Kommentar
Ein nasjonal konservativ
Kåre Willoch (1928–2021) var ein aktiv samfunnsdebattant også etter at han vart pensjonist. Her på 90-årsdagen i Høyres Hus i Oslo.
Foto: Heiko Junge / NTB
Kåre Willoch vart 93 år. Han var eit elskverdig menneske. Willoch stod for ein open, liberal nasjonalisme med vekt på sjølvstendig tenking. Her er vi ved ein kjerne i mannen. Det syntest på så mange vis. Kåre Willoch eignar seg godt for å få fram det særskilde ved den norske konservative tradisjonen.
Ta livssynet. Få av nekrologskrivarane har nemnt at Kåre Willoch kom frå ei fritenkjarslekt. Han var livssynshumanist, men gjorde ikkje så mykje av det. Det fekk mellom anna til fylgje at han aldri sette automatisk likskapsteikn mellom norsk nasjonal identitet og kristendomen.
Som tradisjonsmedveten konservativ var det tvillaust for han at kristendomen høyrde med i det norske sjølvmedvitet og skulle forsvarast. Men å ha kristendomen som personleg livssyn var ei privatsak. Her er Kåre Willoch som agnostikar ein sjeldan blome blant Europas konservative leiarar.
På ei rekkje andre felt synte Willochs nasjonale identitet seg. Han meinte at kapitalismen hadde eit legitimitetsproblem. Marknadsøkonomien trong brei folkeleg stønad for å kunna tena føremålet sitt. Han var difor ein skarp kritikar av dei vulgære utslaga av neoliberale eksessar. Det er utenkjeleg å førestilla seg Willoch i børstraktor på veg til spekulasjonstreff.
Dette er dei libertarianske tradisjonane med rot hjå Friedrich Hayek og Milton Friedman. Dei stod Willoch framand for. Ulikskap og pralande forbruk (Thorstein Veblen) ville nett svekkja legitimiteten for marknadsøkonomien.
I tråd med denne tradisjonen skreiv Willoch i Minerva i 2006 at det er «urimelig at rikdommen flyter i strie strømmer til grupper som ikke gjør noen påviselig større samfunnsinnsats enn andre, som aksjemeglere, forretningsadvokater og spekulanter på børsen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.