniske marknadsføringa. Til dømes vart dei motiverte til ikkje å skrive under avtalar på vegner av barnet sitt, til dømes for å tinge utstyr, kjøpe buss og så vidare. Samtidig er regulering frå styresmaktene naudsynt. Foreldra og skulane klarer ikkje dette åleine.

– Regjeringa meiner russetida skal forankrast lokalt. Vil reglane ha den ønskte effekten om det vert opp til kvar einskild skule korleis feiringa vert gjennomført?

– Oslo kommune har laga ein eigen handlingsplan for ei inkluderande russefeiring. Rett nok kan det vere stor skilnad på dei ulike skulane, men samarbeidet vi har fått til, syner at rektorane klarer å samarbeide. Vi kjenner på mange av dei same utfordringane, sjølv om vi har lokale skilnader. Når det er sagt: Skal vi få bukt med uvesenet, treng vi sterkare tiltak nasjonalt. Eg støttar difor framlegget frå regjeringa.

– Reglane i opplæringslova om retten til eit trygt skulemiljø og nulltoleranse mot mobbing er ikkje heilt nye. Når skulane veit at russepress påverkar elevane negativt, kvifor har det gått så langt?

– Det har ikkje vore tradisjon for å sjå russetida som ein del av skulen, og dermed har det heller ikkje vore sett som eit trugsmål mot eit inkluderande skulemiljø, sjølv om eg veit at statsforvaltaren har hatt tilsyn med skular basert på einskilde hendingar i russetida. Eg trur «dei vaksne» langsamt har innsett at russefeiringa ikkje er ei privat hending. Tidlegare har dei nok gøymt seg bak ei oppfatning om at russetida ikkje er deira ansvar.

– Eg kan sjølvsagt berre kommentere arbeidet i osloskulen, men eg trur vi er i ferd med å få til noko bra. Eit viktig punkt i handlingsplanen er at russestyret skal vere demokratisk valt av elevane. Tidlegare har nemleg russestyret vorte valt av dei kommersielle aktørane. Vi meiner at elevane og skulane sjølve skal leggje premissane for kva russefeiringa skal vere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis