Energi

Ein risikoviljug stat

Den norske staten har teke mykje større risiko enn andre olje- og gasstatar. Det får vi særs godt betalt for.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen klypper snora 27. januar 2022 og kunngjer at Martin Linge-feltet er offisielt opna. Det vert truleg nedbetalt før året er omme.
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen klypper snora 27. januar 2022 og kunngjer at Martin Linge-feltet er offisielt opna. Det vert truleg nedbetalt før året er omme.
Publisert Sist oppdatert

Nei, Kåre Willoch sa visstnok ikkje at «alt lykkes for denne regjering». Men om han hadde sagt det, burde han ha uttrykt seg litt annleis. Han burde ha sagt at «alt lukkast for alle norske regjeringar». Det kjennest sjølvsagt ikkje slik når straumkrisa herjar og millionar av nordmenn vert smitta av covid-19, men dagens regjering har om mogleg endå meir flaks enn andre norske regjeringar: Pengane frå oljenæringa fløymer inn i statskassa som aldri før. Det reiser kan henda nokre moralske dilemma. Kor mykje skal vi tena på nauda og mistaka til andre?

Det er vel stort sett berre sunnmøringar og dei som er særskilt interesserte i andre verdskrigen, som i dag veit kven Martin Linge var. Han var ein skodespelar frå Valldal på Sunnmøre, han var leiar for det vellukka Lofoten-raidet i april 1941, og han vart skoten og drepen i Måløy-raidet romjola 1941. Han vart tildelt Distinguished Service Cross av britane etter at han døydde. Martin Linge var ein helt.

Overskridingar

Om du derimot seier «Martin Linge» til nokon i oljenæringa eller til personar som er interesserte i den same næringa, kjem dei truleg til å skaka på hovudet og seia at Martin Linge er eit av dei store skandaleprosjekta i norsk oljehistorie. Martin Linge er også eit døme på kor feil utlendingar har teke om norsk sokkel, og kor stor risiko både Equinor og den norske staten har vore viljug til å taka på seg.

Feltet Martin Linge, som inneheld store mengder gass, vart oppdaga alt i 1978, men franske Total, som hadde dei største rettane og operatøransvaret, søkte om utbygging fyrst i 2012. Dei fekk ja. Feltet skulle få ei tradisjonell olje- og gassplattform, og oppdraget gjekk til eit sørkoreansk verft. Ein skulle tru at oljeselskapa hadde lært av tidlegare skandalar. Det går altfor ofte gale i Sør-Korea når dei får i oppdrag å byggja for norsk sokkel.

Denne gongen gjekk det verkeleg gale. Mellom anna velta plattforma under bygging og skadde ei mengd arbeidarar. Feltet skulle koma i drift i fjerde kvartal 2016 og kosta 31 milliardar 2020-kroner. Feltet vart ikkje opna, og kostnadene hadde kome heilt ut av kontroll.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement