Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
I klimadebatten handlar det meste i botn og grunn om straum. Kraftproduksjon er den klart største kjelda til klimagassutslepp globalt, nesten dobbelt så stor som transport på andreplass. Om ikkje utsleppa frå kraftsektoren går ned – raskt og mykje – er det berre å gløyme togradarsmålet.
Men går det eigentleg rette vegen? Både dei mest optimistiske og dei mest svartsynte ser utviklingstrekk som stadfestar synet deira for tida. Optimistane kan vise til ein sterk vekst i grøn energiproduksjon. I fjor vart det igjen sett ny rekord i utbygging av fornybar kraft, med over 500 gigawatt i ny kapasitet, syner tal frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Det er heile 50 prosent opp frå 2022. Særleg aukar solkraft raskt: Tre fjerdedelar av den nye fornybare krafta i verda i 2023 kom frå solenergi. Ny solkraft og landbasert vindkraft i dag er billegare enn ny fossil kraftproduksjon i dei fleste land, ifølgje IEA-rapporten Electricity 2024. Så langt optimismen.
Kolsvart
Men pessimistane har ei vel så sterk sak. Trass i den store utbygginga av særleg sol- og vindkraft dei siste åra har ikkje utsleppa frå fossil energiproduksjon minka globalt. Det skjedde heller ikkje i fjor. Grunnen er enkel: Straumforbruket har vakse meir enn produksjonen av fornybar kraft. I 2023 auka det globale straumforbruket med 2,2 prosent. Difor har også produksjonen av kol- og gasskraft auka – og dermed aukar klimagassutsleppa. I fjor auka kolkraftkapasiteten i verda med 2 prosent, nesten 50 GW, ifølgje tal frå Global Energy Monitor. Den nye kolkraftkapasiteten var meir enn tre gonger så stor som kapasiteten til kolkraftverka som vart lagde ned i 2023. Nettoveksten til kolkrafta var nesten like stor som veksten i alle typar fornybar kraftproduksjon i fjor, og to tredelar av den nye kolkrafta kom i Kina.
Dermed vart det også i 2023 ny rekord i energirelaterte CO2-utslepp, syner oppsummeringa til IEA. 37 milliardar nye tonn CO2 gjekk ut i atmosfæren. IEA reknar med at det globale straumforbruket vil auke enda meir i åra som kjem. Dei neste tre åra er prognosen 3,4 prosent årleg forbruksvekst, og ein stor del av dette kjem etter alt å døme til å bli dekt av kolkraft.
Fråkopling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.