Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei verdsordning i oppløysing

Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB

4872
20240906
4872
20240906

Den 1. juli tok Russland over formannskapet i Tryggingsrådet i FN. Rådet har dei fire sigersmaktene frå andre verdskrigen som faste medlemmer med vetomakt, og Kina heng ved som den femte vetomakta. Tryggingsrådet har som hovudoppgåve å styra etter paragrafane i FN-pakta. Pakta er sjølve golvet i den internasjonale rettsordenen etter 1945 og det fremste symbolet på siviliseringsarbeidet i internasjonal politikk som voks fram etter at Nazi-Tyskland gjekk under i 1945.

Samstundes som Russland no har formannskapet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot nabolandet Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no.

Putin-regimet

For meg er dette biletet av det det ynkelege Putin-regimet står for: den døyande høggravide kvinna som vert boren ut på båre frå mødresjukehuset i Mariupol etter russisk bombing, og den myrda syklisten ved vegen i landsbyen Butsja, drepen av russiske soldatar, omtrent som SS drap i deira eige land i 1941. Sjølvsagt er dette krigsbrotsverk. No skal denne forbrytarstaten vakta fredsarbeidet.

At russiske diplomatar skal vakta verdsfreden, er like absurd som at USA framstiller seg sjølv som garantist for folkerett og rettferd i dagens verd. Dobbeltmoralen renn av båe to. Russland legg ned veto mot alle freistnader på å fordømma landets blod­udåd, og USA er like einvist imot alle tiltak mot Israels krig i Gaza. Her har vi å gjera med ein brutalitet som går langt ut over alle reglar om proporsjonalitet etter Hamas-udåden den 7. oktober i fjor.

Tomme gestar

Det vi no ser, er at meklingsframstøytane både i Midtausten og i Ukraina er tomme gestar.

Det fremste symbolet på den felles avmakta er dei resultatlause konferansane som har funne stad den siste tida. Tryggingsrådet er like lamma som under den kalde krigen. Og interessant nok, når rådet ein sjeldan gong kan samla seg om eit vedtak, til dømes om USAs framlegg til våpenkvile i Gaza, har ikkje rådet nokon maktmiddel til å setja inn. Rådet er like handlingslamma som ved blokkerte resolusjonar.

Med Viktor Orbán som leiar av formannskapet i EU ser vi ein nygaullistisk tendens i Europa: eit Europa av fedreland.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB

Like eins, når vi ser på dei tre siste toppmøta, gjenreisingskonferansen om Ukraina i Berlin, G7-møtet i Puglia i Italia og fredskonferansen om Ukraina i Sveits, er dette biletet som sit att: handlingslamming.

Dominans

Det var store tema på alle dei tre toppmøta: fred og gjenreising i Ukraina, klima, migrasjon og fattigdom i Afrika og krigen i Midtausten.

Konferansane vart haldne etter eit EU-val der nasjonalistiske straumdrag dominerte. Eit fellestrekk ved dei nasjonalistiske ytterpartia til høgre er at dei vil ha mindre samordning og eit mindre EU – i ei tid då overnasjonal styring har synt seg avgjerande viktig, til dømes i kampen mot covid-19 og for å få til overnasjonale klimatiltak.

Med Viktor Orbán som leiar av formannskapet i EU ser vi ein nygaullistisk tendens i Europa: eit Europa av fedreland, som den franske presidenten sa like før han stengde døra for Storbritannia i 1963.

Når Orbán likevel grip til slagordet «Gjer Europa sterkt att», meiner han eit økonomisk sterkt Europa, eit Europa som er konkurransedyktig i den globaliserte verda, med Kina i førarsetet og med eit meir og meir proteksjonistisk USA. For den ungarske statsministeren er dette Europa-biletet forlikeleg med eit Europa av fedreland, og det er ikkje i motstrid med forståinga hans for Putin-regimet i Kreml.

FNs internasjonale domstol i Haag er svekt. Domstolen kravde at Israel skulle fara meir skånsamt fram i Gaza, for å unngå å gjera seg skuldig i folkemord. Men også der står institusjonen utan maktmiddel å følgja opp med. Israel ser bort frå det heile og kan gjera det så lenge dei har USA med seg.

Eit aukande gap

Nok eit døme på hykleri: USA er eit land som meiner det står for internasjonal rettsorden, men på same tid vil dei ikkje slutta seg til den internasjonale straffedomstolen ICJ. Klimakonferansane gjer viktige vedtak, men også der skjer det utan handfast, konkret oppfølging.

Alt dette er teikn på at noko alvorleg feil er skjedd i det internasjonale systemet – eit aukande gap mellom vilje og evne, eller mellom ideal og makt. Der gapet vert freista dekt av retorikk. Politikken vil verta møtt med ei meir pågåande nynasjonalistisk bølgje som vil ha proteksjonistiske overtonar.

Politikken har fått ein ring av agg, der fiendskap, ikkje samtale i ånda frå FN-charteret driv prosessane. Sivilisasjonsarbeidet etter 1945 framstår som underleg bleikt.

Med Trump i Det kvite huset vil dette verta verre. Og med Le Pen i Elysée-palasset er vi attende til tida før 1914, med skiftande alliansar, som no, og mangel på vilje og evne til å skjøna den komande katastrofen.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis