Politikk

Ein hær av uføretrygda

Noreg nyttar 5,5 prosent av verdiskapinga på fastlandet til helserelaterte ytingar for folk i arbeidsfør alder. Litt av desse pengane kunne gått til Forsvaret.

Før var det slik at nordmenn låg på Europa- og verdstoppen i arbeidsdeltaking. Slik er det ikkje lenger. Nesten éin av fem norske menn og kvinner mellom 16 og 67 står til kvar tid utanfor arbeidsmarknaden på ei eller anna yting.
Før var det slik at nordmenn låg på Europa- og verdstoppen i arbeidsdeltaking. Slik er det ikkje lenger. Nesten éin av fem norske menn og kvinner mellom 16 og 67 står til kvar tid utanfor arbeidsmarknaden på ei eller anna yting.
Publisert Sist oppdatert

For dei av oss som ynskte meir pengar til Forsvaret, var ikkje revidert statsbudsjett eit godt nyhende. Nett som spådd på denne plassen fleire gonger sidan statsbudsjettet for 2023 vart lagt fram, vart kranene no opna. Regjeringa aukar pengebruken med 56 milliardar og stangar i handlingsregeltaket.

Det er heller ikkje til å koma forbi at regjeringa i røynda bryt regelen. For meininga er at når norsk økonomi går for full kapasitet, som han no gjer, skal regjeringa nytta mindre enn 3 prosent av Oljefondet. Det burde også vera mogleg sidan den oppheta økonomien og inflasjonen gjer at skatteinntektene frå andre område enn olje og gass er rekordhøge, og staten samstundes tener tre gonger så mykje på straum som han normalt gjorde før kablane til Tyskland og England kom.

Ingen nye pengar

Og nei, Forsvaret får ikkje nye pengar å tala om i det reviderte statsbudsjettet. Men når regjering og storting har maksimalt høge skatteinntekter og nyttar maksimalt av det dei kan av Oljefondet, kvar skal pengane til Forsvaret då koma frå? Svaret, når alle andre vegar ser ut til å vera stengde, er at fleire menneske må koma i arbeid. Då vert kaka større og norsk økonomi betre.

Vi har mange å taka av, for å seia det slik. Før var det slik at nordmenn låg på Europa- og verdstoppen i arbeidsdeltaking. Slik er det ikkje lenger. På Island var 78,8 prosent av folket mellom 15 og 74 år ein del av arbeidsstyrken i 2021, i Sverige var det same talet 73,8. I Noreg er deltakinga komen ned i 66,5 prosent, seier OECD. Jau, arbeidsdeltakinga har auka etter at vi kom ut av pandemien, no ligg ho på 69,8 prosent, seier Statistisk sentralbyrå (SSB). Men det høyrer med i biletet at vi nordmenn arbeider kortare enn andre. Norsk kvinner har til dømes på eiga hand innført sekstimarsveka.

Innvandring har ein del å seia. Island, som har høgst arbeidsdeltaking, har hatt lite innvandring frå lågproduktive klanssamfunn. Sverige har hatt meir slik innvandring enn Noreg, og likevel ligg dei langt føre oss i arbeidsdeltaking. Ser vi på gruppa 25–64 år, seier OECD 89,1 prosent arbeidsdeltaking i Sverige, 84,2 i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement