JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein krig der alle taper, ein fred ingen vil like

Verken Russland eller Ukraina kan vinne krigen i overskodeleg framtid. Likevel snakkar knapt nokon om våpenkvile.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Volodymyr Zelenskyj på ein pressekonferanse i Kyiv i desember 2023. Den ukrainske presidenten vil ikkje late Russland få endre kartet over Ukraina.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

11243
20240705
11243
20240705

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Stemninga var kjølig da den ungarske statsministeren Viktor Orban besøkte Kyiv denne veka. Det er ikkje så rart: Orban har eit godt forhold til Vladimir Putin, og har ved fleire høve halde att EU-støtte til Ukraina. Det fall heller ikkje i god jord da Orban bad Zelenskyj om å vurdere ei våpenkvile med Russland for å skape rom for fredsforhandlingar. Innspelet skal ha blitt blankt avvist.

Synet i Kyiv har lenge vore at russarane berre vil bruke ei våpenkvile til å samle krefter før neste åtaksbølge. Zelenskyjs plan er å sikre seg breiast mogleg internasjonal støtte for krava sine, som han så vil legge fram for Russland. Krava inkluderer full russisk tilbaketrekking frå alt ukrainsk land, inkludert Krym. Zelenskyj vil òg ha ein internasjonal domstol som skal etterforske russiske krigsbrotsverk.

Små sjansar

Sjansane for å vinne fram på dette viset verkar ikkje gode i dag. Store land som Kina og India støttar ikkje Zelenskyj-planen, og fleire av krava er truleg uakseptable for Moskva. Hausten 2022 sende Zelenskyj dessutan ut eit dekret som slo fast at det var uaktuelt å forhandle med Russland så lenge Vladimir Putin sat med makta. Og han kan bli sitjande lenge.

Putin har på si side sagt at det kan bli våpenkvile om Ukraina gjev opp dei fire provinsane Donetsk, Luhansk, Zaporizjzja og Kherson, som Russland på papiret har annektert – eit krav som er umogleg for Zelenskyj å gå med på. Putin krev òg at Ukraina gjev opp å bli medlem av Nato.

Kort sagt: Det er særs vanskeleg å sjå for seg ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina dei næraste åra. Samtidig finst det gode argument for at forhandlingar er einaste utveg.

Tragedie

Den russiske fullskalainvasjonen i februar 2022 vart byrjinga på ein stor europeisk tragedie. I to og eit halvt år har russarar og ukrainarar døydd i ein krig der vinstane har minka og tapa har auka. Sidan dei vellukka ukrainske offensivane i sør og aust hausten 2022 har frontlinene flytta seg relativt lite, medan tusenvis av menneske har ofra liv eller lemar.

Kor mange veit ingen. Men i august i fjor siterte The New York Times amerikanske etterretningskjelder som meinte at opp til 120.000 russiske soldatar var drepne og opptil 180.000 skadde, medan 70.000 ukrainske soldatar var drepne og opptil 120.000 var skadde. Sidan da har nye titusen blitt drepne og lemlesta i det som har blitt ein utmattingskrig. Og dersom verken Russland eller Ukraina kan vinne, er det ikkje da på tide å forhandle?

Alle taper

I det internasjonale ordskiftet er ein av dei fremste talsmennene for forhandlingar Samuel Charap, forskar ved tenkjetanken Rand i USA og tidlegare rådgjevar for utanriksdepartementet i USA. Charap har Russland som spesialfelt, og har skrive boka Everyone Loses: The Ukraine Crisis and the Ruinous Contest for Post-Soviet Eurasia (2017).

Slik Charap ser det, har krigen i Ukraina berre taparar. I ei rekke essay og debattartiklar i Foreign Affairs, The New York Times og Financial Times dei siste to åra har han argumentert for at ei forhandlingsløysing er den einaste moglege – så langt utan å få særleg gehør.

Høg pris

Kjernen i bodskapen til Charap er enkel: Sidan verken Russland eller Ukraina er sterke nok til å vinne ein full siger, kan denne krigen vare i mange år, med enorme lidingar og øydeleggingar som følge. Sjølv om Ukraina mot alle odds skulle klare å gjenerobre heile territoriet sitt – inkludert Krym, Donetsk og Luhansk – ville det neppe bli fred. Russland kunne framleis halde fram med åtak på Ukraina og gjere umåteleg skade med rakettar, bomber, dronar og artilleri.

Om krigen held fram, blir truleg nye titusen ukrainarar drepne i åra som kjem, og landet må framleis leve i frykt. Økonomien vil vere i ruinar, landet vil vere prisgjeve vestleg bistand, og millionar av ukrainarar vil halde fram med å leve som flyktningar.

Mislukka

På andre sida: Etter år med krig og enorme tap av soldatar og materiell har ikkje Russland fått kontroll med meir enn omtrent 18 prosent av territoriet til Ukraina. Russarane kontrollerer ikkje eingong dei fire ukrainske provinsane som Putin annekterte på papiret hausten 2022.

Russland har fire gonger så stort folketal som Ukraina, ein mykje større hær og ein langt større økonomi. Men så lenge Nato-landa er villige til å støtte Ukraina militært, til dels med meir avansert utstyr enn russarane rår over, kan dei kompensere for at russarane er i overtal.

Det verkar usannsynleg at Russland skal kunne erobre heile Ukraina. Og så lenge russarane okkuperer ukrainsk land og det ikkje kjem nokon fredsavtale, vil okkupantmakta konstant vere i fare for åtak.

Kostbart

Denne krigen kostar dessutan Russland dyrt også økonomisk. Rett nok har dei vestlege sanksjonane vist seg heilt utilstrekkelege til å tvinge Putin i kne. Russisk økonomi har klart seg langt betre enn dei fleste venta, mykje takk vere handelen med Kina.

Like fullt svir krigen for både russisk næringsliv og russarar flest. Ikkje minst er det dyrt å drive ein krigsøkonomi: Truleg går kring 40 prosent av det russiske statsbudsjettet til militære føremål, ifølge Reuters. Regimet i Kreml blir også stadig meir avhengig av Kina, noko som neppe er ein draumesituasjon for Putin. Også Russland har openbert gode grunnar til å ønske ein slutt denne krigen, som slett ikkje gjekk som planlagt.

Våpenkvile

Men kva skal til for å få fred? Sidan krava til Ukraina og Russland slett ikkje lèt seg sameine, og sidan ingen av partane klarer å tvinge viljen sin gjennom, er det ikkje sannsynleg med ein framforhandla avtale om kor grensene skal gå, meiner Charap. Han trur det beste ein kan håpe på, er ei varig våpenkvile utan ein verkeleg fredsavtale, og viser til forholdet mellom Nord- og Sør-Korea som døme.

Korea-krigen vart avslutta med ei våpenkvile utan fredsavtale i 1953. Formelt sett er dei to koreanske statane difor framleis i krig, og båe landa gjer krav på heile den koreanske halvøya. Likevel har våpenkvila i hovudsak blitt halden i 71 år.

Om det skulle bli ei varig våpenkvile langs dagens frontliner, vil det vere svært smertefullt for ukrainarane. Store landområde og fleire hundretusen menneske ville bli verande under russisk okkupasjon i overskodeleg framtid. Ein slik fred ville neppe innebere verken krigsskadeerstatning frå Russland eller rettsforfølging av krigsbrotsverk. Alt dette strir mot rettferdskjensla til dei fleste.

Det vil òg vere eit stort politisk nederlag for president Zelenskyj, som har lova å ta attende alt det tapte landet. Men eit slikt utilfredsstillande utfall er den mest trulege avslutninga på denne krigen, hevdar Charap.

Mistillit

Truleg er det framleis langt att til ei våpenkvile. Frå ukrainsk side er det eit argument mot å forhandle at det er umogleg på stole på Putin, og dei har mange bitre erfaringar å vise til.

Som nemnt meiner Kyiv at russarane berre vil bruke ei våpenkvile til å samle styrke til ein ny offensiv. På andre sida er det truleg ein djup mistillit mot Nato og den ukrainske regjeringa i Kreml. «Moskva ser dei siste 30 åra som ein serie med brotne løfte frå Vesten», skreiv Charap i mars i år.

Men mistillit er heilt normalt i krig, påpeikar han: Ein krigførande part stoler sjølvsagt ikkje på dødsfienden sin. Og djup mistillit har vore utgangspunktet for alle fredsforhandlingar som har fått slutt på krigar før.

Lite innsats

Samuel Charap peikar òg på eit anna problem: Dei vestlege støttespelarane til Ukraina har gjort lite for å få i gang fredssamtalar. Ei forklaring på dette er at det er ukrainarane som risikerer livet ved fronten, difor må Ukraina avgjere når tida er inne for å forhandle. Like fullt kunne vestlege land gjort meir for å få i gang samtalar som kan føre fram til ei våpenkvile, meiner Charap.

I ein artikkel i Foreign Affairs i juni fjor peika han på at USA hadde sett av ein stab på 300 personar, leidd av ein trestjerners general, for å koordinere militærhjelpa til Ukraina. Til samanlikning jobba ingen i det amerikanske regjeringsapparatet på heiltid med å legge til rette for fredssamtalar.

Dette er paradoksalt, for både president Biden og ei rekke talspersonar for regjeringa i USA har slege fast at Ukraina-krigen må avsluttast gjennom forhandlingar. Men lite har blitt gjort for å få dei i gang. Og det er på høg tid, meiner Charap, for det finst neppe snarvegar til fred: Før våpenkvila vart inngått i Korea i 1953, vart det halde 575 forhandlingsmøte gjennom to år med krig.

Hitler

Truleg heng noko av motviljen mot å forhandle med Russland saman med synet på Putin-regimet i fleire europeiske land. Somme ser på Putin som ein ekstremt ekspansiv diktator som på sikt trugar heile Europa, og meiner dialog er nyttelaust. Å snakke med Putin er som å snakke med Hitler under andre verdskrigen, hevda den polske presidenten Andrzej Duda i 2022, og refsa statsleiarane i Tyskland og Frankrike for å ha kontakt med Kreml. I sommar likna også president Zelenskyj Putin med Hitler, og åtvara verda skarpt: «Han kjem ikkje til å stogge.»

Men samanlikninga haltar. Knapt nokon rasjonelle menneske hevdar at Nato bør gå til full krig mot Russland, erobre Moskva og velte regimet, slik Hitler-regimet vart velta i 1945. I tillegg kjem ikkje trusselen frå Russland berre an på intensjonar, men òg på kapasitet, påpeikar Samuel Charap. Om vi held atomvåpena utanfor, er det grenser for kor mykje russarane kan utrette militært. Den russiske hæren har ikkje eingong klart å ta dei ukrainske provinsane som Putin hevdar er russiske. Å atterreise Sovjetunionen eller erobre Nato-land er ikkje særleg realistiske mål for Russland i dag.

Rusta for fred

Så langt har Ukraina-debatten i vestlege land i hovudsak handla om kor mykje og kva slag hjelp vi skal gje Ukraina. Og dei som har talt for fredsforhandlingar, ikkje minst delar av den såkalla fredsrørsla, er ofte dei same som ønskjer å redusere eller stogge militærbistanden.

Men at målet på sikt er ei våpenkvile, er ikkje noko argument for at Vesten skal kutte ned på den militære støtta til Ukraina, understrekar Charap. Han meiner at Nato-landa heller bør trappe opp hjelpa medan dei byrjar å utarbeide eit grunnlag for fredssamtalar. Dersom Ukraina gjer det godt på slagmarka, aukar det sjansane for at Putin vil vere villig til å inngå nokre kompromiss.

Trump er joker

Nett no er det liten grunn til optimisme i den leia. Vegen til våpenkvile er kanskje lenger enn nokon gong sidan februar 2022, og ein grunn til det finn vi i Washington. Så lenge Donald Trump er favoritt til å bli president i USA att, har ikkje Putin særlege insentiv til å kompromisse på noko som helst. Skulle Trump få makta igjen, vil truleg våpenhjelpa til Ukraina minke dramatisk, og russarane kan rykke fram.

Donald Trump har på si side lova at han skal få slutt på Ukraina-krigen i løpet av ein dag om han blir president att. Denne veka vart han imøtegått av Vassilij Nebenzia, FN-ambassadøren til Russland: «Ukraina-krisa kan ikkje bli løyst på ein dag», slo han fast.

Nett der har nok russarane rett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om det skulle bli ei varig våpenkvile langs dagens frontliner, vil det vere svært smertefullt for ukrainarane.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis